Å SJÅ OG BLI SETT

Kjære folk!

No om dagen ser me at folkeretten blir sett til sides og at tap av menneskeliv berre blir ein parentes når høge herrar krigar om makt. Krig er meiningslaust og gamaldags. Krig gjer det vondt å vere menneske.
Eg vel å skrive om slikt som er godt.

Det er alltid håp.

Fleire gonger dei siste åra har eg reflektert over kva det vil seie å vere heime. Eg trur at for meg handlar det i stor grad om kjensler. Å vere heime treng ikkje alltid å vere det same som å kjenne seg heime.

Heimen min er ein stad der eg kjenner meg trygg, – og den tryggleiken skal eg aldri slutte å vere takksam for. Eg er også svært klar over at i denne verda vår er det rein luksus å vere så heldig at eg har ei dør eg kan late att, låse bak meg, og kunne vere lei meg, hoppande glad eller rasande i fred for alt anna enn det/dei eg sjølv har valt å ha i heimen min.

Denne kroken er berre min.
Fortsett å lese «Å SJÅ OG BLI SETT»

FRÅ ÅL, VEIT DU

Kjære folk!

Det var så opplagt den gongen. Eg skulle flytte ut, studere og treffe nye folk. Det vart aldri slik at eg flytta heim att. Men så vart eg eldre, og lengten etter dalen vart sterkare. Eg måtte hit oftare.

Kvar gong eg er på Ål, bur eg her:

IMG_1392

Fortsett å lese «FRÅ ÅL, VEIT DU»

HEIME PÅ ÅL

Kjære folk!

I april i år fann eg ein invitasjon i postkassa. «Kjære 50-årskonfirmant!»
Det seiest at tida går så fort for gamle folk … men gamal er eg då slett ikkje, sjølv om eg har mista både karriera og sprettrumpa. Eg måtte likevel vedkjenne meg at eg ikkje kunne begripe kvar alle desse åra hadde tatt vegen. Er det femti år sidan eg fekk bunad, sidan eg var midt i mi fyrste forelsking, sidan eg gjekk på dans på Sundrehall for fyrste gong og kjende våren bruse i tre-firedelstakt?

IMG_0934

Eg takka ja til invitasjonen. Eg gledde meg, men gleda hadde og molltonen i seg.

Fortsett å lese «HEIME PÅ ÅL»