Kjære folk!
Er kjærleiken det aller viktigaste? No tenkjer eg ikkje berre på den romantiske og seksuelle kjærleiken, men også på kjærleiken til familiemedlemmer og til vener. Det handlar jo om så mykje meir enn dei aller heftigaste kjenslene, dette vesle livet.
Sove hos farmor
Eg sit og ser
deg
og høyrer pusten
din,
du vesle, som søv
Eg kjenner kvar minste
rørsle, ensar mi redsle
for at eigne hjarteslag
er så sterke at dei
kan vekkje
Det luktar svakt
av varmen
frå deg og
eg torer
mest ikkje noko
anna enn
å sitje og sjå
deg
og høyre pusten
din,
du vesle, som søv
i fanget mitt.
Mor og son
Høgt elska lenge før
du låg der
liten
raud og
rar
lyfta eg deg
bar og byssa
Framleis
vert hjartet mitt
stort og
bankande varmt
når du lyfter meg
svingar rundt
og flirer
«ikkje ver redd,
vesle mamma;
det vil helst gå
bra!»
Kjære
Eg skulle så gjerne,
men klarar ikkje
fange deg opp
i amane mine,
lyfte deg med sterk rygg,
frakte deg bort
frå alt som er tungt
å bere
Men eg vil
meir enn gjerne
bøye meg djupt,
strekkje meg langt
for å bere børa di
med varmt hjarte
og rolege hender
falda i bøn.
Kvar dag
Kvar ny dag
vil eg velje
deg
Kvar kveld
sleppe deg laus
Kvar morgon
vil eg spørje
Kvar kveld
gje deg svar
Ingenting er sjølvsagt
Kjærleik kan ingen
hogge i stein
Og då ynskjer eg alle ei god helg! Ta vare på dei ørsmå kjærleikstundene.
Helsing frå K-M