Kjære folk!
Dette er ein stolt dag! Heilt sidan 1974 har TV-aksjonen blitt gjennomført i Noreg og det er no ein tradisjon at bøsseberarar går frå dør til dør for å samle inn pengar til eit godt formål. Dersom me måler innsamlingsaksjonen i innsamla pengar per person, er den årlege norske TV-aksjonen verdas største innsamlingsaksjon. Sidan 1974 har me samla inn heile ni milliardar.
I år går pengane til organisasjonen CARE og eg håpar at me kjem til å gje slik at me kjenner det, – kjenner det litt i alle fall.
Dersom kvinner og jenter får lov til å arbeide, får råderett over sin eigen kropp, får gå på skule, trygt kan seie ifrå, bli høyrt og får delta i politisk arbeid, då vil me og oppnå mindre svolt, mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd.
Eg skriv om verdiar for tida. Det skulle ikkje vere naudsynt å peike på gode verdiar i denne samanhengen. Her er dei samla elle dei det er verdt å kjempe for.
Eg ynskjer alle ein god og raus sundag!
Helsing frå K-M