Kjære folk!
God sundagsmorgon!
Når eg vaknar i pensjonatsenga «mi» på Ål, kjenner eg meg heldig. Her er det triveleg, varmt og trygt og eg kan tusle inn på eit stort og innhaldsrikt felleskjøkken for å lage meg frukost. Fint er det her på Ål Pensjonat og. Sjå berre her:


Eit sitat eg vil dele
Sitatet eg skal starte med å skrive om i dag er av eit slikt slag at eg ikkje vil sitere det. Det inneheld både «fandens svarte avkom» og «korrupt kakerlakk» og vart skrive som ein kommentar på Facebook i gruppa «Vi som liker Sylvi Listhaug». Kommentaren var retta mot debattanten Sumaya Jirde Ali.
Fridomen til å ytre seg står svært sterkt i Noreg. Denne fridomen er eit av grunnlaga for demokratiet som styresform. Men det finnes heldigvis grenser for kva det er greitt å uttrykke offentleg. Det har no Høgsterett slått fast.
Straffelova har ein paragraf 185 som forbyr hatefulle ytringar mot ein persons hudfarge, etnisitet, livssyn, seksuelle legning eller funksjonsevne. Dei som ytrar seg må no vere klar over at også ytringar i sosiale media og kommentarfelt er rekna som offentlege og kan difor bli ramma av straffelova.
Eg håpar alle onskapsfulle nettroll har fått med seg dette og at dei no er såpass vettskremde at dei held skiten sin for seg sjølv.
Eg vel å sitere leiaren i Aftenposten for ei vekes tid sidan:
«Hatytringer skremmer mange, særlig kvinner og minoriteter, men også folk med moderate synspunkter, fra å delta i offentlig debatt.
Poenget med ytringsfrihet er jo at flest mulig stemmer skal brytes mot hverandre. Hvis mange ikke våger å bruke ytringsfriheten, er det også mindre grunn til å hegne om den.»
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Fytti grisen for eit live-band!!
Hellbillies må kunne kallas ein institusjon i norsk kulturliv. I år har dei vore 30 år på vegen og vitjar no alle dei største kulturhusa i landet med ein spesiell konsertturné. Turnéen starta i Drammen. Fredag kveld og i går var det Ål sin tur.

Eg hadde gledd meg i fleire månader til å oppleve dei på ein konsert der alle dei frammøtte var der for å sitje i ro og lytte, – og slik vart det, nesten musestille heilt til dei pensjonerte medlemmene Arne Moslåtten og Arne Sandum dukka opp og vart med på både Rakafisk og Våren i Hallingdal.
Konserten inneheldt ein akustisk og ein elektrisk avdeling. Me fekk møte mange av dei velkjende perlene dei har levert i løpet av alle desse åra. Ei krasafaren steinbu, Råka tå ei pil, Mørkemann og Røta var med. Allsang vart det fyrst då dei spela Den finaste eg veit som ekstranummer.

Då Hellbillies starta som band, tok dei ein sjanse som få hadde gjort før dei. Det var nesten ingen som song på dialekt på den tida og Hellbillies var dei fyrste som brukte hallingdialekta på denne måten.
Konserten gav eit godt bilete på eit band som fann plassen sin ein stad mellom country og danseband, men som aldri fekk harry-stempelet. Dei har nok vorte både kvassare i kantane og meir rocka etter som åra har gått. Rundt år 2000 forlet Hellbillies gradvis dei mest dansbare rytmene og byrja å spele meir countryrock og sørstadsrock, – noko som gav dei eit yngre publikum. På denne konserten var det tilhengjarar i alle aldersgrupper og musikarane viste fram alle sidene ved musikken sin.
Etter to heile timar med gode låtar, briljering på instrumenta og god stemning blir dette konklusjonen: Dette var stas, dette var fest, – og eg er stolt åling!
Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har ofte høyrt at det er dei menneska som har det mest rotete på skrivepulten sin som er dei mest intelligente og kreative blant oss. Det er jo ikkje mogeleg å seie imot slike myter, spesielt ikkje når ein sjølv har det meste ordna i sirlige bunkar og sortert i system. Eg er derfor glad for å kunne presentere to framifrå sitat:
Eva Langvik, førsteamanuensis ved Institutt for psykologi ved NTNU:
«Jeg tror nok at myten om «rot på pulten betyr orden i hjernen», kanskje kan fungere som en trøst for de som har et svært rotete kontor.»
Roger Hansen, professor i psykologi ved NTNU:
«Dette er en myte som folk rett og slett bare liker å bruke som forklaring på egen og andres ordensevne – eller mangel på sådan.»
Har me då gravlagt den myten ein gong for alle?

