Kjære folk!
God morgon til alle!
Ein skulle tru at det var her og akkurat no i dag Kolbein Falkeid var då han skreiv «Det er morgen igjen, vesle håp og verden frotterer seg med nyvasket solskinn.».
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg har lese aviser på nettet medan eg har vore her på Kapp Verde. Kva anna slags nyhende kan ein skrive om enn det som vart omtala som heftig krangel, kroken på døra, ultimatum, utblåsing og urimeleg? Situasjonen spissa seg til då statsministeren var dristig nok til å bruke ordet «moral».
Måndag kalla Siv og Erna inn til kvar sin pressekonferanse. Det var tydeleg at noko dramatisk var på gang. Me sat med kvar vår mobiltelefon på øyret og fekk med oss at Erna Solberg sin draum om ei borgarleg fleirtalsregjering gjekk i knas. Draumen brast etter berre knapt eitt år.

Siv Jensen sa at ho no såg fram til å leie Frp i opposisjon, – og me veit jo kva dei står for. Eg undrar meg på om ikkje Erna Solberg no eigentleg er glad for å sleppe å seie «jeg ville ikke ha brukt akkurat de ordene» fleire gonger. No er det vel og slik at Krf og Venstre har fått den regjeringa dei i utgangspunktet ynskte seg.
Den nye mindretalsregjeringa har vore hos Kongen og dermed fått lov til å gå ut på Slottsplassen og ta imot blomar, klemmar og gode ord. Det blir kanskje ikkje så enkelt dette, for det er berre eitt og eit halvt år til det er Stortingsval. No skal alle gjere alt dei kan for å flagge sine eigne hjartesaker og lokke til seg flest mogeleg veljarar. For oss som er interessert norsk politikk, kan tida som kjem bli svært interessant. Eg håpar at det vil vise seg at det politiske Noreg har endra seg, – litt i alle fall.
Til sjølve regjeringskabalen har eg desse kommentarane:
Siv Jensen let seg provosere over at Knut Arild Hareide og Abid Raja får plass ved Kongens bord. Men ho har då vel ikkje det aller ringaste med å gjere når det gjeld kven statsministaren vil ha med i den nye regjeringa.
VG skriv i dag at Sylvi Listhaug lovar å gje Abid Raja framover nok å gjere. Han må setje av onsdagene til Stortingets spørjetime. Eg er stolt over å bu i eit land som vel seg ein ikkje-etnisk som kultur- og likestillingsminister og sjølv om eg ikkje stemmer Venstre, skal eg heie på denne nye ministeren.
Ei sak til; kva i alle dagar skal ein distriktsminister ta seg av? Distriktspolitikk må vel vere ein viktig del av alle sakene som skal handterast i alle departementa?
Eit ord å snu og vende på
Noko heilt anna:
Ute på reise møter ein ofte på folk med namn som høyres underleg ut for oss med norske språkøyre. Det fungerer sjølvsagt heller ikkje alltid like godt når nordmenn presenterer seg for dei me møter utanfor Skandinavia. Vanlegvis er eg, slik som dei fleste andre, godt nøgd med den merkelappen eg fekk tildelt av foreldra mine, men her eg er no, må eg ta i bruk ei kraftig forenkling.
Namnetradisjonar er interessant.
Mormor heitte Kari, farmor heitte Mari og eg skulle bli oppkalla etter desse to flotte og kjærlege kvinnfolka. Mor og far min syntes ikkje at korkje Kari-Mari eller Mari-Kari var spesielt vakkert, så då vart det det det vart.
Heime heitte eg begge namna, men på skulen og ute blant vener heitte eg berre Karen. Slik var det heilt til eg sjølv bestemte at eg ville vere Karen-Margrethe støtt, – ute og heime.


Tal frå Statistisk sentralbyrå fortel at dei mest brukte namna for gutar/menn i Noreg er Jan, Bjørn og Per. For jenter/kvinner er det Anne, Inger og Kari.
Dersom me ser på dei mest populære namna no om dagen, er det heilt andre namn som gjeld. Namn er ein motesak. Foreldre som ynskjer at gullungen skal ha eit namn utanom det vanlege, har nok å velje mellom. Det nyaste namneleksikonet inneheld bortimot 5500 fornamn.
I Noreg har det eksistert fleire forskjellige system for personnamn. Frå gammalt av, og heilt fram til ca 1900, hadde dei fleste eit fornamn og eit patronymikon, eit avstammingsnamn. På den tida hadde merkelappen min vore K-M Konradsdotter.
I Noreg vart det påbod om å ha eit etternamn så seint som i 1905. Før den tid var det stort sett berre høgborgarlege og adelege som hadde etternamn eller familienamn. Folk flest brukte patronymikon.
Dersom du går inn på ssb.no kan du finne ut om du er litt unik eller ein av mange på namnefronten.
Når eg søker på namnet mitt, fin eg ut dette:
– Det er 15 kvinner som har Karen-Margrethe som einaste fornamn
– «Vi fant ikke noen treff for «Erlandsrud»»
Litt artig, det synes no eg.
Ei lita kjensle

Heime hos meg
der eg bur
et eg frukost når eg vil
og har rosiner og nøtter i kjøkkenskuffen
Heime hos meg
der eg bur
har eg NRK på radioen om morgonen
og Dagsnytt 18
Heime hos meg
der eg bur
har eg blå sofa
og saueskinnstøflar
Heime hos meg
der eg bur
er me to
han og eg
nett slik som her
«Heime, det er der du er»,
har eg sagt til han
Det er vel ikkje heilt sant
sidan eg sit her
saman med han
og har heimlengt
***

Mykje av tida mi, når eg er på ein slik ferie som det eg er på denne gongen, går med til å lese. Det er slett ikkje berre dei djupaste og mest seriøse greiene eg les når eg ligg i sola mellom sanddynene. Dette vesle sitatet er likevel verdt å dele ein laurdagsmorgon:
«Når ein blir så gammal som meg, innser ein at å vere snill er ein av dei mest beundringsverdige eigenskapane eit menneske kan ha.» (Santa Montefiore)
Skal me lage oss ein god dag? Ja, det gjer me!
Helsing frå Karen-Margrethe