NOVEMBERTANKAR

Kjære folk!

22. oktober tok eg pause frå bloggen min. Då eg sette meg ned den kvelden, slik eg ofte gjer det, med pennen i handa og notatboka på fanget, var det dette som kom ut:

Rattkjelketur
Då stansa det.
Alt.
Bråstopp.
Hadde meiane kome nær asfalten?
Nei, det var ingen gneistar å sjå.
Hadde nokon vore og strødd her?
Nei, her var det glatt og godt føre.
Hadde eg nådd botnen av bakken?
Nei, nedover gjekk det
så langt tanken rakk, men
eg kunne ikkje sjå langt nok til
å tru det.
Så då gjekk av,
drog kjelken inn til sida
sette meg ned på ein stabbestein
og let sola varme meg i nakken.
Her kunne eg sitje
og vente
på gud-veit-kva.

Eg ser at det dagleg er folk innom og les. Nokre les lenge og mykje medan andre har leita seg fram etter noko spesielt. Det er og nokre som berre tittar etter om det er noko nytt her. Eg anar ikkje kven desse er. Det einaste eg ser, er kva dei les og kvar i verda dei oppheld seg. Den som er innom blir for meg eit tal og litt farge på eit verdskart. I tillegg kjenner eg på ei lita glede. Bloggen min har ikkje sovna, men lever eit lite liv der ute ein stad.

IMG_4104
Novembermorgon

Kva gjer eg? Eg gler meg over november. Denne månaden då det er så mørkt der ute at det verkeleg er meining i å tenne ljos her inne. Denne månaden då morgonsola heng så lågt at ho fargar skyene djupraude.

Eg ynskjer alle som les dette ein god november. Denne månaden har fått eit altfor dårleg rykte. I november me jo ingenting. Me er for seint ute for mange oppgåver og det er for tidleg å gjere unna dei andre. Hagen må få ligge i ro under det tynne frostlaget. Han må få vere i fred. Julestrida må vente nokre veker. Det er mange dagar til desember. No er det tid for å berre vere til. Tid for å vente.

Det er forresten ikkje så aller verst å sitje og vente. Om kvelden sit eg framleis ofte med pennen i handa og notatboka på fanget. Eg ventar. Eg vil så gjerne finne den skrivegleda eg leitar etter. Ho kjem nok. Eg veit det.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: