NYTT ÅR OG EG ER I GANG ATT

Kjære folk!

Etter ei fin nyttårsfeiring med dei aller næraste og med nyttårskonserten frå Wien som vakkert akkompagnement, skriv eg no mitt fyrste blogginnlegg på det som kjennes som veldig lenge.

IMG_4276
Natt i Holmestrand

Eg vil starte med å ynskje godt nytt år til dykk alle – og eg reknar med at alle kan skrive under på dette: Fyrst og fremst håpar me at alle våre næraste vil få eit godt år, at me får glede oss over positive ting som vil skje og at me vil klare å handtere den motgangen som eventuelt vil kome på ein god måte.
Me vil også fortsetje å drøyme om ei fredfull verd,- og på kvar vår vesle flekk, så godt me kan, motarbeide vondskap og kjempe for rettferd og kjærleik. 

 I år går eg inn i det nye året med ei god kjensle av å starte på nytt.
Eg skal sjå framover, – eg er jo ein planleggjar, men eg skal og ta med meg erfaringane frå i fjor inn i 2020. Det er det vanskeleg å la vere for ei som grublar såpass mykje som det eg gjer. Det viktigaste er kanskje å vere her og no med heile seg størsteparten av tida utan å planleggje og utan å gruble. Det er verdt å prøve.

IMG_4240

Og så var det bloggen min: Eg trur eg har funne svar på mange av dei spørsmåla eg hadde då eg tok pause i oktober.
Må eg skrive noko som er morosamt?
Nei, kvifor skulle eg måtte vere morosam? Eg er jo ikkje morosam. Det er så mange i alle kanalar som er flinke med humor. Eg treng ikkje vere ei av dei som står for underhaldninga.

Er det viktig å skrive på begge målføre?
Det store fleirtalet av dei som uttrykkjer seg skriftleg på nettet, brukar bokmål. Eg trur ingen har vondt av at bloggen min er på nynorsk. Det kjennes som om eg har størst glede av å skrive så nært opp til hallingdialekta som mogeleg, – så då vil eg gjere det.

Kor ofte må eg skrive?
Eg ingenting. Bloggen min er heilt fri for annonsar, reklame, sponsorar og produktplassering. Difor kan ingen krevje noko som helst av meg. Men eg må vere ærleg å seie at eg likar det når nokon fortel meg at dei saknar blogginnlegga mine. Det er godt å tenkje på at det finnes folk som blir glade for at eg snart eg i gang att.
To gonger i veka?
Laurdag og sundag?
Det tenkjer eg vil passe meg bra.

Skal alt bli som før då, – berre ikkje så ofte?
Nei, eg trur ikkje det. No kjem eg til å småskrive litt heile veka og presentere det eg har funne, tenkt, opplevd, sett og skrive i ein laurdags- og ein sundagsblogg. Eg skal prøve å halde meg til faste laurdags- og sundagsoverskrifter.

Og elles?
Det er ein ting til, noko som eg raudnar litt over å skrive:
Eg blir slett ikkje lei meg dersom dei som likar å lese bloggen min anbefaler den til ein eller to andre. Folk må ikkje vere ven med meg på Facebook for å lese, noko eg har møtt mange som trur. Dei seier «du skjønar eg er så lite på Facebook». Det er berre å finne fram til kjaerefolk.com, trykkje på «følg meg» og registrere seg. Då plingar eg på i e-posten kvar gong eg legg ut noko nytt. Linken til bloggen min ligg også på Instagram-kontoen min.

IMG_4145
Er i gang att og gler meg!

Tusen takk for hjelpa. Det er meir morosamt å skrive når ein veit at det er nokon som les. Det er slett ikkje så lett å nå fram til folk, – og spesielt ikkje til hovudmålgruppa mi som er slike litt godt vaksne.

Eg startar på alvor opp att laurdag og eg gler meg.
Fram til då håpar me på fine januardagar, ikkje sant?

Helsing frå Karen-Margrethe

 

 

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

4 kommentarer om “NYTT ÅR OG EG ER I GANG ATT”

  1. Godt nytt år til deg også! Jeg ser fram til å lese mer, nynorsk eller bokmål spiller ingen rolle. Godt å lese dine betrakninger uansett.

    Liker

  2. Heisan på degsan, nå er du igang igjen san! Jeg skal etter beste evne følge med på hva du nå velger å skrive om, og kaaaaanskje komme med noen reaksjoner av og til. Eg ventar med spaning!
    Helsing Helge

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s