Kjære folk!
God morgon! Eg er på Ål denne helga og eg ynskjer å starta med eitt par bilete frå tusleturen min i går. Då eg reiste oppover, trudde eg at eg skulle kome til å gå rundt her i fjellbygda og kjenne på at det verkeleg er vinter i Noreg. Der tok eg litt feil. Det var varmegrader her då eg kom og mykje av snøen smelta før eg kom meg ut på tur. Men det er fint likevel og meir vinter her enn i Holmestrand i alle fall.


Eit nyhende som har fanga merksemda mi
«Klimakuren 2030» er ei utgreiing som regjeringa har bestilt. Her blir det peika på heile 60 ulike tiltak som skal gjere det mogeleg for Noreg å nå utsleppsmåla innan 2030. Det kan bli tunge tak, ikkje berre politisk, men og for oss forbrukarar. Eg vil ta for meg to av tiltaka:
1.Me må ete mindre kjøt og meir norsk mat.
Me har høyrt det før; me må kutte inntaket av raudt kjøt og erstatte det med meir fisk, frukt, grønsaker og korn. I tillegg må meir av den maten me et vere produsert i Noreg.

Då eg venta på toget i Oslo førre helg, kjøpte eg meg eit dansk magasin, Isabellas, og der kunne eg lese to ting som heng saman med dette:
– Me bør ikkje ete meir enn 500 gram kjøt frå okse, kalv, lam og gris kvar veke. Dette er omtrent nok til to – tre middagar og litt kjøtpålegg (Til samanlikning foreslår «Klimakuren 2030» berre 333 gram raudt kjøt for kvar av oss på ei veke)
– Ekspertar ved Aarhus Universitet freistar no å utvikle eit stoff som kan bremse den klimakritiske metanen som kyrne slepp ut.
Det er altså ikkje berre i Noreg me er opptekne av å minske kjøtforbruket.
Det seiest at den norske kjøtproduksjonen er ein av verdas mest klimavenlege produksjonar. Eg trur på det. Eg veit og at norske bønder har inngått avtalar om å redusere klimagassar i landbruket. Det er bra!
Eg har spurt Google om kor mykje kjøt me importerer til Noreg. Det var vanskeleg å finne oppdaterte tal, men norsklandbruk.no fortel at i 2017 importerte me heile 24 300 tonn kjøt. Kvifor høyrer me så lite om dette? Kan me ikkje berre slutte med kjøtimporten? Er det ikkje lurt å vere mest mogeleg sjølvberga?

Eg synes at alt som vedkjem klima er vanskeleg. Dette med kjøt er heller ikkje enkelt, sjølv om eg for min del gjerne kan leve med ei minimal kjøtmengde i kosten min. Men det er faktisk slik at beitedyra bidreg til å hindre at utmarka gror att og beiting er og viktig for det biologiske mangfaldet. Dessutan er det visst og slik at beiting bidreg til å binde karbon. Eit anna spørsmål er; korleis vil det sjå ut rundt om i landet vårt dersom kulturlandskapet gror att? Levande bygder er bra og dette må og vere ein del av kjøtdebatten.

2. Veldig snart må alle nye bilar vere elektriske
Det å kjøpe seg el-bil i staden for fossilbil dersom/når me skal kjøpe oss ny bil, er eit tiltak me som forbrukarar kan bidra med. Det er nemleg slik at det er på vegane me kan redusere utsleppet mest.
Eg har aldri forstått det når folk freistar å gjere el-bilar til ei Oslo-greie. El-bilar er jo tvert om ei bra sak for bygde-Noreg der svært mange har eigen garasje og slett ikkje treng ladestasjon utanom på langtur. No når el-bilane kjem til å kunne køyre 500 km kvar gong dei er lada, er det vel på tide at el-bilar blir ei bygdegreie også?

