Å SJÅ OG BLI SETT

Kjære folk!

No om dagen ser me at folkeretten blir sett til sides og at tap av menneskeliv berre blir ein parentes når høge herrar krigar om makt. Krig er meiningslaust og gamaldags. Krig gjer det vondt å vere menneske.
Eg vel å skrive om slikt som er godt.

Det er alltid håp.

Fleire gonger dei siste åra har eg reflektert over kva det vil seie å vere heime. Eg trur at for meg handlar det i stor grad om kjensler. Å vere heime treng ikkje alltid å vere det same som å kjenne seg heime.

Heimen min er ein stad der eg kjenner meg trygg, – og den tryggleiken skal eg aldri slutte å vere takksam for. Eg er også svært klar over at i denne verda vår er det rein luksus å vere så heldig at eg har ei dør eg kan late att, låse bak meg, og kunne vere lei meg, hoppande glad eller rasande i fred for alt anna enn det/dei eg sjølv har valt å ha i heimen min.

Denne kroken er berre min.

Etter at eg flytta til Ål har eg stadig kjent ei spesiell årsak til at eg kjenner meg heime her eg bur, og det var då meldinga om at me kunne la munnbindet ligge i lomma, at eg fann ut kva eg ville skrive om på bloggen min denne gongen. Det har vore fint her fram til no, men endå kjekkare vil det bli; no kan eg gje frå meg og sjå heile smil, – ikkje berre det som er synleg i og rundt augo.

… men eg går framleis med eit munnbind i lomma.

Å sjå og bli sett er viktig for alle menneske. Dette har me felles. Å bli sett er eit universelt behov. Når me skal velje kvar me skal bu, er dette aspektet kanskje endå viktigare for oss litt gamle enn det det var den tida me var i ein aktiv arbeidssituasjon. Eg trur at det sosiale nettverket blir svært viktig for meg i åra som kjem. Det å ha eit nærområde der eg kan gje av meg sjølv, vere sosial, hjelpe litt til og vere open for kontakt, kjennes som naudsynt dersom heimen min skal vere ein trygg heimstad å bli gammal på. 

Eg veit, fordi eg har opplevd det, at dette slett ikkje er like enkelt å få til over alt. Men eit godt liv handlar blant anna om folk ein har rundt seg. Nokre treng mange, andre treng få. Nokre vil stå på scena, andre likar seg best heime, – men alle treng å bli sett.
Eit minimum er kanskje å ha einkvan å helse på. Eit «hei» og eit «ha det», – og dersom det i tillegg fylgjer med eit lite smil, kan det vere med å skape ein ørliten jubel på innsida. 

Fra eit tilfeldig, triveleg møte i går. Både Unn og eg skulle på konsert med Bernhoft.

I boka «101 hverdagsfilosofiske eksperimenter» foreslår Roger-Pol Droit at me skal smile til kven som helst når me møter dei. Smilet vårt skal fortelje den andre at sidan me ikkje har nokon grunn til korkje å ha noko imot kvarandre eller like kvarandre, kan me like godt smile og på den måten ynskje kvarandre ein god dag. Eg veit at eit slikt smil frå ein tilfeldig og framand forbipasserande kan gjere godt.

Å vere litt venleg, litt høfleg, eit takk og eit smil, – det skal så lite til og det kostar ingenting.

Eg er
berre eit av sandkorna på stranda,
berre eit av snøfnugga i snøstormen,
berre ein av dråpane i morgondisen,
berre ei
blant alle dei andre.
Likevel ber eg
om å få vere den einaste
medan fela spelar
ein underleg slått
og livet stadig blir kortare


Bjørn Eidsvåg skriv slik i sangen «Se meg»:
«Se meg, hør meg
kom inn til meg og rør meg
kjære, hør meg
Det er meg her inne
som famler i blinde
trå forsiktig inn og led meg
trøst meg, gled meg
men framfor alt
se meg.»

Frå ei utstillingen i Munch-museet

Då me flytta til Ål vart me invitert inn i fleire samanhengar. Eg vart spurt
– Kven er du?
– Kva ynskjer du av oss?
– Kva kan du bidra med?
Det var lett å svare og det var enkelt å melde seg på.
Eg er imponert over at så mange i Ål kommune har forstått kva som er viktig for at nytilflytta skal kunne trivast i kvardagen sin. 
Sjølvsagt må eg også legge til at ein i tillegg må møte opp når ein blir invitert inn og våge å by på seg sjølv når høvet er der.

Her er Turid Hilde, leiar i Ål Frivilligsentral. Ho er ei av dei som har tatt godt imot oss.

Eg har høyrt psykologar påstå at «god psykisk helse startar med gode relasjonar» og «å bli sett betyr alt». 
Ein som hadde arbeidd for «Kirkens SOS» i mange år, refererte dette frå ein samtale med ein godt vaksen mann:
«Kva er det som gjer at du likevel har halde ut i så mange år?»
Svaret var «Eg møtte ein person som såg meg.»

I dag vil eg difor utfordre meg sjølv og alle som les bloggen min:
Ver den som ser den du møter. Smil, hels og få han eller ho til å kjenne seg sett, – kanskje til og med verdsett.

Og ellers har me alle det same håpet. Det må me ikke miste.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: