URETTFERDIG ALTSÅ!

Kjære folk!

Over heile kloden er folk opptekne av rettferd. Eg har aldri møtt nokon som seier «nei, det er eg imot». Rettferd er viktig for oss alle, og både du og eg ynskjer at andre skal handsame oss rettferdig, elles kan me kome til å bli såra. Då er det vel ganske ukontroversielt å kjempe for då? Men vanskane oppstår når nokon prøver å presisere kva som ligg i denne rettferda.

IMG_3594
Heilt klart rettferdig.

Då mine ungar var små og skulle få laurdagsgodteri, var det viktig at dei fekk akkurat like mykje. Det var mest rettferdig å dele heilt likt. No aksepterer dei begge som sjølvsagt at på arbeidsplassen er det nokre som tener betre enn andre. Kva har skjedd? Kvifor vert slik ulikskap no oppfatta som rettferdig?

På Norges handelshøgskule (NHH) har dei gjort ein studie der 500 born har vore deltakarar i eit spel om fordeling av pengar. Dei fann ut at dei yngste deltakarane meinte at det var rettferdig å dele likt og at all ulikskap var urettferdig. Rundt 12-årsalderen byrja dei å bry seg om kven som hadde gjort mest for å skaffe pengane. Oppover i tenåra blei det stadig fleire som meinte at det var rettferdig med ulikskap dersom dette reflekterte forskjell i individuelle bidrag.

Desse norske forskarane fann ut at ein 10-åring er like oppteken av rettferd som ein 19-åring. Dei har berre ulik oppfatning av kva som er rettferd.

Sjølv om det skjer stor kognitiv utvikling i perioden 10 – 19 år, hevdar forskargruppa ved NHH at skiftet i synet på rettferd ikkje berre kan skuldast utviklinga av hjernen. Professor Bertil Tungodden trekkjer fram desse tilhøva som ein del av forklaringsmodellen:

  • Karaktersettinga i skulen pregar dei unge når det gjeld korleis dei tenkjer på rettferd.
  • Organiseringa av idretten er slik at etter 12-årsalderen er det greitt at dei beste spelarane får vere meir på banen enn dei andre når det er kamp.

Tungodden trur at me alle er prega av eit samfunn som aksepterer ulikskap på grunn av individuelle prestasjonar, men han er overraska over kor sterkt individuelle prestasjonar vart vektlagt blant dei unge som var med i studien.

Frå anna forsking veit me at samfunn med høg økonomisk ulikskap blir meir ustabile, er meir valdelege og skapar mindre velstand. Menneska trives altså ikkje med ulikskap og vil instinktivt kjempe imot det. Likevel godtek me ulikskap dersom det blir sett på som rettferdig.

Me forventar at me får tildelt litt ekstra for stor innsats og me reagerer på det dersom nokon får meir enn andre på eit grunnlag me meiner er urettferdig. Me ynskjer oss rettferd, men me blir ofte usamde når det kjem til verkemiddel som for eksempel

  • Offentleg utdanning
  • Progressiv skattepolitikk
  • Fjerning av privilegium
  • Støtteordningar

Me meiner at alle skal starte med likt utgangspunkt uansett kva slags situasjon me er fødde inn i. Men kva med dei som likevel ikkje klarar seg så godt i eit rettferdig samfunn?

Er det mogeleg å utrydde fattigdomen slik at alle får dekka alle dei grunnleggjande behova sine? Dersom svaret på dette er ja, vil alle då klare å slå seg til ro med det utan samstundes å krevje at dei rike burde bli mindre rike? Og kor lett er det å få folk til å gje slepp på privilegia sine?

Dersom me utvidar rettferdstankegangen til ikkje berre å gjelde vesle Noreg, men også for resten av verda og handle om rettferdig fordeling av både makt og ressursar, – då er me inne på enda større og vanskelegare politiske debattar.

No har me fjerna oss umåteleg langt frå slikt småtteri som

  • Skal alle elevar ha like mykje lekse eller skal dei gjere lekse like lenge?
  • Skal mannlege søkjarar til sjukepleiarutdanninga få kjønnspoeng for å sikre betre kjønnsballanse?
  • Skal me krevje kronetillegg eller prosenttillegg ved neste lønsoppgjer?

Uansett kva slags svar me gjev på desse spørsmåla, kan nokon kome til å rope «Det er urettferdig!!»

Ulike interessegrupper har for lengst funne ut at ein kan mobilisere folk gjennom å appellere til rettferdssansen deira. Men kva som er rettferdig og korleis ein skal få til rettferd, det er det ofte vanskeleg å bli einige om.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: