Kjære folk!
I dag startar eg med denne vesle samtalen, som passar heilt fint til slik eg har det medan eg sit og skriv:
Kva for ein dag er det?
Det er i dag, svara Nasse Nøff.
Min favorittdag, sa Ole Brumm (A. A. Milne)
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Me er mange som ikkje vart det aller minste overraska då det vart meldt om ein ny rapport frå «Verdens helseorganisasjon» (WHO) med fylgjande overskrift: «Kunst og kultur er bra for helsa». Sjølvsagt er det det! Men det er godt å få det stadfesta.
Dei siste 19 åra har WHO gjennomgått 900 publikasjonar og 3000 studiar og konkludert med at no er tida inne for å syrgje for tettare samarbeid mellom kultur- og helsesektoren. Rapporten slår faktisk fast at det å satse på kunst og kultur vil vere samfunnseffektive tiltak for betre folkehelse. Kunst og kultur er nemleg ofte billigare enn medisinsk behandling.

I rapporten kjem det blant anna fram at
- born som vert lese høgt for før dei legg seg, søv lenger og utviklar betre konsentrasjonsevne
- dansing kan minske Parkinsons sjukdom
- å spele eit instrument kan ha positiv effekt på immunsystemet
- dramabasert undervisning styrkar trivnaden og reduserer eksponering for vald
Rapporten konkluderer altså med at det er viktig å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for alle, – heile livet. Og her er det ikkje berre snakk om å sjølv vere utøvande. Helsegevinsten er til stades også for alle dei som er ser på, lyttar, opplever, sansar og nyt. Her er det ikkje vanskeleg å kome på gode tiltak.
Eit ord å snu og vende på
Denne laurdagen er «klem» det ordet eg plundrar litt med.
Er du ein klemmar eller er du ein av dei som kjenner at det blir litt klamt når du nærmar deg ein situasjon som ser ut til å kunne krevje ein klem? Er ein klem alltid fint eller blir det av og til for intimt?
Ein klem er eit kjærteikn, er det ikkje? Når var det me gjekk bort ifrå å ta kvarandre i handa og i staden gå over til å legge kjakane inntil kvarandre? Og kvifor vart det slik?
For nokre år sidan var eg ein typisk klemmar. Eg klemde på alle som kom i min veg. Mange oppfatta meg nok heilt sikker som ei som trengde seg fram og kravde plass innanfor intimsona deira. Nokre fann det ganske sikkert ubehageleg og lite respektfullt. Men eg var berre glad, ville alle vel og syntes det var fint å klemme. Eg var heilt overtydd om at ein klem var den aller beste måten å inkludere folk i det fellesskapet eg var ein del av.

No har eg registrert at eg har endra meg samstundes med at fleire og fleire bokstaveleg tala omfamnar kvarandre i dei fleste situasjonar. Klemming har blitt det nye handtrykket. Eg derimot, strekkjer oftare enn før ut handa når eg skal helse.

Fysisk kontakt er helsebringande, det reduserer stress og nivået av lukkehormonet oksytocin aukar. Eg trur på alt dette og eg kjenner at det er heilt sant når eg er så heldig at eg får klemme borna mine, barnebarna, mannen min, gode vener og andre som eg kjenner at eg likar godt. Slik klemming er eg ein stor tilhengar av. Det blir aldri for mykje.

Men når og kvifor fekk eg eit større behov for å beskytte intimsona mi for slike litt ukjende klemmarar? Ein klem er jo ein svært effektiv måte å seie «eg set stor pris på deg» på. Har eg vorte meir skeptisk med åra? Vil eg no berre ha slike forsikringar frå folk eg veit meinar det? Og korleis skal me vite om dei me møter ynskjer seg ein klem eller ikkje?
Ei lita kjensle
Er det fleire enn meg som eit ørlite sekund har opplevd det omtrent slik når dei har vakna grytidleg ein morgon?
Drøymer ikkje,
er lys vaken,
men hugsar ikkje.
Litt forvirra
og veit ikkje
kvar
og heller ikkje
kvifor
Lysstrima inn
frå vindauget til venstre
Framande lydar bak
veggen til høgre
Eg er her,
men ikkje heime.
Lys vaken
og nesten naken
Å ja, – det stemmer …
I morgon skal eg fortelje kvar eg har vakna i dag. Eg kan roe dei som les dette med at eg ikkje var full då eg la meg og at eg heller ikkje hadde blitt galen i løpet av natta.
***
Kva slags forteljing har du tenkt å vere hovudpersonen i i dag? Eg har tenkt å vere ho som går tur ved havet og som skal ut og ete sein middag med ein ho er glad i.
Ha det fint!
Helsing frå Karen-Margrethe