Kjære folk!
God morgon!
I Noreg er likestilling ein sentral samfunnsverdi som me er stolte av og talar fint om når me skal vise fram det aller beste ved landet vårt. Men det er ingenting som kjem av seg sjølv, – heller ikkje likestilling.
Eit sitat eg vil dele
I dag vil eg ikkje konsentrere meg om eitt sitat som eg har høyrt eller lese. I dag vil eg bringe vidare fleire, – forhåpentlegvis til glede for deg som les.
«Det endelige beviset på likestilling er når en kvinnelig bløffmaker kommer like langt som en mannlig bløffmaker.» Erna Solberg
«Veien til likestilling går gjennom selvstendig inntekt.» Inga Marte Thorkildsen
«Det dummaste ein kan gjere er å tru at kvinnesaka er kjempa ein gong for alle». Herborg Kråkevik
«Vi holder sammen, – vi kvindfolk her i verden.» Karen Blixen
Idéen om ein internasjonal kvinnedag vart lansert allereie på byrjinga av 1900-talet i samband med kampen for at kvinner skulle få stemmerett.
Ja vel, er det nokon som seier, då hadde dei i alle fall noko å kjempe for.
Det har hendt mykje på 100 år og mykje er forandra, men me treng fortsatt kvinnedagen. I samband med det internasjonale kvinneåret i 1975, vart den internasjonale kvinnedagen etablert av FN. I 2011 styrka FN arbeidet sitt for kvinner og oppretta UN Women.

I år er FN sitt tema for kvinnedagen «I am Generation Equality: Realizing Women`s Rights». Som ein del av denne kampanjen markerer FN blant anna 5 års-jubiléet til berekraftmåla. Både styresmakter og sivilsamfunn blir oppfordra til å mobilisere dersom berekraftmål nr 5 «oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling» skal bli nådd innan 2030.
Kampanjane krev blant anna lik løn, å stoppe all vald mot kvinner og lik deltaking i politikk og avgjerdsprosessar.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
I dag vil eg fortelje om eit kvinnefellesskap, – det er mitt og heiter «frøkenklubben». Det er ikkje ein klubb for einslege jomfruer, men for seks glade og erfarne skulefolk.
For 45 år sidan vart me uteksaminerte saman frå Oslo offentlege lærarskule. Med godkjentstempelet på plass i panna og fulle av pedagogisk iver og gode idéar, tok me fatt på kvar vår karriere. Alle vart kalla «frøken» i byrjinga og ingen forlét skuleverket før helsa og/eller alderen rådde oss til å gjere det.

Oss imellom er det svært lite spabehandling og duftlys og heller ikkje prat om kroppspleieprodukt og kulørt vekepresse. Ingen av oss syrgjer for rytmisk klirring av strikkepinnar og motepresset er heller lågt.
Dette er seks modne kvinner som alle har vore ute fleire vinternetter og som kvar på sin veg har krabba seg opp meir enn ein motbakke.
Sjølv om me alle ber på kvart vårt bankande lærarhjarte, har dei pedagogiske debattane stilna. Ingen av oss treng å lufte dilemma me har møtt i skulekvardagen. Heller ikkje er klasseromsleiing og konfliktløysing ord som ofte finn vegen over restaurantbordet.
Seks gonger i året møtes me, seks mødrer til vaksne ungar, seks bestemødrer, seks kvinner, alle med sitt som dei andre veit mykje om. Me er nok meir ulike enn like. Kanskje det er nettopp det som gjer desse møta til ei oppleving ulikt noko anna.

Dette er ein heiagjeng å rekne med.
Desse ynskjer eg å ha i livet mitt livet ut.
Dette har eg tenkt på denne veka
Dette kan for mange kanskje verke som ei fillesak, men etter nærare ettertanke er det nok ikkje det; det er få minnesmerke over namngjevne kvinner i norske offentlege rom.
Ikkje eit vondt ord om minnesmerke av mannlege kunstnarar, politikarar eller atletar. Hipp hurra for mannlege pionerar på sokkel, men kvar er kvinnene?
Då me for ei tid attende var i Washington DC, vart det for oss i overkant mange bautaer av soldatar, brannmenn og mannlege politikarar amerikanarane ville vise oss. Me byrja å leite etter kvinnene og fann ei. Den var av borgarrettsaktivisten Rosa Parks.

Ein gjennomgang i 2015 viste at av dei 89 som er heidra med statuar i Oslo, var berre 14 kvinner. Eg har leita fram oppteljing i nokre andre norske byar og funne ut at det slett ikkje står bra til med kvinneheider rundt om.
I Bergen viste det seg at det var fleire statuar av bogekorpsgutar enn av kvinner. Politikarane fann ut at det var på tide å gjere ei endring. No er det vedteke at det skal reisast fem statuar av kvinner dei neste ti åra.
Kvifor er det viktig å få kvinnene opp på soklane? Dersom kvinner ikkje får plass framfor offentlege bygg og i parkar, blir kvinner heller ikkje representerte i denne måten å skrive historia på.
Jo visst er det mange og vakre bronseskulpturar av kvinner rundt om, men dei fleste av desse er utan namn og anten nakne eller saman med ein eller fleire ungar.

Dersom du går ut i dag, kan du jo sjå deg rundt i ditt eige nærmiljø og leite etter kvinnelege representantar for den lokale politiske, sosiale og kulturelle historia og som har fått eit slikt minnesmerke.
***
Eg ynskjer alle ein god 8. mars-sundag.
Hugs: Likestilling er bra for oss alle, for helsa, for samfunnsutviklinga, for arbeids- og familielivet.
Me må heller ikkje gløyme at kvinnedagen er ein internasjonal dag. Det er jobbar å gjere nasjonalt, men innsatsen er endå viktigare globalt. Det er mange kvinner som har det vanskeleg.
Helsing frå Karen-Margrethe