God laurdagsmorgon til dykk alle! I dag inneheld bloggen min ein god porsjon harme, litt kulturengasjement og ein liten med neve varme kjensler. Eg håpar de tek imot.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi Denne veka har eg hissa meg opp. Det hender eg gjer det.
God laurdag, – den einaste dagen i veka som ikkje er oppkalla etter ein gud eller ein himmellekam. Denne dagen har fått namn etter kva folk brukte å halde på med på denne dagen, nemleg å lauge seg.
Men nok om det.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi Onsdag kom den fyrste partimålinga i det nye året. Noregs eldste parti, Venstre, fekk ein begredeleg oppslutning på 2,3%. Sidan Venstre tvilte seg inn i regjeringa for to år sidan, har oppslutninga sakte, men sikkert dala. Dette fekk meg til å tenkje på iskanten. Grunnen til det er at partiet Venstre står ovanfor tøffe tak internt i eiga regjering denne våren.
Er kjærleiken det aller viktigaste? No tenkjer eg ikkje berre på den romantiske og seksuelle kjærleiken, men også på kjærleiken til familiemedlemmer og til vener. Det handlar jo om så mykje meir enn dei aller heftigaste kjenslene, dette vesle livet.
Det er for stort. Kjærleiken får ikkje plass i eit blogginnlegg. Eg vil ikkje eingong freiste. Det er for mykje. Det er alt. Kven kan skrive om slikt? Ikkje eg, men eg skriv likevel, for ein ting veit eg; kjærleik gjer meg sårbar. Det kan eg skrive om.