GIFT MED EIN INNVANDRAR

Kjære folk!

Er det fleire enn meg som har juletradisjonar som dei har fått med seg på lasset? Eg har fleire slike. Det må eg finne meg i sidan eg har gifta meg med ein innvandrar. Alle menneske, uansett kvar dei kjem ifrå, ber med seg minner, ynskjer og lengt etter noko heime ifrå. Ein av dei tinga dette medfører for meg, er at eg må ut og reise oftare og til andre stader enn det eg hadde gjort dersom eg for eksempel hadde funne meg «ein spinkel og raudhåra geiling» slik Hellbillies syng om.

IMG_4217
Dette er eit Weihnachtsturm i Lübeck. Me har miniutgåva heime i stova.

No i førjulstida er reisemålet Tyskland, landet med verdas finaste julemarknader. Allereie etter at eg opplevde dette den fyrste gongen for meir enn 15 år sidan, forstod eg det godt; julepynten, Glühwein-en og dei dekorerte peparkakene skapar verkeleg julestemning.

IMG_4213

I år har turen gått til Lübeck. Dette er ein av dei aller finaste og mest levande mellomalderbyane i heile Europa. Gamlebyen høyrer med i UNESCO si verdsarv og utgjer sjølvsagt ei vakker kulisse til den tyske jula.

IMG_4207
Denne fantastiske juleutgåva av Lübeck er laga av marsipan.

Her blir alle sansane stimulerte. Det er smaksprøver på marsipan, brente mandlar og kandiserte eple rundt kvar ein sving. Den søta lukta set seg i nasehåra og frå høgtalarane er det berre julemusikk å høyre, – av og til iblanda nokre spede lirekassetonar.

Med ynskje om ei fortsatt god adventstid

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: