KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til den tredje månaden i året. Det er både seinvinter og gryande vår. Me har 31 marsdagar framfor oss og i dag tek me fatt i vissa om at det vil kome både dagar og netter med meir av både ljos og varme.

IMG_4693

Eit sitat eg vil dele
I dag har eg sett saman ei rekkje sitat frå Stortingsrepresentant Silje Hjemdal frå Frp og Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja frå Venstre. Alt er saksa frå ein artikkel på nrk.no 24. februar i år. Eg let Hjemdal starte:

– Det må være lov som politiker å rett og slett stille spørsmål om dette er forsvarlig bruk av skattebetaleres penger.

– Kunstens formål er å engasjere oss, berøre oss, provosere oss. Hvis vi går inn og dømmer kunsten så vil vi begrense ytringsfriheten.

– Det er ikke kunsten i seg selv som provoserer mest. Jeg tror det er nettopp det at skattebetalerne finansierer det.

– Men hele poenget er jo at kunsten skal være fri. Det er ikke vi som skal hverken dømme eller bedømme kunst. Vi skal gi midler. Så er det kunstfaglige råd som ligger til grunn for hvem som skal få støtte eller ikke.

– Kunsten skal få være så fri som den bare vil, men det er noe med hva man skal bruke skattebetalernes penger på.

– I et fritt demokrati må det ikke være opp til politikere å bestemme hvem som skal få offentlig støtte.

– Kanskje en folkejury ville hatt større legitimitet blant folk flest.

IMG_4690

Hjemdal fekk det siste ordet og, men eg reknar med at dei som les dette har forstått kven eg støttar. For å seie det i klartekst: Me må stå imot ein kvar praksis som opnar for at politikarar skal kunne instruere kunstnarar. Det handlar om noko så grunnleggjande som fridomen til å ytre seg og dermed og om å ikkje innskrenke den kunstnarlege fridomen. Støtteordningar til kunstnarar og kunstprosjekt er ein viktig del av dette.

Eg trur korkje Munch eller Ibsen hadde fått støtte frå ein folkejury dersom det hadde vorte sett ned ein slik ein seint på 1800-talet/byrjinga av 1900-talet. Til det var dei begge i altfor stor opposisjon til si eiga samtid.

IMG_4689
Munch skildra Madonna naken og sensuell og med eit lite foster i det eine hjørnet. Heilt sikkert provoserande for «folk flest».

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Innimellom har me vitjing av eit eller fleire familiemedlem frå Tyskland. Sidan eg er eineborn, vart eg aldri tante. Men eg har fire tanteungar i Tyskland. I dag reiste ein av desse ungane, ein triveleg 34 år gammal elektroteknikar og kjærasten hans heim. Opplevingane denne veka har vore å vise fram slikt som gjestane våre har hatt lyst til å oppleve. Dei har vore her før, så me let dei velje.

Fredag var me på langtur. Hadeland Glassverk og fjellbygdene i Hallingdal stod på programmet.

Hadeland Glassverk er så mykje meir enn ein stad for å kjøpe seg glas. Her er det alltid mogeleg å møte på ei oppleving eller to.

IMG_4720
Då me var der, laga dei prøver på ein ny serie glas. Glasblåsarane hadde kun ei blyantteikning å gå ut ifrå. 
IMG_4721
Utstellinga av lys og lamper er berre fantastisk.

Eg er alltid glad for å kunne vise fram bygda mi. Fredag var me heldige.  Det var «Kaiserwetter».

IMG_4724
Sundre
IMG_4727
Leveld
IMG_4729
Bergsjø

 

Dette har eg tenkt på denne veka
Me er heldige. Me har vunne fyrstepremien i eit verdslotteri. Me har hatt flaks. Me bur i Noreg.

Eg går ikkje rundt og tenkjer på dette heile tida, men av og til kjenner eg på ei blanding av takksemd og dårleg samvit. Kvifor skulle akkurat eg vere ei av dei aller heldigaste? Då er det godt å kunne vere ein liten del av ein større samanheng som gjer det mogeleg å hjelpe til ørlite grann i alle fall.

I dag tenkjer er på 17 år gamle Emil Ostrokov frå Kviterussland. Han hadde livet framfor seg. Han elska å lese og gledde seg til snart å byrje å studere økonomi. Etter skuletid jobba han som bod for eit firma som selde tobakk. Det var i alle fall det dei hadde sagt til Emil.

IMG_4654
Emil Ostrokov

Plutseleg ein aprildag i 2018 vart Emil arrestert og skulda for «ulovleg og organisert narkotikahandel». Under rettsaka vart det ikkje lagt fram noko prov og firmaet Emil jobba for vart aldri granska. Kviterussland har nulltoleranse for narkotikalovbrot og den kriminelle lågalderen er 14 år. Emil vart dømt til åtte års fengsel og sendt til ein fangeleir med harde soningsforhold.

Emil har blitt mishandla av politiet, har måtta jobba harde arbeidsdagar i ein fangeleir, har frostskadar i hendene og blir nekta å bruke astmamedisinen sin.

Min vesle innsats for å vere med og hjelpe Emil, tok meg svært kort tid og kosta ikkje meir enn medlemsavgifta i Amnesty International. Når eg får e-post frå Amnesty, les eg den informasjonen eg får tilsendt og kan deretter vurdere om eg vil signere eit opprop for å hjelpe. Det er alt.

IMG_4692

Du som les dette, har sikkert dine måtar å vere til hjelp for dei som treng støtte. Dette var ein av mine måtar. Eg skriv dette berre som ei lita påminning om at det er mange rundt om som treng oss, –  treng at me bryr oss. Eg for min del treng at nokon med jamne mellomrom vekkjer meg ut av dvalen min. Utan slike faste påminningar som det eg har «bestilt» frå Amnesty,  ville eg kunne ha gått i månader utan å hugse på å hjelpe andre enn dei som er mine aller næraste. I dag tenkte eg på at det kanskje kan hende at det er fleire som er som meg.

***

Før eg no slepp laus det eg har skrive, ut i «vårdagen», – her er ein liten våridé: Gå ut og leit etter litt blåbærlyng, ta med deg nokre kvastar inn og set dei i vatn. Det tek litt tid, men det er verdt å vente på. Knoppane vil breste.

IMG_4657
Blåbærlyng

Men det er snø, seier du kanskje.

IMG_2192
Her er eg ute og plukker blåbærlyng frå under snøen. Eg trur det var i forfjor.

Det er vår i lufta!

God sundag!

Helsing frå Karen-Margrethe

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: