INDREMISJONSSELSKAPET, Y-BYGG OG Å MÅLE KJÆRLEIK

Kjære folk!

God laurdagsmorgon til dykk alle! I dag inneheld bloggen min ein god porsjon harme, litt kulturengasjement og ein liten med neve varme kjensler. Eg håpar de tek imot.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Denne veka har eg hissa meg opp. Det hender eg gjer det.

Eg høyrde om det onsdag kveld og eg tenkjer framleis på folkehøgskulen til Indremisjonsselskapet på Sjøholt på Sunnmøre. Der er det no slik at dei ikkje tilset lærarar som har born utanfor ekteskap. Lærarar kan ikkje leve i eit homofilt parfold og skilde er heller ikkje kvalifiserte til ein lærarstilling ved skulen. For å bli tilsett, må ein skrive under på det dei kallar eit «verdidokument» og må dermed stelle seg bak strenge føringar i synet på ekteskapet.

IMG_3967
Her ved dette korset som er reist langs vandrevegen i Tyrol, står det ikkje noko skilt om at skilde og sambuande homofile ikkje kan utøve religionen sin.

Er det slik at det er greitt i Noreg å krevje slikt i ein tilsetjingsprosess? Er ikkje dette diskriminering? Dersom det er tillagt desse stillingane å halde andakt eller drive trusopplæring, så kan det i spesielle høve vere lovleg å stelle visse krav. Men kan ikkje homofile, skilde og einslege mødrer vere like gode til å gjennomføre aktivitetar med religiøst innhald som alle andre? Dersom dei ikkje blir tiltrudd å vere det, då er det ikkje den guden eg av og til sender mi kveldsbøn til dei trur på på Indremisjonsselskapet sine skular.

Dette er forhistorisk og trist. Minner det ikkje veldig om fundamentalisme? Eg meiner at det ikkje er på bakgrunn av slike «verdidokument» me skal tilsetje folk til å ta vare på ungdom i ein svært sårbar fase av livet. Dersom det viser seg at dette er innafor Noregs lover, må dette opp til debatt. Slik skal det ikkje vere i demokratiet vårt.

Og forresten; kvifor er det akkurat ekteskap og seksualliv som får slikt hovudfokus? Kvifor ikkje eit av dei andre gode «bibelorda» som for eksempel miskunn, nestekjærleik, tilgjeving og sanning? Kva med å måtte skrive under på at ein ikkje skal mobbe, baktale eller ljuge for å oppnå eiga vinning?

Indremisjonsselskapet eig eller er deleigar i rundt 30 skular i Noreg. Eg berre nemner det.

Eit ord å snu og vende på
Ordet i dag er Y-bygg.
I 1969 vart den Y-forma bygningen i Regjeringskvartalet opna. Den er teikna av arkitekt Erling Viksjø og rekna som eit av hovudverka i seinmodernismen i Noreg. Kunstverka «Fiskerne» og «Måken» av Carl Nesjar og Pablo Picasso er integrert i bygget.

IMG_4334
«Fiskerne» av Carl Nesjar og Pablo Picasso

Den regjeringa som nyleg måtte klare seg utan Frp, bestemde at Y-blokka skulle rivast. Eit samla fagmiljø har protestert og seier at å demontere kunstverka av Nesjar/Picasso og rive Y-blokka er både kulturlaust og historielaust. Kommunaldepartementet har utsett rivinga. Tyder det at det er håp om at regjeringa vil gjere om vedtaket?

Fram til 3. mai er det ei utstilling på Henie Onstad-senteret som blant anna fortel kva slags kulturhistorisk bygg Y-blokka er og som viser det spesielle samarbeidet mellom Nesjar og Picasso. Eg trur det er verdt å ta seg ein tur.

IMG_4336
Y-kyrkja i Holmestrand

Holmestrand har og eit Y-bygg. Det bygget er godt ivaretatt og ganske nyleg restaurert. Holmestrand kyrkje er ei Y-kyrkje frå 1674. Byggverket er i tre og har 300 sitjeplassar. Denne planforma for kyrkjer vart populær i siste delen av 1600-talet. Det fantes 10 Y-kyrkjer i Noreg. No er det berre fem att.

Me må ta vare på desse kulturhistoriske Y-ane våre.

Ei lita kjensle
Kan me elske mykje, lite, høgt og lågt? Korleis kan me eigentleg vite om me elskar? Ingenting her i livet er hundre prosent. Det veit eg. Eg veit og at kjærleik ikkje handlar om kjensler aleine. Det handlar og om vilje.

IMG_4480
Hjartet i ein kopp capuccino

Korleis kan me måle kjærleik?
I kor langt eg ville gå på beina mine for å redde deg?
I om eg ville gå i fengsel for di skuld?
Eller burde me måle med enklare einingar;
i om eg kunne leva utan å eta grønsaker i eit heilt år
eller
i om eg kunne halde meg unna all nettbruk i to heile månader?
Dersom du ynskte det?
Dersom du ville at det skulle vere slik?
Det må vere nok at eg
tenkjer det
mest kvar dag
at eg elskar deg

Sanninga er
at eg ikkje kunne elske
dersom du kravde

IMG_4534
Dette hjartet tråkka eg i sanden på Kapp Verde.

***

Det var det for i dag. Berre ein liten tanke til slutt:
Er det naivt av meg å tru at dersom eg er blid, grei og snill så vil det hende hyggelege ting? Sannsynlegvis er det både barnleg og einfaldig. Eg har svært blå auge og er sannsynlegvis godtruande nok for heile familien.
Men skadar det?

Eg håpar at dette blir ein god dag.

Helsing frå Karen-Margrethe

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “INDREMISJONSSELSKAPET, Y-BYGG OG Å MÅLE KJÆRLEIK”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: