FØRJULSTID

Kjære folk!

No er ho her att denne førjulstida. Er det ei god tid?

IMG_4166
I førjulstida pyntar me i heimen. Eg har pynta med juleroser som eg har fått av gode vener,.

Gler du deg til jul, spør me ofte dei borna me møter no når desember er like om hjørnet. Eg har aldri møtt nokon som har sagt «nei», sjølv om me veit at det er mange som gruar seg. Nokre gruar seg til lett berusa eller stupfulle vaksne, andre til fattigdommen som blir så smerteleg tydeleg i denne tida og mange lengtar etter ei mor eller ein far som feirar ein annan stad.

Kva ynskjer du deg då, er det neste spørsmålet me trykkjer utav oss, – sjølv om me snakkar med ein unge me aldri har hatt nokon plan om å gje noko som helst til jul. Slik fyrer me oppunder kjøpepress, dårlig samvit, forbrukslån og altfor store forventningar

Gler me vaksne oss til jul då? Det er eg slett ikkje sikker på. Kvart einaste år er mange gjennom denne litt vanskelege samtalen om kven me skal feire saman med, kor mange dagar kven skal vere saman med kven, – og kven sin tur det er til å ta seg av gamle bestemor denne jula. Det er mange år sidan eg kjende på at eg gjerne skulle ha avlyst heile greia, – og eg meiner det framleis; jula har dei beste vilkåra i familiar med god råd og utan eit einaste samlivsbrot.

IMG_4172
I førjulstida vert det pynta over alt. Dette er juletreet på Kafé Tid i Ål sentrum. Får all pynten oss til å kjenne glede? 

Det har og blitt slik med denne jula vår at av og til kjem det opp slike store og vanskelege spørsmål som «Kan eg ha på meg den same kjolen som i fjor på juleballet i år?» og «Korleis skal eg klare å unngå lutefiskmiddagen hos svigermor?» Det er nok og mange som steller seg dette spørsmålet: «Burde me ikkje kutte ut dette julegåvetullet?» Mange av oss som har god nok råd til julefeiring, ser heller ikkje med glede fram til stresset og maset som førjulstida bringer med seg.

Verre er det at ingen bryr seg om han i nabohuset som ikkje har nokon familie i det heile og som lurar på om han skal ta med seg heim ein bunke arbeid til jul. «Det er greitt å ha noko å halde på med medan andre er opptekne med julefeiringa», tenkjer han kanskje. «Men det går sikkert bra», tenkjer han nok og, «for det blir jo heldigvis servert noko på ein eller annan TV-kanal heile døgnet gjennom. Det er jo litt selskap i denne skjermen.»

Kva er det me held på med? Kva er eigentleg meininga? Det kan då umogeleg vere dette som er jul? Juledraumen trur eg me alle er saman om. Me ynskjer oss ro, fred og kjærleik. Eg lengtar inn til noko som er trygt, godt og ramma inn i dei enkle tradisjonane eg vart kjent med som lita.

IMG_4174
Så fint var det utanfor hos venninna mi på Nesbyen då eg vitja henne denne veka.

Då eg tok denne pausen frå bloggen min, skreiv Helga blant anna: «Kanskje vi får ein blogg om adventstida? Det trur eg på!» Eg tok det som eit ynskje. Eg skriv meir i morgon kveld.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: