Kjære folk!
I dag har mange av oss stått ute i desemberkulda, inntulla i store skjerf, med varme vottar og blanke blikk, – klare for å møte tindrande forventningar og kjensler så skjøre som gamle julekuler. Eg har kjent på at mest av alt ynskjer eg å bidra til at dei eg er glad i får ei god jul. Når alle mine har det godt, då har eg og det bra. Slik er det i kvardagen, og slik er det på festdagane.
I dag er det fyrste sundag i advent, og eg har starta adventstida mi med å sjå julegrana bli tent på Ål. Alt ljoset og all songen gjer godt på ein litt sår måte.

Ljoset representerer noko godt, ikkje sant? Eg kan ikkje kome på noko vondt og vanskeleg som blir symbolisert med ljos. Når me nyttar uttrykk som har «ljos» i seg, snakkar me om noko som er positivt. Når me seier at ho eller han har eit ljost hovud, då meiner me eit menneske som er kjapp i tankegangen. Når me fortel om ein person som har eit ljost sinnelag, så snakkar me om eit hyggeleg personlegdomstrekk.
Me snakkar og om å kunne vere eit ljos i mørket. William Shakespeare sa det slik: «Meir enn denne lykta lyser i mørket, lyser ein verkeleg god gjerning i ei mørk verd.»
Jan Erik Vold spør:
«Skal jeg sy hull
på mørket
for deg?»
Eg høyrer med til dei som ynskjer å gå inn i jula med rimeleg godt samvit. Slik har mange av oss det. Gleda ved å gje, aukar i jula, og det er mange som treng støtte. Hjelpeorganisasjonane startar kampanjar i førjulstida og inntektene gjer at mange kan få mat, klede, fyring og gode opplevingar, – ikkje berre i jula, men heile året. (Det er vel endå betre å vere fast givar gjennom heile året, men me som har mykje, toler nok begge delar.)
Givarglede kan vere ei god overskrift på ei glad jul. Det er forska på slikt. Folk blir lukkelege av å gje. Det gamle ordtaket «den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad» har altså fått medhald av forskarane.

I både religiøse og folkelege skikkar brukar me ljos for å trøyste i sorg, vise kjærleik, å minnas nokon og understreke ei stemning. Fram mot jul er tenning av ljos ein tradisjon for dei fleste. Tenning av adventsljos vart ein kyrkjeleg skikk allereie i år 1000. Ljosa er meint å fortelje oss at me nærmar oss han som vert kalla verdas ljos. Me tenner desse ljosa medan me ventar på at det skal bli født ein liten unge, ein som skulle bringe bodskap om fred til verda. Eit nytt ljos kvar sundag. Ljosare og ljosare. Nærare og nærare jul.
Adventsljosa har i dag for dei aller fleste berre å gjere med ei slags nedteljing. I Inger Hagerup sitt kjende adventsdikt tenner me ljos for lengsel, glede, håp og fred, – gode ord som me alle kan gjere til våre eigne.
I dag har me vandra gjennom gatene saman med alle dei andre. Me ha sunge, sett ungar spele og danse og opplevd at å tenne ljos er med på å skape den varme førjulstemningen me leitar etter.

Mange julesongar, både gamle og nye, handlar om å tenne ljos.
«Og vi tenner våre lykter når det mørkner,
og når alle lyder pakkes inn i vatt
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner,
for da lyser de til kvelden si`r god natt.»
(Bjørn Rønning)
«Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.»
(Jakob Sande)
«Nå tennes tusen julelys,
det stråler rundt vår jord.
Og himlens stjerner blinker ned
til liten og til stor.»
(Emmy Köhler)

No når eg leitar etter meining, – kan det vere så enkelt som å tenne eit ljos og forsøke å vere eit ljos? For seg sjølv og for andre?
Med dette ynskjer eg alle som les ei god adventstid med mykje ljos.
Helsing frå K-M
Noen har sagt: Det er bedre å tenne et lys I mørke, enn å forbanne mørket.
Vakkert, rett og slett. det du skriver her, Karen Margrethe.
LikerLiker