Kjære folk!
God laurdag, – den einaste dagen i veka som ikkje er oppkalla etter ein gud eller ein himmellekam. Denne dagen har fått namn etter kva folk brukte å halde på med på denne dagen, nemleg å lauge seg.
Men nok om det.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Onsdag kom den fyrste partimålinga i det nye året. Noregs eldste parti, Venstre, fekk ein begredeleg oppslutning på 2,3%. Sidan Venstre tvilte seg inn i regjeringa for to år sidan, har oppslutninga sakte, men sikkert dala. Dette fekk meg til å tenkje på iskanten. Grunnen til det er at partiet Venstre står ovanfor tøffe tak internt i eiga regjering denne våren.

Iskanten er det området i Arktis der isen møter det opne havet. Ettersom temperaturen på jorda stig, smeltar isen og iskanten kryp stadig lenger innover og det opnar seg opp uutforska områder med hav. Dei komande månadene skal regjeringa bli einige seg imellom om ein ny definisjon av iskanten. Det kjem ikkje til å bli ei enkel avgjerd. Frp vil ha iskanten lenger nord medan Venstre står steilt imot.
Det dreier seg om korleis Noreg skal definere dette sårbare havområdet i forvaltningsplanen for Barentshavet. Frp vil ha det dei kallar ein «dynamisk» iskant som inneber at oljeselskapa alltid må halde seg minst 50 kilometer unna den observerte iskanten. Venstre derimot har varsla at den viktigaste politiske saka dette året er å flytte iskanten sørover.
Saka er krevjande, spesielt for vesle Venstre. Kor langt vil regjeringa la petroleumsindustrien sleppe til? Sagt i klartekst: Kor langt nord i Barentshavet skal oljeselskapa kunne leite etter olje? Kor langt vil Venstre tøye seg for å bli verande i regjeringa? Kan denne saka bety ei ny krise for Solberg-regjeringa?
Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt meg ordet TID.
I «mi tid», som me ofte kallar det, eksisterte det inga tidsklemme. Me snakka i alle fall ikkje om det slik. Til alle tider har alle hatt tid. Me er alle opptekne av tid og alle fylgjer med på tida. Me ser på klokka. Me ryddar saman når arbeidstida er over og me spring av garde for å rekke bussen. Me snakkar om fritid, fortid, framtid, levetid og lurar på om tida er inne eller ute, om noko er tidsnok, er for tidleg eller for seint.

Tida er viktig for oss. Berre sjå på alt det me pleier å seie:
- Nei, no går tida frå oss, seier me og skundar oss vidare
- Tid er pengar, slår me fast. Dersom me har hatt ein handverkar i huset, prover fakturaen at det er sant.
- Om hundre år er allting gløymt, trøystar me oss med. Eigentleg er dette eit sitat frå eit dikt av Knut Hamsun
- Tida leger alle sår, seier me og håpar at med hjelp av tida vil både sorg og smerte bli redusert eller fordufta.
Mange er også opptekne av å spare tid. Kvifor i all verda skal me det? Er det ikkje betre å godta at ting tek den tida det tek?
Men kva er tid? Det er det ikkje så enkelt å finne ut av. Det næraste eg kjem ein definisjon når eg leitar er at tid er eit abstrakt omgrep som det er umogeleg å definere, men som rører seg frå fortid gjennom notid og til framtid. Dette er slikt eg kan bli litt tullete i hovudet av å tenkje på. Difor let eg det vere. Me er altså alle ekstremt opptekne av noko me ikkje forstår kva er.

Når me snakkar om tid, meiner me eigentleg tidspunkt som me kan måle, – og måle det gjer me i år, månader, dagar, timar, minutt og sekund.
For dei som er ekstremt opptekne av definisjonar, – her kjem ein godbit:
«Et sekund er varigheten av 9 192 631 770 perioder av strålingen som tilsvarer overgangen mellom de to hyperfine nivåene i grunntilstanden for cesium 133-atomet ved temperaturen 0 Kelvin.»
Så då burde dette med tid vere heilt klart for alle.
«De menneskene som aldri har tid, får utrettet minst», sa fysikeren Georg Christoph Lichtenburg på 1700-tallet. Jammen trur eg dette gjeld den dag i dag. Det er vel også slik at me ikkje treng så mykje tid for å få gjennomført ei oppgåve. Det me treng er ein tidsfrist.
Eg har tid, – massevis av tid, håpar eg. Eg vil gjerne leva litt langsamt, for kva anna skal eg eigentleg rekke? Kva anna enn å leva? Det skal eg ta meg tid til.
Ei lita kjensle
Ofte, når eg ser attende, så slår det meg at det var mykje eg ikkje forstod den gongen, – og at det var dumt. Det var mykje kjærleik rundt meg som eg ikkje evna å sjå. No ser eg det, men det er for seint å takke. Her er eit dikt til min morfar Johannes.

Eg hugsar ingen ord
om kjærleik
Eg minnes ikkje
kos og klapp,
men han fekk meg til å tru at
dei fine bylgjene i håret hans
hadde eg laga
fordi eg hadde vore så flink til
å leike frisør
på hovudet hans
Eg hugsar ikkje
omfamning
Eg minnes ikkje
store gåver,
men han kom innom
kvar dag,
tok ikkje av seg anna
enn luva,
ville berre vite
om mor mi var glad.
***
Torsdag høyrde eg at mykje av det juleljoset me kjøper, havnar på fyllinga. Det vil ikkje skje med dette. Eg tenkjer at det skal få vere med og lyse opp i heimen vidare utover vinteren.

Eg ynskjer for deg som er innom bloggen min i dag at du får ein triveleg laurdag.
Lytt til noko vakkert, les noko fint og ver snill.
Helsing frå Karen-Margrethe