Så må det sjølvsagt vere opp til myndigheitene
– å få plassert ladestasjonar langs vegane våre slik at redselen for å gå tom for straum ikkje blir eit hinder
– å gjere om på momsfritaket slik at folk som har råd til å kjøpe seg bil i luksusklassen også må betale avgifter
– å elektrifisere kollektivtransporten og tungtransporten
Klimadebatt er vanskelege greier. Eg blir sliten av å prøve å ha så mange tankar i hovudet samstundes. Det er vel slikt me har politikarar til, og dei må jammen sjå til å gjere godt arbeid no. Me har det travelt. Den globale temperaturen for januar var dette året den varmaste som er målt nokon gong.
Eit ord å snu og vende på
I dag er ordet mitt å lyge.
Eg har sagt det ofte at eg likar det svært dårleg når nokon lyg. Eg prøver sjølv å vere sannferdig, men av og til kan det vere vanskeleg å ikkje sleppe laus ei lita kvit ei. I «Årets begivenheter innen vitenskap» fann eg ein interessant artikkel om kven av oss som lyg mest og kvifor me gjer det.
Me er sosiale vesen og det er naudsynt at me klarar å kommunisere med kvarandre for å skape positive sosiale samfunn. For å ta vare på desse relasjonane, er det visst av og til naudsynt å lyge. Forsking tyder på at me lærer oss å lyge allereie frå me er seks månader gamle.
Dei som lyg mest er tenåringane. 59% av dei fortel ei lygn inntil fem gonger om dagen. 15% lyg meir enn det og berre 26% av tenåringane let vere å lyge. Det står ikkje bra til med lygefrekvensen blant oss over 60 heller, sjølv om 56% av oss har slutta å lyge, – i alle fall dagleg.

Det er mange grunnar til at me prøver å lure kvarandre. Heldigvis er berre 4% av lygnene våre vondskapsfullt meint.
I 22% av dei gongene me lyg har me gjort noko me sjølv oppfattar som gale og difor ynskjer me å skjule det. I slike tilfelle kan det kanskje vere fort gjort å pynte litt på sanninga.
14% av lygnene kjem me med for å unngå folk eller for å sleppe å delta på eit eller anna sosialt arrangement. Og ærleg tala så er det vel betre å seie at «du skjønar det, at eg er ikkje heilt i form» enn at «eg har ikkje lyst til å vere saman med deg fordi du er så innmari kjedeleg».
7% av lygnene serverar me for å unngå å vere uhøflege eller for å gje einkvan eit kompliment eller ei oppmuntring. Me skryt av maten sjølv om den ikkje er særleg god og fortel vertinna at ho har fin kjole sjølv om me synes at den er litt vel utringa.

Sjølv om «ærlighet varar lengst» er ein klisje, vil eg likevel tru at det stemmer. Eg trur at dei som er opne og ærlege er med på å skape trygge relasjonar rundt seg. Eg trur at lygn er noko som nesten aldri løner seg og at det oftast er betre å ikkje seie noko i det heile i staden for å lyge.
Ei lita kjensle
Eg er heldig; eg er mor og eg er farmor.
Det er ikkje så rart at mange av kjenslene mine er knytt opp imot desse mine nære og kjære. Slik har me det nok alle me som er mødrer og bestemødrer. No byrjar alle mine å bli «store».
Det hender eg saknar
dei små ungane
med lubne armar,
varme kjakar
og plassen sin
tett inntil
Det hender eg tenkjer
at verda var enklare då eg kunne
løyse alt
og hadde alt
som skulle til
Eg takkar for dei
som fann glede og trøyst
hos meg
og det hender eg skjønar
at no
strøymer kjenslene sterkast
den eine vegen
og at det er
rett
slik

***
Det vart langt i dag. Ikkje veit eg om det er nokon som har lese seg heilt fram hit, men til dei som har gjort det, ynskjer eg at det blir ein retteleg fin laurdag.
I kveld skal eg ut på noko eg trur blir ein fest. Det skal eg skrive om i morgon.
Helsing frå Karen-Margrethe