FORANDRING FRYDAR

Kjære folk!

Det kan vere kjekt med litt forandring. Det kan me nok kjenne på kvar og ein av oss av og til. Det er vel derfor folk flyttar på møblane sine, skiftar farge på veggane i stova og kjenner ein sterk trong til å kjøpe stripete handkle for å pynte opp på badet. Men kor lenge varar den nyinnkjøpte fryda eigentleg?

Om morgonen, når me står og ser inn i dei ikkje alltid så morgonfriske augo i spegelen, er det lett å tenkje at «kanskje det ville hjelpe å farge håret eller i alle fall å gå til frisøren for å klippe luggen». Faren er at me er endå meir misnøgde med biletet i spegelen dagen etter vitjinga hos frisøren.
Slike endringar er det heldigvis ikkje umogeleg å gjere om på.

Verre er det dersom ein finn på å skifte jobb, selge huset eller finne seg ein ny gubbe. Ei slik endring bør vere godt gjennomtenkt før ein set i gong prosessen. I etterpåklokskapen sitt teikn kan det vere vanskeleg å få tak i anna hjelp enn hos psykologen dersom angeren innfinn seg. Mi erfaring er at forandring slett ikkje alltid er noko å fryde seg over. Forandring kan avle optimisme og glede, men også frustrasjon og utryggleik.

Mange har sagt mykje om forandring. Her er tre små eksempel:
Mosse Jørgensen: «Alt nytt byrjar med kaos»
Konfucius: «Berre dei visaste og dummaste forandrar seg aldri»
Thomas Hardy: «Tida forandrar alt bortsett frå det i oss som alltid blir like overraska over forandring.»

Den forandringa eg har gjennomført i dag, er av det svært enkle slaget, – slikt som godt kan gjerast på impuls. Her er det absolutt ingen risiko ute og går.
Eg har sett på det same biletet på bloggen min i meir enn eit år. Eg trur det vil vere kjekt med litt forandring no. Det gamle biletet sa ikkje anna om meg enn at eg har tilgang til fin utsikt i nærleiken av heimen min. No er det på tide å vise fram noko som er litt meir personleg.

Denne haugen av ting som eg har samla saman på det nye biletet, har svært lite med «ting» å gjere, og dei som kjenner meg litt, forstår kanskje kvifor eg har valt nettopp desse;

  • mor mi sin gamle dokkekommode
  • eit gammalt stempel frå Aal stasjon og ein del av ei jernbaneskinne
  • ei jente som les og ein bunke med bøker
  • fargeblyantar og skrivereiskap
  • smykke og jålesaker
  • ei plante
  • eit hjarte
  • ein vakker boks og ei lita kiste
  • russiske koner
  • puslespelbitar

cropped-img_4114.jpeg

Små symbol på tankar og kjensler som rører seg innimellom.

Då blir det stille att herifrå eitt par veker. Eg ynskjer alle som les dette gode dagar utan altfor mykje forandring, – for det likar me jo eigentleg ikkje.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s