MINNEKNAGGAR OG ANDRE DØROPNARAR 

Kjære folk

Det var ein strålande marsdag. Eg gjekk tur gjennom Gamlevegen. Himmelen var ljosblå, sola vermde i kjakane og ein liten vind ruska meg i håret. Medan eg gjekk der, kom minna susande og på null komma niks var eg ti år og påskeferien hadde nettopp starta.

Her i Gamlevegen hadde eg min trygge leikeplass.

For ikkje veldig lenge sidan var eg ute og tusla ein liten omveg etter at eg hadde vore på Kulturhuset. Eg har alltid ein song eller ein rytme i hovudet når eg er ute og går. Då eg kom til Sundrehall (eller Kilden som det heiter no), byrja eg å nynne, eg trur det var ein vals, og brått hugsa eg danseskuleballet. Det var svært kaldt den kvelden for rundt 60 år sidan. Den heimestrikka ullbuksa klødde gjennom dei nye, fine strømpene. Eg minnes ikkje at eg dansa, men eg hugsar godt kjolen min, at foreldra var der og såg på og at ein av gutane foråt seg på småkaker. 

Sundrehall, eit av dei gamle forsamlingshusa på Ål.

Me har det slik. Alle saman. Plutseleg kan me for eksempel hugse ein leik me leika med ein barndomsven og deretter få ei kjensle i bringa som me ikkje har hatt på veldig lenge. Det er ikkje eingong alltid slik at me veit kva som gjer at slike minne dukkar opp. Utan varsel opnar det seg ei dør til fortida. Noko som eg vel å kalle minneknaggar, set det heile i gang og brått kan det vise seg ei bru attende til ein livserfaring me ikkje har kjent på på veldig lenge.
Dorthe Berntsen har forska på det ho kallar «selvbiografisk hukommelse». I ein artikkel på forskning.no fortel ho om ledetrådar som «matcher en bestemt detalj i en opplevelse vi har hatt i fortiden».

Eg veit at desse «ledetrådane» kan gje meg både glede og lengt og gjere meg både lei meg og varm om hjartet. Alle desse minna som blir «trylla fram» i oss, er sannsynlegvis avgjerande for korleis me har det med oss sjølv og for korleis me ser på oss sjølv.

Rett som det er minner Facebook meg på noko som eg har lagt ut dei siste ti åra:

Det var fint å bli minna på denne strålande dagen, og kan vere moro å bli minna på fine opplevingar, men mesteparten av minna mine er jo kopla til tida før internettet og smarttelefonane.
Eg må leite andre stader enn på Facebook for å finne fram til dei minna som verkeleg er med på å definere meg som person. Til saman er alle mine minne mi livshistorie, – og trongen til å samle minne ligg nok djupt i oss alle.

Her er to slike minneknaggar som kan vere den utløysande faktoren til at minna strøymer på:

Når me høyrer musikk, kan me få opp minne fra den tida me høyrde på dette. Me kan også kome til å kjenne på korleis me hadde det på akkurat den tida.
Koplinga mellom lukt og minne er velkjent. Sjølv svak duft kan få oss til å hente fram ein indre film.

Det er visst slik at me har ein tendens til å hugse fleire positive ting frå fortida enn negative. På aftenposten.no fann eg ein artikkel der psykolog og minneforskar Simon Nørby kunne fortelje at me hugsar dobbelt så mange gode opplevingar som dårlege. Han seier det slik: «Nyere forskning har vist at glemsel fungerer som en sorteringsmekanisme som hjelper oss med å «rydde opp» i hukommelsen (…) Glemsomheten hjelper oss til å se fortiden i et positivt lys

Dersom eg skal fortelje om livet mitt, vil eg, bevisst eller ikkje, velje ut kva eg skal fortelje om – omtrent slik eg vel ut kva slags bilete eg vil lime inn i eit album.
I fotoalbuma har me bilete av godvêr, høgtid, feiring og fine stunder. Det er få eller ingen bilete av triste hendingar og grå kvardagar der. 

Dette albumbiletet har med seg berre gode kjensler og minne om mange fine farmorstunder, men det vekkjer også lengten etter den tida desse to var små og heilt nære.

Å hugse er å hente fram og å vekkje til live historier frå fortida, krydre med detaljar og kanskje sminke bort slikt me ikkje vil skal vere synleg. På den måten lagar me oss førestillingar om fortida. Noko er ekte. Andre ting er falske. 

Me kan manipulere minna våre og lure oss sjølv til å hugse det me vil. Dersom me fortel noko mange nok gonger, vil me kome til å tru at det me fortel er sant. Eg kjenner for eksempel to som fortel akkurat den same historia om seg sjølv. Eg veit at det berre er den eine som hugsar, – for eg var der. Den andre har høyrt det fortalt og har levd seg inn i det.

Her sit eg på ryggen til far min. Eg veit at eg har høyrt fortalt om episoder fra barndomen min så mange gonger at eg trur at eg hugsar det.

Den fascinerande hjernen skjuler altså mange av minna våre. Eg har eitt par år i vaksenlivet mitt som eg ikkje hugsar noko særleg frå. Gløymselen har vore så venleg med meg at han har sortert og funne ut at mesteparten frå desse åra ikkje er noko å drasse rundt på.

Eg veit at eg strikka denne genseren på den tida. Eg veit kvar eg har han, men eg brukar han aldri. Her har eg tatt han på meg berre for å bli fotografert.

Nokre minneknaggar har eg valt å ha nær meg. Dei er kjære gjenstandar som opnar dører til gode delar av fortida mi. 
Utan å bli for privat, her er to av dei:

Når eg opnar desse bøkene, luktar det framleis svakt av sigarettrøyk. Det luktar ikke godt, men det vekkjer likevel gode minne om mor, far og heime.
På venstrehanda mi har eg saknet etter fire fine menneske.

Ein skal vere takksam for å vere så heldig at ein stort sett ser fortida si i eit positivt ljos og at det dukkar opp gode hendingar og fine kjensler når spontane minne blir vekte til live.
Eg veit at slett ikkje alle har det slik. Eg veit også at dersom tankemønsteret treng å bli korrigert, er det aldri feil å be om hjelp.


Det er ei rar og tung tid no. Informasjonsstraumen er overveldande. Me kjenner alle på smerte, sinne og avmakt. Me vil gjerne gjere noko, bidra og yte vår vesle skjerv.
Men me må heller ikkje gløyme å leva.

Her sit eg og ventar på at konserten med Walker og Gewelt skal ta til. Den vandringa me fekk vere med på gjennom deira musikalske landskap, var vel verdt å minnast.

Eg sender gode ynskje om fredelege vårdagar til deg som les.
Skap deg nokre ljose minne undervegs.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: