Kjære folk!
Heilt frå eg lærte å skrive, har eg vore glad i å skrive lister. Eg har hatt lister over skulearbeid, lister på jobben og lister heime. Eg har tru på desse listene. Eg har til og med sterk tru på dei. Lister høyrer med på lista over mine små gleder.
Når eg har mykje eg skulle ha gjort, skriv eg lister over gjeremåla mine. Då oppnår eg minst to ting:
- Eg veit kva det dreier seg om denne dagen, og då vert det ikkje så stressande å kome seg gjennom det. Oversikt er bra. Då er det berre å ta fatt.
- Mange oppgåver er så lite konkrete at når dagen er over, kan ein verte sitjande og lure på «kva brukte eg eigentleg denne dagen til?»
Fram med lista. Der står det. Eg kan til og med lese høgt for dei som vil høyre og deretter risikere å få skryt.
Tenk for ei god kjensle det er når alt på lista har fått ein tjukk, svart strek over seg. Ferdig!! Dessutan: Dersom det står att noko, så veit eg jo kva eg skal gjere den neste dagen.
«Eg har då ikkje tid til å tulle med slikt», seier kanskje du.
Dei minutta du brukar på å skrive denne lista, dei tek du att når du slepp å bruke tid på å lure på kva det var du skulle gjere, tenkje etter om det var noko meir du skulle ha hugsa på eller ergre deg over det du gløymde å gjere i går og som du framleis ikkje har fått gjort.
For meg er det ekstra stas med dei listene som er skrivne med hand, med god penn på eit vakkert ark eller i ei fin notatbok. Då vert den vesle gleda ekstra god å kjenne på. Det gjer jo ikkje noko om ting er vakre i tillegg til å vere nyttige.
Ved frukostbordet heime er det heilt vanleg at han spør: «Kva har du på lista di i dag då?» Eg vert sjeldan i beit for svar. Berre så det er sagt; eg har ikkje berre arbeidslister og dette-må-du-gjere-lister. Eg har sjølvsagt koselister og.
Helsing frå K-M