Kjære folk!
Ein kan ikkje klage når morgonen er så vakker.
I dag startar eg bloggen min med stort alvor.
Eit sitat eg vil dele
I samband med den norske støttekonserten til jordskjelvofra på Haiti i 2010, skreiv Ole Paus ein tekst som tok eit skikkeleg tak i meg og som framleis smyg seg innpå meg ved visse høve:
«Jeg ser deg min venn
og jeg kjenner meg igjen
når jeg ser på deg med innsiden av hjertet mitt.»
Når naud og tragedie grip om seg, kan eg tenkje at det kunne ha vore meg, at det kunne ha vore ein av mine. Korleis hadde eg då kjent det inne i hjartet mitt? I Noreg står striden om kva ein skal gjere med IS-borna. Eg vil rette blikket mot nokre andre ungar som og treng politiske prioriteringar.
Når eg les om borna i Moria-leiren på Lesvos i Hellas, kjenner eg det på innsida av hjartet. Meir enn 7000 born, 1700 av dei einslege, står timar i kø kvar dag for å få seg litt mat. Det er heller ikkje nok mat til alle. Dersom det blir vinterkulde og snø, er det fare for at mange av dei vil fryse i hel.

Når eg ser bilete av denne vesle guten i den gule regnjakka, må eg tenkje på våre eigne barnebarn som er tørre, varme, mette og innpakka i kjærleik. Verda er verkeleg urettferdig.
Dette er Europa si felles utfordring. Dette er ei oppgåve som krev politisk løysing. Kvifor høyrer me så lite om det?
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Eg skreiv ikkje så mykje om det i går, men her sit eg på ei øy 570 kilometer frå det afrikanske fastlandet. Her budde det ikkje folk før portugisarane kom hit på 1400-talet og øygruppa vart knutepunkt for den atlantiske slavehandelen.
Sidan tidleg på 1900-talet har Kapp Verde vore eit stabilt demokrati og er eit av dei mest utvikla demokratia i Afrika.
Det seiest at eit bilete seier meir enn tusen ord, så her kjem ei skildring av nokre opplevingar på Kapp Verde så langt:
Fredag var me på tur rundt på øya Sal i ein halvopen Jeep.

Denne øya har lange, breie strender der det som oftast blæs ein fin bris. Dette gjer at området er perfekt for kiting. Verdsmeistaren i kiting har kome frå Kapp Verde heile fire gonger. I høg fart såg me dei utføre imponerande kunststykke.
Ein gong var saltproduksjonen den økonomiske motoren på øya. No vert det berre produsert salt for bruk her på Kapp Verde og dei fleste produksjonsstadene er omgjort til turistattraksjonar. Her kan ein blant anna flyte i saltsjøar med 25 gonger saltinnhaldet i Raudehavet.
Palmera er hovudhamna på Sal. Så og seie alt blir importert, hovudsakleg frå Portugal, Spania og Senegal. Her kjem også fiskarane inn med fangsten sin om formiddagen.


I Espargos, hovudstaden på Sal, kunne me oppleve mange vakre veggmaleri. Målaren Va, lagar desse maleria på eige initiativ fordi han har eit ynske om å inspirere andre og å gjere det fint i byen sin.

Dette har eg tenkt på denne veka
No når eg er så langt unna heimanfrå, er det ikkje så rart at tankane går attende til landet vårt langt mot nord. Tysdag vart den nasjonale strategien for kunstig intelligens lagt fram av regjeringa.
Den menneskelege hjernen kan ikkje ta imot og samstundes tolke alle dei signala som kjem inn utanfrå. Digitaliseringsministeren seier at for å oppretthalde eit berekraftig velferdssamfunn i åra som kjem, må me arbeide smartare og meir effektivt. Kunstig intelligens blir dermed viktig for oss. Her ligg det heilt sikkert mange gode mogelegheiter både for norsk industri og for offentleg sektor. Eg vil ikkje vere ei slik bakstreversk, halvgammal dame som motset seg all utvikling, men på vegen framover er det kanskje lurt å bruke både brems og gass.
Noreg er eit av dei mest digitaliserte samfunna i verda. Dette gjer at me har tilgang til all mogeleg informasjon og kunnskap og at me når som helst kan kontakte kven som helst og ordne opp i kva som helst. Men eg tenkjer at digitalisering ikkje er berre av det gode. Den digitaliserte velferdsstaten gjer at mange eldre er fullstendig avhengige av dei vaksne borna sine eller av svigerborn og barnebarn når det skal ordnast opp i stønader, økonomi og sjukdom eller dersom det skal sendast inn søknader om velferdsgoder.

I Morgenbladet nr 50/2019 kunne eg lese at dei i Japan utviklar to spor; det digitale og det analoge. Det gjer at det japanske samfunnet tek høgde for å vere meir eldrevenleg enn det styresmaktene tenkjer seg for landet vårt.
Eg ser for meg fylgjande reknestykke:
Sentralisering
+ Digitalisering
= Depersonifisering.
For meg ser det ut for at det vil bli bortimot umogeleg framover å få til eit møte med ein saksbehandlar. Eg er heilt sikker på at slett ikkje alt kan forklarast på eit skjema på ein skjerm. Det handlar om kjensler, kroppsspråk, blikk og ja, om sjølve livet. Eg veit ikkje om eg med glede kan sjå fram imot ein alderdom i eit samfunn utan slik personleg kontakt som skapar tryggleik når livet blir vanskeleg.
Dersom me definerer samfunnsutvikling som ei forbetring av samfunnet, då må dei som rår over utviklinga sjå til at forbetringa kjem alle til gode og at den også reduserar ulikskap. Då må ikkje utviklinga berre ha effektivisering og økonomisk vekst som mål.
***
Turen langs havet i går var fin, og det er god trening å gå langt og fort i sanden.

Eg ynskjer alle som les dette ein fin dag. Me må ta godt vare på den, for plutseleg er det kveld, og då er det ganske fint å kunne tenkje attende på noko som ikkje var så aller verst.
Helsing frå Karen-Margrethe
Jeg er så enig med deg Karen-Margrethe! Ja, jeg er nok «gammeldags og bakstreversk» og det er jeg stolt av!! Jeg synes digitaliseringsmonsteret har fått for mye makt. Jeg tror det er et feilskjær for oss mennesker. Kloke Japan som har en backup. Noe det aldri snakkes om er at all digitalisering krever enorme mengder energi. Hvor skal vi ta det fra? Bygge ut flere fosser? Ha vindturbiner på hver topp? Og ikke minst; hvor kan vi mennesker finne mening og føle oss nyttige i et slikt samfunn?
LikerLikt av 1 person
Takk for god kommentar, Anne-Karin! Ja, utviklinga går så fort nå at jeg lurer på om de som bestemmer har tatt seg god nok tid til å foreta konsekvensanalyser.
LikerLiker