ISKANT, DYREBAR TID OG MORFAR JOHANNES

Kjære folk!

God laurdag, – den einaste dagen i veka som ikkje er oppkalla etter ein gud eller ein himmellekam. Denne dagen har fått namn etter kva folk brukte å halde på med på denne dagen, nemleg å lauge seg.
Men nok om det.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Onsdag kom den fyrste partimålinga i det nye året. Noregs eldste parti, Venstre, fekk ein begredeleg oppslutning på 2,3%. Sidan Venstre tvilte seg inn i regjeringa for to år sidan, har oppslutninga sakte, men sikkert dala. Dette fekk meg til å tenkje på iskanten. Grunnen til det er at partiet Venstre står ovanfor tøffe tak internt i eiga regjering denne våren.

IMG_4328
Iskanten i Barentshavet er eit sårbart område.

Fortsett å lese «ISKANT, DYREBAR TID OG MORFAR JOHANNES»

LJOS I ADVENTSTIDA

Kjære folk!

I dag har mange av oss stått ute i desemberkulda, inntulla i store skjerf, med varme vottar og blanke blikk, – klare for å møte tindrande forventningar og kjensler så skjøre som gamle julekuler. Eg har kjent på at mest av alt ynskjer eg å bidra til at dei eg er glad i får ei god jul. Når alle mine har det godt, då har eg og det bra. Slik er det i kvardagen, og slik er det på festdagane.

Fortsett å lese «LJOS I ADVENTSTIDA»