Det er vel dei ekstreme ytterpunkta som skapar problem, er det ikkje slik? Og kva er rot? Det er det jo vanskeleg å definere sidan me er veldig forskjellige på dette området. Nokre av oss orkar å leve med massevis av gamle aviser i sofaen, klede på golvet og gårsdagens oppvask på kjøkkenbenken. Andre ryddar kleda sine etter fargekodar og set krydderboksane på hylla i alfabetisk orden. Folk må få ha det slik de sjølv vil.
I ekstreme tilfelle kan det vere ei liding som ligg til grunn for både rot og ryddigheit. Dei som ikkje klarer å kaste noko og blir ekstremsamlarar, kan oppleve å vere eit problem både for seg sjølv og for andre. Like vanskeleg er det nok å ha tvangstankar som gjer ein sjukeleg oppteken av symmetri og rekkefylgje. Desse ytterkantane er stoff for fagfolk, så det let me liggje og vender attende til normal ordenssans.

Folk som kjenner meg, veit at eg trivst best i og blir mest inspirert av ryddigheit. Eg innbiller meg at det er meir meining i orden enn i rot:
- Mange steinar kan enten bli ei steinrøys eller ein grunnmur
- Mange ord kan bli eit vakkert dikt eller ubegripeleg tankesurr
- Fleire malerier kan til saman bli ei utstilling eller eit visuelt kaos
- Et oppslagsverk fungerer ikkje utan alfabetisering
- Ei boksamling blir ikkje eit bibliotek utan eit system for klassifisering
- Når alle ting høyrer heime ein stad, då slepp me å leite
- Det blir mindre stress neste morgon dersom alle ryddar opp etter seg før dei legg seg.
På tross av denne logiske lista mi, meiner eg at no går det på mange måtar for langt! Diverse møbelkatalogar får oss til å tru at det er viktig å kjøpe interiør som hjelper oss med å organisere heimen vår. Berre då kan me bli skikkeleg lukkelege. Mange, spesielt kvinner, kan skamme seg dersom dei ikkje klarar å leve opp til idealet som blir presentert i media og møbelannonsar.
Me må lære oss å skilje mellom viktig og uviktig oppi dette. Det er jo noko heilt anna og mykje verre å ha rot i den personlege økonomien enn å ha litt virvar i nattbordskuffen. Kanskje løysinga for oss alle er å la vere å bere fleire ting inn over dørstokken vår. Dess meir me eig, desto vanskelegare blir det jo å halde orden.
Men er det sant at jo meir rot du har rundt deg, desto meir sannsynleg er det at du også er litt rotete som person, – kanskje også meir fleksibel?
Og er det slik at jo større behov du har for ryddigheit og struktur, desto mindre impulsiv og fleksibel er du? Det skulle ikkje forundre meg.
***
Denne dagen blir ikkje til det den blir heilt av seg sjølv for nokon av oss. Min dag blir til det den blir blant anna på grunn av meg. Eg skal prøve å gjere den bra.
God sundag og god veke til dykk alle.
Helsing frå Karen-Margrethe
Godt skrevet på en søndag morgen🙏❤️En flott konsert i går🤗Hellbillies leverte👍Eg hilste på mor som satt i rullestol ved utgangen. Ho er venninne til tante Gunhild. Fantastisk at ho kjem for å høyre på gutan sine💙💙god søndag til deg i den fine hulen din på pensjonatet❤️varm klem😘
LikerLikt av 1 person
Hei, kjære Målfrid!😍 Eg såg deg i går. Ja, Hellbillies leverte ei god oppleving til oss. 👏👏 Det er så lenge sidan eg har snakka med mor-Haugen at eg let vere å helse på. Eg trur ho hadde ein fin kveld med så mykje kjærleik til og frå «små»-gutane sine. God klem og ynskje om ein god sundag til deg og❣️
LikerLiker