Kjære folk!
Det var så opplagt den gongen. Eg skulle flytte ut, studere og treffe nye folk. Det vart aldri slik at eg flytta heim att. Men så vart eg eldre, og lengten etter dalen vart sterkare. Eg måtte hit oftare.
Kvar gong eg er på Ål, bur eg her:
Dette flotte bygget husa Aal Sparebank frå 1897 til 1962. Då flytta lensmannen inn, og bygget fekk namnet «Lensmannsgarden». I 2008 kjøpte dei noverande eigarane huset, og 17. mai 2011 opna dei dørene på den gamle sveitsarbygningen. Gamlebanken hadde blitt Aal Pensjonat. Interiøret er frå perioden 1900 – 1930-talet. Dersom du er interessert i å sjå meir av pensjonatet, kan du gå inn HER
Ål er ein kultur- og naturkommune. Dersom eg står midt på Sundre (torget på Ål), finn eg eit turområde uansett kva veg eg vender blikket.
Det tek meg to minutt å gå frå pensjonatheimen min til Ål kulturhus. Der finn eg to amfisalar, galleri, kunstmuseum, kafé, bibliotek og rosemålingsutstilling. No blir kulturhuset utbygd til også å romme landsdelscene for dans.
I tillegg til alt det andre positive med barndomsbygda mi, gjer det trivelege vertskapet på Aal Pensjonat det slik at kjensla av å vere heime alltid er til stades når eg vitjar Ål.
Er det rart at det er stas å kome hit? Sjølv om draumen om barndomens dal nok har eit nostalgisk slør over seg, og sjølv om mykje er endra, fornya og omsnudd her, så kjenner eg at røtene mine sug næring når eg er her. Kanskje det gjer at eg kan blomstre lenge?
Helsing frå K-M
Å, det ser jo kjempefint ut! Mulig vi må planlegge en sommertur dit?! 😃👍🏼
LikerLikt av 1 person
Det synes jeg absolutt dere bør gjøre 😊
LikerLiker