Å KOME HEIM

Kjære folk!

Kor godt er det å kome heim?

Då eg var ein unge, då var det å kome heim det same som å kome dit eg budde saman med mor og far min. Det var der dei gode klemmane, dei trygge fanga og den vante lukta var.

«Home is where your heart is», seier eit ordspråk. I går, då me låste opp ytterdøra og bar koffertane våre inn i gangen, kjende eg at eg var heime. Her har eg den blå sofaen, bøkene, bileta og skrivepulten. Her kan eg tutle med mitt heile dagen og sovne under mi eiga dyne. Her har eg familie i gangavstand, trivelege naboar, aviser på frukostbordet og radio med norske programpostar.

IMG_2887
Å kome heim

Det beste av alt er at han, som steller så fint med hjartet mitt, kom heim saman med meg og kjende det same; det var godt å kome heim.

Me har snakka om det. Me skal ikkje gjere slik som så mange andre på vår alder gjer. Me skal ikkje kjøpe oss eit treroms husvære. Ikkje endå i alle fall. Me vil leve eit liv som gjer at me treng stor plass. Her har me kvart vårt kontor der me kan vere aleine og gjere som me vil blant ting me har med oss frå kvar vår eiga historie. Her har me god plass i boden og mange skuffar og skåp slik at me kan ha både orden og system i vårt eige og vårt felles rot. Her har me stort bord der me kan dekkje til mange gjester, og gjesterom slik at folk kan gå og leggje seg når alle har fått nok og natta fell på. Her kan me stelle den litt for arbeidskrevjande hagen og spele så høg musikk me berre vil når me har heime aleine-fest etterpå, – berre han og eg.

Me har vore på tur i fleire veker langt av garde, gjesta framande kulturar og dansa til ukjende tonar. No treng me kanskje nokre dagar på å kome oss gjennom dette fysiske rusket som det å reise så mange timar utanfor eiga tidssone gjer med oss. Men det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Klokka halv fem i dag stod eg opp til dette vedunderlege ljoset

IMG_2889
Tidleg morgon i Holmestrand

Det var godt å kome heim.
Det er godt å vere heime.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

5 kommentarer om “Å KOME HEIM”

    1. Hei, Betina! 🙂
      For det første; så hyggelig å ha fått deg som leser!!
      Du har så rett. Uansett hvor godt man har det borte, så er det kjempegodt å komme hjem til sitt eget!

      Liker

      1. Hei hei. 🤗tusen takk det samme. Elsker å komme hjem etter tur eller bare en lang dag vekk. Litt av en hjemmekjær sofsgris

        Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: