2020, ORD OG KJENSLER

Kjære folk!

Det er så vidt at det har byrja å ljosne der ute. Eg kjenner at eg er litt spent. Det er laurdag morgon og eg skal skrive den fyrste, nye laurdagsbloggen min. Kjem eg til å klare å få det til slik eg har sett for meg at dette skal bli? Planen min er at eg kvar laurdag skal skrive om eit aktuelt nyhende, eit ord eg kan snu og vende litt på og til slutt eit dikt om ei kjensle.

IMG_4280
Tidleg laurdagsmorgon i Holmestrand

Fortsett å lese «2020, ORD OG KJENSLER»

NYTT ÅR OG EG ER I GANG ATT

Kjære folk!

Etter ei fin nyttårsfeiring med dei aller næraste og med nyttårskonserten frå Wien som vakkert akkompagnement, skriv eg no mitt fyrste blogginnlegg på det som kjennes som veldig lenge.

IMG_4276
Natt i Holmestrand

Eg vil starte med å ynskje godt nytt år til dykk alle – og eg reknar med at alle kan skrive under på dette: Fyrst og fremst håpar me at alle våre næraste vil få eit godt år, at me får glede oss over positive ting som vil skje og at me vil klare å handtere den motgangen som eventuelt vil kome på ein god måte.
Me vil også fortsetje å drøyme om ei fredfull verd,- og på kvar vår vesle flekk, så godt me kan, motarbeide vondskap og kjempe for rettferd og kjærleik. 

Fortsett å lese «NYTT ÅR OG EG ER I GANG ATT»

NYTTÅRSTANKAR

Kjære folk!

No ved nyttårsskiftet kan det for oss alle vere både godt og vondt dersom me tek oss tid til å tenkje litt etter, – og me bør vel gjere det av og til. Etter som eg blir eldre, tek eg meg oftare og oftare i å dvele ved tida som har gått. Eg sender tankar til dei som var her før meg og lurar på om nokon tek imot. Samstundes freistar eg å byggje håp rundt dei som kjem etter, og eg undras om dei kjem til å merke det.

IMG_2021 (1)

Fortsett å lese «NYTTÅRSTANKAR»