KJÆRLEIKEN GJER MEG SÅRBAR

 

Kjære folk!

Det er for stort. Kjærleiken får ikkje plass i eit blogginnlegg. Eg vil ikkje eingong freiste. Det er for mykje. Det er alt. Kven kan skrive om slikt? Ikkje eg, men eg skriv likevel, for ein ting veit eg; kjærleik gjer meg sårbar. Det kan eg skrive om.

Å gøyme seg er ein naturleg reaksjon når ein er i fare, ikkje sant? I kjærleikens namn har eg plassert delar av meg sjølv bak ei maske. Der var det trygt å vere for alt det eg var redd for å vise fram. Då kunne ingen såre meg ved å avvise den eg eigentleg var.

Eg, som var svolten på kjærleik, gjorde alt eg kunne for å vere ei han ville ha. I ettertid forstod eg at då eg gøymde bort dei mest sårbare sidene mine, gøymde eg bort meg sjølv. Såra vart eg likevel.

Er kjærleik å finne ein du kan vere sårbar i lag med? Er det naudsynt at me tillet oss å avsløre dei aller sjøraste delane av det som er oss? Er det den einaste måten me kan vekse oss sterke saman?

Då kjem alle dei vanskelege «tenk om-tankane»:
Tenk om han ikkje likar det han ser.
Tenk om han ler av meg.
Tenk om han fortel det han får vite vidare.
Tenk om han går sin veg og aldri kjem att.

Å bli avvist inneber å ikkje få den positive stadfestinga ein så sårt ynskjer seg frå denne personen. Då blir det  óg naturleg å vere meir påpasseleg neste gong og kanskje ikkje tore å gje av seg sjølv.

Forfattaren C. S. Lewis skriv at det å elske er å vere sårbar. Det sikraste rådet han kan gje til dei som ikkje ynskjer å bli såra, er å la vere å gje hjartet sitt til nokon. Men me vil då vel ikkje velje bort kjærleiken?

IMG_3589

Det krev litt mot å gjere seg sjølv sårbar. Det kan kjennes svært utrygt der utanfor komfortsona når du står der med blottlagt hjarte og seier «eg er livredd, men eg tek sjansen».

Premien kan bli den kjensla av fridom du får når eit menneske aksepterer deg med alle dine feil og manglar. Fyrst då er det godt å elske.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: