Kjære folk!
Nok ein fin morgon!



Eit sitat eg vil dele
I dag kjem sitatet frå Karsten Spech, som er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved Universitetet i Bergen:
«Den beste måten å halde hjernen aktiv på, er å lære noko nytt. Å løyse kryssord eller sudoku har ingen effekt, då hentar du berre fram kunnskap du allereie har.»

Kva?
Er det sant? … og eg som trudde at laurdagskryssordaktiviteten min var slik ei sunn utfordring for hjernen. Nei vel, men då lærte eg altså noko nytt i dag, – og då er det berre å fortsette med å leite etter ny kunnskap. Lese, lære og stadig prøve seg på noko nytt. Ikkje fred å få, for den same Spech har vel rett i at «ein aktiv hjerne i ein aktiv kropp er den beste måten å halde seg frisk på.» Det er ikkje alltid eg er like glad for ny kunnskap.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Me er framleis på Kapp Verde.
Det var ei heilt spesiell oppleving å vitje sitronhaiane sin barnehage. Me var ein merkverdig, liten gjeng som gjekk utover i vatnet med oppbretta kortbukser for å kome så nært inntil hai-ungane som mogeleg.
Det seiest at desse haiane ikkje er ein trussel mot folk, men det kjendes likevel litt utrygt med haifinnar synlege i vatnet berre nokre meter unna.

Ei anna sak var at bylgjene gjorde dei aller fleste av oss våte omtrent til livet. Då me vassa innover mot stranda att, med kalde, klissvåte bakendar, trur eg dei fleste av oss lurte på om vassing blant haiar var noko me ville anbefale vidare.

Det tek omtrent ein halv time å gå frå her me bur og inn til Santa Maria. Kvar formiddag kjem fiskarane inn til piren der med fangsten sin. Dei sløyer fiske og sel den der og då.

Kva slags oppleving kjem eg så til å bere med meg vidare etter opphaldet her på øya Sal?
Eg kjem til å sakne er havet.
Det turkise og mørkeblå,
himmelen over
kanta med lilla ved horisonten
Ja, og så bylgjene
som torever når dei buldrar innover.
Og sjølvsagt dei endelause strendene
der fotspora i sanden
vart viska vekk av rasande skum.
Ja, eg kjem til å sakne havet.

Dette har eg tenkt på denne veka
Den siste veka har eg tenkt på, lurt på og prøvd å kome på kva eg set pris på som «norsk» for meg når eg er borte heimanfrå og ikkje traskar midt oppi det. Foreløpig har eg funne fram til denne lista:
- Brunost på vaffelhjarte
- Appelsin og kakao i solveggen
- Gullrekka på fredagskvelden
- Strikketøy og fyr på peisen
- Kjøtmeis på fuglebrettet
- Lang frukost med gode vener
- Morgonsola som skin på hagebenken
- Å legge seg i soltørka sengetøy

Alt dette er vel heller ikkje spesielt norsk, men finst det ei fellesnemning for alt dette? Ja, det trur eg. Alt dette er innmari koseleg. Er det eit adjektiv som beskriv det norskaste av det norske.
På lifeinnorway.net finn eg denne definisjonen av koseleg:
«The key to understand the behaviour of Norwegians, especially at weekens.»
Eg trur «koseleg» er eit av nykkelorda våre og at slike ord er med på å forme oss til den me er. Dersom du spør fleire enn meg om kva det tyder å ha det koseleg, så er eg likevel slett ikkje sikker på at du ville ha fått eit eintydig svar. Men eitt veit eg; eg likar å ha det koseleg og når eg er ute på reise, då kan eg sakne det.
***
Takk for her!
Komande laurdag sit eg heime og skriv.
Eg håpar dagen i dag og veka som kjem blir fin for oss alle.
Helsing frå Karen-Margrethe