Kjære folk!
Morgonstund har kaffi i munn!
Noko av det fine med sundagsmorgonar er å sleppe å starte dagen med plikter. Som pensjonist er eg så heldig mest kvar morgon at eg kan starte dagen med noko eg kan nyte. Det er ei gåve.

Eit sitat eg vil dele
Då tidlegare biskop, Per Arne Dahl, vakna ein sumarmorgon og skrudde på morgonandakten på NRK P1, høyrde han ikkje anna enn skurring og sus. Han hadde fått betennelse i det indre øyret og ei form for tinnitus. Øyret var øydelagt for alltid. Han måtte hengje frå seg bispekåpa og kjende at han skamma seg. Han kjende at det var vanskeleg å ha ei slik usynleg liding.

I fjor gav han ut boka «Sårbarhetens kraft – om å finne styrke når du er svak». Eg var så heldig at eg fekk vere til stades under to av foredraga hans i november. Det var sterkt å høyre han fortelje om korleis han no håpar å vere ein slags forsvarsadvokat for dei som har det vanskeleg i kvardagen sin.
Her er sitatet eg ynskjer å bringe vidare:
«Sorger, lidelser og plager skal ikke sammenlignes. De skal respekteres.»
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Eg har gledd meg i lange tider. I går var det endeleg sesongstart. Og kven andre enn sjølvaste Odd Nordstoga sat ved bordenden og var hovudperson.
Eg vart ikkje skuffa!
Duetten mellom Aslag Haugen og Ingebjørg Bratland «sat som ei kule» som hovedpersonen sjølv sa, og etter at Frida Ånnevik hadde sunge «Farvel til deg», sa han at det var som om det smelta ein isbit inni han, – ein han ikkje visste han hadde der inne.
Du store verda, for ein gjeng! Det er berre å glede seg til laurdagane framover.
Det er berre ein tragisk ting med denne sesongen av «Hver gang vi møtes»; eg er bortreist to av laurdagane. Det er ikkje så mykje eg er hekta på her i livet, men akkurat dette kjenner eg at gjer fysisk vondt når eg ikkje får det med meg.
Men eg har ordna meg. Eg skal sjå det i opptak saman med ei god venninne. Då blir det vel dobbelt så kjekt, tenkjer eg.
Dette har eg tenkt på denne veka
Me høyrer ofte om folk som har vist stort mot. Men kva er eigentleg mot og korleis får me tak i det? Det har eg tenkt ein del på i veka som gjekk.
Mot – dette vesle ordet som folk flest ynskjer seg fleire fulle lastebillass av.
Dette vesle ordet me alle kan kjenne at me manglar i einskilde situasjonar.
Dette vesle ordet som beskriv det me treng å ta fram når me skal utføre noko me har sett opp sperrer for inne i vårt eige hovud.
I Journal of positive psychologi les eg at mot blir definert som ei viljesak, – altså ei handling me utfører på trass av at me er redde og på trass av at me eventuelt tek ein personleg risiko, og med ei målsetting om å oppnå noko som er godt eller ønskverdig.

Mot handlar sjølvsagt ikkje berre om å klatre der det er brattast, symje der det er djupast og redde folk frå store farar. Me viser også mot når me
- gret framfor eit anna menneske
- vågar å vise kven me er
- elskar og blir elska
Slikt kan også kjennes veldig skummelt.
Sidan mot blir beskrive som ei viljesak, så må det jo også vere ei øvingssak, ikkje sant? Me treng mot når me skal meistre liva våre. Det er jo så mykje enklare å tenkje og gjere slik som «alle dei andre» eller slik me alltid har gjort det, – endå me innst inne veit at me burde ha våga oss frampå og sprengt nokre grenser.
Eg veit med meg sjølv at behovet for å bli likt kan hindre meg i å tore å seie ifrå om at eg ikkje er einig, ikkje har lyst eller heller ynskjer noko anna. Det kan for eksempel vere vanskeleg å seie ifrå dersom ein opplever at noen snakkar stygt om einkvan som ikkje er til stades. Det kan krevje mot å la vere å le av stygge, diskriminerande vitsar. Unnskyld er eit vanskelig ord som og krev styrke.
Handlar mot eigentleg om at me kvar for oss finn ut kva slags menneske vi vil vere?
Astrid Lindgrens Jonatan seier det slik i «Brødrene Løvehjerte»:
«Det er ting som må gjerast, sjølv om dei er farlege, for elles er eg ikkje eit menneske, men berre ein liten lort.»
Kva er mot for meg?
Kva slags karaktertrekk må eg jobbe med for å bli modigare?
Kvar har eg sett opp mine sperrer?
Eg kan våge både det eine og det andre, – og eg veit at eg verkar modig når eg for eksempel tek på meg å halde tale. Det ikkje så mange veit er at det sosiale motet mitt ofte sviktar fullstendig. Å halde tale er ei enkel sak, men det sosiale samværet etterpå er mykje meir skummelt. Me har nok alle både modige og livredde sider som berre dei som kjenner oss aller best veit om. Eg er nok ikkje den einaste som let som innimellom, og eg trur og at å spele modig er ei fin øving.
Det finst ikkje mot utan frykt. Difor kryssar me fingrane medan me kjenner det i magen og let det stå til. Plutseleg ein dag er det ikkje så skummelt meir. Det viste seg jo at det ikkje var farleg i det heile.

Dersom eg skal prøve å lage min eigen personlege definisjon av kvardagsmot, må det bli noko slikt som dette:
Mot er når eg møter andre og vågar å gjere det som meg sjølv, utan maske.
Mot er å vite at eg kan kome til å feile, men eg prøver likevel.
Mot er å prøve ein gong til, – og enda ein.
Mot er å ikkje miste motet.
***

Eg avsluttar i dag med ynskje om ein god sundag og med håp om at den veka som ligg framfor oss blir fin og minnerik. Eg skal fortsette å smile til dei eg møter, – og denne veka kjem eg til å møte mange.
Helsing frå Karen-Margrethe