HEILT KONGE, BIND FOR AUGO OG MINST 30 000 TANKAR

Kjære folk!

God sundag!
Eg har sjekka gradestokken. Ikkje mykje til vintertemperatur her, nei. Seks leiande senter for vérdata er samde om at me får ein våtare, mildare og meir vindfull vinter i år enn vanleg. Slik vil det bli heilt fram til slutten av mars, seier ekspertane. Men når april kjem, vil me ha vår, ikkje sant?

Sundagane framover har eg tenkt å bringe vidare eit sitat som har fått meg til å tenkje, skrive om ei oppleving som har gjort noko med meg og prøve å setje ord på noko eg har tenkt på den siste veka.

IMG_4282
Takknemleg for gåva frå gode vener.

Eit sitat eg vil dele
Det fyrste sitatet som får plass her på sundagsbloggen min vart sagt av ein som for fem dagar sidan såg meg rett inn i augo og som utan baktanke eller mål om personleg vinning, nytta høvet til å vere raus og mild, men óg til å vere ei litt streng motkraft i tider då det viser seg at ting kan vere vanskeleg og gå på tverke for oss.

IMG_4284
Far, bestefar, høvding og heilt konge.

Den kloke og moderne kongen vår tek på seg den oppgåva som dei politikarane me har valt oss ikkje klarar. Han samlar oss og fortel oss at
«Vi må leve med at vi er forskjellige.
Vi må klare å se utover vår egen teig.
Vi må tørre å innse at vårt verdensbilde kanskje ikke er det eneste rette.
Vi må finne oss i å bli utfordret – ja til og med såret.
Slik er det å leve sammen – både i små og store fellesskap

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
21. desember hadde eg ei vakker, neddempa og litt melankolsk oppleving. Eg skal kome attende til det.

Nokre veker før dette var me invitert til ein «dark room-konsert» hos Hi-Fi- klubben i Tønsberg. Me trudde at me skulle sitje i stummande mørke og lytte, men det vart mørkare enn som så. Alle fekk utdelt bind til å feste framfor augo og då den unge sopranen byrja å synge til gitarakkompagnement, sat eg aleine i mitt eige mørke og kjende det som om musikken var berre min. Alt var berre for meg. Opplevinga hadde eg for meg sjølv.

Attende til 21. desember:
Bugge Wesseltoft skulle spele. Nøtterøy Kulturhus var fullsett. Bugge Wesseltoft er ein av dei ypparste jazzmusikarane Noreg har og eg visste at eg ville få ei god stund med hans karakteristiske improvisasjonar over kjende songar.

Då lyset vart slått av, let eg att augo. Det var heilt stille. Ingen kviskra og ingen knitra med godteripapir. Eg kunne forsvinne inn i musikken. Bugge Wesseltoft sine pianotonar var berre for meg.

IMG_4247
Eg opplevde pianomusikk på sitt aller finaste og mest stillferdige.

Eg tilrår Bugge Wesseltoft og hans piano på det aller varmaste. Knyt gjerne bind for augo heime i eigen sofakrok. Musikken hans er god medisin mot allslags stress og uro.

Dette har eg tenkt på denne veka
Det seiest at me tenkjer mellom 30 000 og 70 000 tankar kvart einaste døgn. Dei fleste av desse tankane er ganske uviktige og handlar berre om små og kvardagslege hendingar eller problem. Slike tankar er lette å ta stilling til eller skyve unna. Men av og til dukkar det opp vanskelege tankar som råkar kjenslene. Då kan det vere vanskeleg å ikkje ende opp med å bruke timar på grubling og spekulering.

IMG_3427
Tenke, gruble, fundere, lure på, pønske, tvile, undre seg …

Av og til klarar eg fint å ta pause frå tankar som har funne vegen inn i hovudet mitt. Andre gonger kan store delar av dagen gå med til å snu og vende på desse tankane sjølv om eg veit at det er eg sjølv som har gitt tankane løyve til å ta plass i kjenslene mine. Slike dagar er ikkje yndlingsdagar, men det kan vere vanskeleg å unngå dei.

Eg har høyrt at det er mogeleg å trene seg opp til å setje av eit tidspunkt på dagen då ein kan ta seg av slike vanskelege tankar og la dei passere forbi resten av dagen. På den måten kan ein altså trene på å tvinge vanskelege tankar bort store delar av dagen og ikkje la dei stele for stor del av merksemda.

Eg trur eg har delt dette før, men det er framleis like aktuelt for min del:

IMG_4283

Eg øver meg litt kvar dag. Det er eg som bestemmer kva eg skal tenke på. Tankane mine finn av og til på mykje tull som slett ikkje er naudsynt å drive med. Det har eg tenkt at dei skal slutte med.
Det er lov å prøve i alle fall.

Her på denne plassen har eg altså tenkt å presentere ein tanke kvar veke. Det kan kome tanketull, tulletankar, seriøse problem eller slikt eg undrar meg over. Å undre seg er fint. Det vil eg gjerne gjere mykje av.

***

Eg ynskjer for alle som les dette at veke 2/2020 blir ei fin ei. Eg er så heldig at eg har gode ting å glede meg til. Det er mogeleg at dette blir høgdepunkta: Pannekakemiddag med fem barnebarn, lunsj med ei ganske ny, men god venninne og eg trur «Hver gang vi møtes» byrjar komande veke. Hurra!

Ein annan liten ting er at eg har bestemt meg for å smile til alle eg møter. Det er ikkje så lett å vere sur når munnvikene vender oppover. Eit lite smil kan kanskje og få andre til å kjenne seg litt betre.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: