SPRÅK OG KJØNN, HAN – HO – HEN OG TAKKSEMD TIL KVINNENE I LIVET MITT

Kjære folk!

God laurdag!
Frå gammalt av vart 7. mars kalla Kråkedagen. Dersom kråka flaksa svært mykje med vengjene denne dagen, vart bonden glad. Då skulle det nemleg bli mykje poteter og grønsaker til hausten.
For meg er det viktigaste med 7. mars at det er dagen før den åttande. Det vil nok denne bloggen bere preg av og.
Men fyrst to bilete av morgonljoset slik det var tidlegare denne veka. I dag var det ikkje mykje til ljos å ta bilete av.

IMG_4771
Dette er tatt frå verandaen vår, –

IMG_4772
og dette er tatt gjennom glaset i vinterhagen eit kvarters tid etter.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg tenkte at i og med at det er den datoen det er i morgon, så er det kanskje greitt å dra fram att litt gammal språkpolitikk. For dette er absolutt ikkje noko nyhende, sjølv om det etter mi meining burde ha vore mykje større fokus på det enn det det er. Eg trur eg har prata om slikt som dette sidan byrjinga på 1980-talet. Då tok eg vidareutdanning i norsk og samfunnsfag og vart presentert for samanhengen mellom språk og makt.

IMG_4741

No, snart 40 år etter, ser me at me på eit vis har «hermetisert» språket medan samfunnsutviklinga har gått vidare. Dei fleste er samde om at språket har ein lei tendens til å henge etter endringane i samfunnet. Eg lurar på om det er slik at den måten me nyttar språket på fortel ein del om kva slags syn me har på kvinne-/mannsrolla og på ulike samfunnsspørsmål?

Har du ein arbeidsplass der det er klistra opp ein plakat på kjøkkenet der det står «Mor di jobbar ikkje her»?

IMG_4745

Kvifor eksisterer det ikkje svigerfarvitsar?

Er det greitt å seie at einkvan har «ballar» dersom dei er motige? Ville det hatt same meininga dersom me nytta ein del av det kvinnelege kjønnsorganet?

Eksisterer det framleis «prestefruer»? Kva skal me i så fall kalle mannen til presten?

Eg kjenner menn som pratar mykje meir enn meg. Kva skal me kalle desse karane sidan det ikkje finnes ein mannleg variant i språket vårt til «skravlekjerring»?

Er det nokon som synes det er rart når eg kvinnar meg opp og ynskjer at eg har eggestokkar nok til å ta fatt på ei litt vanskeleg oppgåve?

Eg berre spør …

Eit ord å snu og vende på
I dag er ordet mitt hen.
Det var ei søt lita jente.
Du verda, det var ein liten tøffing.
Ein kraftkar det der, ja.

Rosa og/eller blått, bilar og/eller dokker – Kva gjer desse forventningane med oss? Kor viktig er denne kjønnsidentiteten? For dei aller fleste av oss er dette sikkert ikkje noko me brukar særleg mykje tankekraft på i kvardagen, men kva dersom forventningane ikkje stemmer overeins med dei realitetane som finnes inne i hovudet?

IMG_4743
Eg kjenner jenter som aldri var spesielt interesserte i å leike med dokker og eg kjenner gutar som heller ville leike med dokke enn med bilar.  Men dei er unntaka.

For 47 år sidan vedtok Noreg å fjerne den lovparagrafen som gjorde det ulovleg for menn å ha sex med kvarandre. Det gjorde at mange menneske kunne stå fram med denne delen av identiteten sin utan fare for å bli straffeforfølgt i alle fall.
Lover er med på å regulere liva våre. Lover er og med på å påverke haldningane våre, – både til oss sjølv og til andre.

I det siste har det skjedd store samfunnsendringar som har gjort at dei fleste skeive kan leve gode liv i Noreg. Juridisk sett er Noreg eit svært så likestilt samfunn, men likevel kan det medføre personlege utfordringar å leve opent med legninga si.

Identitet blir forma blant anna av dei rolleforventningane me møter frå dei omgivnadene me veks opp i. Det er mange som ikkje kjenner seg heime innanfor dei tradisjonelle rollene dei blir tildelt berre ut frå om dei har utovertiss eller ikkje, og då er det klart at det kan vere vanskeleg å finne sin eigen personlege identitet. Eg trur at det kan vere bra at så mange som mogeleg tenkjer over dette. Dei som ynskjer å vite meir, kan for eksempel gå inn på sexogsamfunn.no.

IMG_4048

Eg slapp å tenkje så mykje over slikt i min ungdom, og dette var heller aldri eit tema. Eg såg ut som ei jente og passa inn i den rolla som låg klar og venta på meg. No veit eg at temaet var like aktuelt å snakke om den gongen som no, og mange leid under fordommar, manglande forståing og lovparagrafar som var til for å snevre inn viktige delar av livet.

Me veit at det ligg mykje makt i språkbruk og at orda våre er viktige når me skal forklare oss sjølv for andre. Nokre personar definerer seg ikkje som kvinne og heller ikkje som mann. Dei ynskjer likevel å kunne definere seg som noko anna. I enkelte land, for eksempel Nepal, India, Australia og Sverige er har dei løyst dette ved at det er innført ein tredje kategori. Pronomenet hen vart tatt inn i Svenska Akademiens ordlista i 2015 og i Det Norske Akademis ordbok i 2017. Hen er meint å vere kjønnsnøytralt eller kjønnsmangfaldig, og vere eit tillegg til han og hun.

IMG_4737
Den einaste tydinga av ordet «hen» i Norsk Etymologisk Ordbok, var dette.

Språkrådet meiner det er for tidleg å ta ordet inn i dei norske rettskrivingsordbøkene. Eit nytt pronomen bør vere skikkeleg innarbeidd fyrst, meiner dei der. Dei einaste gongene eg har støytt på hen i det norske språket, er når det er brukt av einskilde akademikarar som ikkje ynskjer å sette kjønnsmerkelapp på den dei refererer til.

Språk engasjerer, og eit lite ord som hen kan skape heftig debatt. Om dette reknar eg med at det er mange som meiner mykje.

Ei lita kjensle
Denne laurdagen kjenner eg på takksemd og sender varme tankar til kvinnene i livet mitt.

Eg vil takke
og takke
meir,
takke varsamt
alle dei som gjekk
framfor

Eg vil takke
og takke
om att,
takke høgt
alle dei som gjekk
ved sida

Eg vil takke
og takke
kvar dag
for alt håpet som er samla
til alle dei som kjem
etter

IMG_4742

***

Eg ynskjer oss alle ein god laurdag.
Eg skal ete laurdagsfrukost, lese laurdagsaviser, ta meg av nokre laurdagskaker og ha laurdagsgjester før det vert laurdagskveld.

Eg håpar me treffast her på bloggen min i morgon og.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: