Kjære folk!
Det er så vidt at det har byrja å ljosne der ute. Eg kjenner at eg er litt spent. Det er laurdag morgon og eg skal skrive den fyrste, nye laurdagsbloggen min. Kjem eg til å klare å få det til slik eg har sett for meg at dette skal bli? Planen min er at eg kvar laurdag skal skrive om eit aktuelt nyhende, eit ord eg kan snu og vende litt på og til slutt eit dikt om ei kjensle.

Eit nyhende
Kvar laurdag framover har eg altså planar om å skrive om noko som har vekt interessa mi i veka som gjekk. I dag vel eg i staden å freiste å sjå framover. Det kjennes naturleg denne fyrste laurdagen i det nye året.
Korleis kjem det til å bli i 2020? Mange av oss lurar på det. Dette veit me:
- Det vil vere berre 11 fylker i Noreg. Me kan meine mykje om dette, men det hjelp lite å klage. Slik er det.
- NRK-lisensen er erstatta av trekk over skatteseddelen. Dermed blir det billigare lisens for einslege enn for par. Det er vel berre rett og rimeleg.
Er det meir me er sikre på? Nei, det er ikkje mykje som er hogd i stein når ein freistar å sjå framover i tid.
NRK har spurt seg rundt hos diverse forståsegpåarar for å få svar på det same; korleis vil 2020 bli? Her er noko av det dei trur kjem til å hende:
- Me vil bli belasta med meir klimaskatt
- Me kjem til å bruke ein større del av hushaldsbudsjettet på mat
- Medisinar vil bli meir effektive
- Realløna kjem til å auke
Dersom nokon bryr seg om dei komande trendane, så melder det store internettet om fylgjande:
- Det blir varsla om at det kjem eit nytt og moderne medlem av pastellfamilien: Veggane våre skal nemleg no helst bli måla i Neo Mint dersom me ynskjer å fylgje moten.
- Blusar og kjolar skal bli utstyrde med blonder, paljettar og broderi.
Eg innser at eg nok kjem til å vere svært utrendy dette året både på vegg- og på blusefronten.

Eg har funne ut at det er fleire interessante jubileum som skal gå av stabelen dette året:
- Bergen by er 950 år
- Det er 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd
- Ludwig van Beethoven ville ha fylt 250 år i år
- Det er 60 år sidan Melodi Grand Prix, eller Eurovision Song Contest, som det eigentleg heiter, vart arrangert for fyrste gong
- Hellbillies feirar 30-årsjubileum
Her er det altså litt av kvart å feire og forhåpentlegvis litt av kvart å gle seg over.
Kanskje noko av alt dette får ein plass på bloggen min i året som kjem? Den som les får sjå.

Eit ord å snu og vende på
«Du tenkjer for mykje», har eg høyrt folk seie. Sanninga er vel heller at eg føler for mykje og at dersom eg tenkjer på noko det ikkje er knytt noko for nært og personleg til, så kan kjenslene få friminutt. Det kan være fint! Slike tankar fungerer på same måten som å gjere. Praktiske oppgåver roar også ned kjenslene.
Nokre gonger kombinerer eg desse to; tenkje og gjere. Då er strykejernet og ein stor bunke med litt skrukkete, nyvaska tøy fint å gå laus på.
For ikkje så lenge sidan stod eg ved strykebrettet og tenkte på ord. Ord som fortalde om glede, ord med munter klang og ord som fekk fram gode minner. Eg oppdaga at dei aller fleste orda kunne danne utgangspunktet for lange tankerekkjer.
Dermed var idéen der. Eg kunne snu og vende på ord og skrive om det.
Eg henta papir og penn, strauk vidare medan eg tenkte på ord og kjente at eg smilte.
Då tøybunken var omgjort til samanbretta putevar, skjorter på kleshengarar og bukser over stolryggar, hadde eg ei lang rekkje interessante ord på eit ark. Plutselig hadde eg mange nye tankar å tenkje ferdig, mykje å plukke frå og mykje å skrive om. Planen er at eg tek tak i eit nytt ord kvar laurdag.
Ei lita kjensle
Når eg no skal skrive ned den fyrste laurdagskjensla her på bloggen min, kjenner eg at julehelga framleis er nær.
Det var då
etter at me hadde piska egg og sukker kvitt,
hakka mandlar,
traska i såpeglatt snøslaps
med hender såre av plastposar med tung julehandel,
reist oss og sunge
at det lyser i stille grender
Det var då
midt i alt ljoset,
etter at alt det glitrande gåvepapiret var
rydda vekk
og me likevel sat der
med kvar vår lengt
Det var då
at me nok ein gong forstod
at alle har så mykje meir å drasse rundt på
enn det me viser fram,
at me må
vere gode mot kvarandre
***
Eg har allereie rydda bort jula. No er det reint, ryddig og utan eit einaste snev av raudt her i huset. Det kjennes godt. Eg er klar til å ta fatt på 2020.
Ha det godt til me snakkast i morgon.
Helsing frå Karen-Margrethe