ETTERTANKAR

Kjære folk!

I morgon er det slutt på Asia-opplevingane våre, og det er tid for å tenkje litt etter.

IMG_2502
Dette biletet frå China Town i Singapore tok eg ein av dei fyrste dagane på reisa vår.

Varmen og den høge luftfuktigheita har innimellom vorte litt mykje for meg, og nokre gonger har eg kjent det slik:

Eg søker skuggen
leitar etter stader
der greinene spreier
dusare tonar
på dei grågule flisene

Eg står heller
i eit støvete hjørne
utan sol
enn på den blankpussa
trappa
mellom gullpynta pagodar
og sylvskimrande statuar

Heime er det vår.
Eg lengtar.

***

Kvar dag har eg hatt med meg ei lita notatbok og skrive ned ting eg har høyrt. Her er noko av det me har høyrt folk fortelje oss. Alle har hatt god utdanning og fast arbeid. Ingen av dei var altså fattige. Fyrst fire frå Singapore:

  • Eg har to born på 18 og 22. Den dagen begge er ferdige med å studere, kan kanskje eg og mannen min ta oss ein liten ferietur.
  • Systera mi er enke. Ho slit økonomisk sidan ho må betale for barnehagen til den yngste og skulen til den eldste. Det er tøft. Eg let dei bu hos oss.
  • Ingen her kan kjøpe seg ein bolig. Det er dei rike som eig. Me andre må leige.
  • Slikt som er unødvendig kan eg ikkje bruke pengar på. Tenk om eg vert sjuk.

I Bangkok høyrde me dette frå ein mann midt i trettiåra:

  • Mor og far har tatt seg av meg. No er dei gamle, og det er min tur til å ta meg av dei.
  • Heime er me åtte; mor, far, syster mi, den andre systera mi, mannen hennar, dei to borna deira og så eg då. Me har god plass, fire rom og kjøkken.

I Saigon var det ei som svarte slik då me spurde om tryggleiken i byen:

  • Det er politi over alt, men du ser dei Det kryr av dei. Dei er under cover.

Då me passerte ein stor marknad i Hue, kjende eg godt att meg sjølv på 70-talet då den unge, kvinnelege guiden utbraut dette:

  • Det er berre kvinner som går på marknaden for å handle inn den maten familien treng. Kvinnene kokar heime, men ute på restaurantane er det mennene som kokar. Då kallas det å vere kokk.

***

Eg har ofte prøvd å tenkje meg inn i korleis det ville ha vore dersom eg hadde vakse opp akkurat her, her eller her, – leika i desse gatene, sove i dette huset, dersom ho der hadde vore meg, – men det er sjølvsagt umogeleg å førestelle seg. Eg har jo berre vore ein tilskodar.

IMG_2797
Korleis hadde eg hatt det dersom eg budde her, i dette huset utanfor Ha Long?

***

Akkurat no, når eg sit i Hong Kong og snart er på veg heim, er det dette eg sit att med:

  • Hundrevis av BILETE inne i hovudet mitt. Desse skal eg ta fram mange gonger, og om att og om att kalle fram lukta, smaken og lyden av Asia.
  • Eg er OVERVELDA. Alle desse opplevingane, alle desse menneska, alle desse gode smila og alt dette strevet deira.
  • TAKKSEMD over det norske tryggleiksnettet som gjer at i Noreg kan dei fleste av oss, sjølv som gamle og sjuke, kjenne oss sikre på at me kan lande utan å slå oss for hardt og for mykje.
  • URO for at det likevel finnes politikarar i Noreg som vil stramme inn regelverket, ramme dei som slit mest og fjerne stønad til dei som allereie har lite.
  • GLEDE over snart å vere heime og over at eg framleis kan kjenne denne kamplysta svulme og gnage i meg.

***

Eg avsluttar med ei bilete frå vakre Singapore.

IMG_2369

Takk for meg, Asia!

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “ETTERTANKAR”

  1. Vakkert bilde fra Singapore. Det er fint å kunne farte rundt i verden og «se», men ikke så sikkert at det hadde vært like stas å bo «rundt omkring». Vi har tross alt et godt system her hjemme som gir alle rett til grunnleggende ting sånn som skolegang, behandlig når vi blir syke, hjelp når vi blir gamle osv.

    Liker

    1. Ja, og som en skrev i dag; det er kanskje først når man er borte fra det og ser hvordan andre har det, at man lærer seg å sette pris på det man har hjemme.
      Takk for fin kommentar, Liv😊

      Liker

  2. Hei! Veldig artig å lese bloggen fra Asiareisa. Er det en tur dere har lagt opp sjøl, eller hvilket reiseselskap tilbyr noe så mangfoldig og spennende?!
    Hilsen Birgit

    Sendt fra min iPad

    Liker

    1. Hei, Birgit! Så veldig hyggelig at du leser bloggen min!!😍 Denne turen har vært en kombinasjon, men uten reiseselskap. Vi dro til Singapore og var der i fire dager uten annet opplegg enn vårt eget. I Singapore gikk vi på en cruisebåt som hadde to anløp i Thailand og tre i Vietnam. Alle disse stedene hadde vi forhåndsbestilt guide. I Hong Kong har vi vært uten guide, men vært godt forberedt. 🤗

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: