HEIME PÅ ÅL

Kjære folk!

I april i år fann eg ein invitasjon i postkassa. «Kjære 50-årskonfirmant!»
Det seiest at tida går så fort for gamle folk … men gamal er eg då slett ikkje, sjølv om eg har mista både karriera og sprettrumpa. Eg måtte likevel vedkjenne meg at eg ikkje kunne begripe kvar alle desse åra hadde tatt vegen. Er det femti år sidan eg fekk bunad, sidan eg var midt i mi fyrste forelsking, sidan eg gjekk på dans på Sundrehall for fyrste gong og kjende våren bruse i tre-firedelstakt?

IMG_0934

Eg takka ja til invitasjonen. Eg gledde meg, men gleda hadde og molltonen i seg.

Det er alltid annleis
å kome dit
enn alle andre stader. Der
eg leika og sprang
Den bratte skulevegen
Det fyrste kysset vil alltid vere berre
der eg
har ståplass

Det er alltid annleis. Likevel slik
det har vore
Eg blir lita
med ryggsekken fylt opp
av heime

Like sårande vakkert
som sommarregnet

Framleis seier eg «heime på Ål» når eg fortel folk kvar eg kjem ifrå. Eg kjenner ikkje mange der, og mest ingen kjenner meg. Men eg har gravene. Eg må heim for stelle gravene.

Eg ville så gjerne
ha lokka lovsongen fram
i andletet hans. Ynskte
at eg kunne ha tala lågt
til han. Kviskra
at nakken hans alltid var vakker
og trygg å sjå. Lova
at draumen skulle
verte verkeleg
Om ikkje anna, ville eg ha
opna vindauget
og henta inn natta

 Den dagen kom hausten
Tåka låg tett over vidda då
far min døydde
Det var spor
I det frosne graset

 Når tåka legg seg
dreg eg dit
for å danse
med dinglande armar

Av og til har det hatt seg slik at eg har reist forbi. For ein ekte jernbaneunge, har det  sjølvsagt vore naturleg å ta toget.

Eg hadde med meg alt
Eg hadde tenkt på alt og
gledd meg
til stopp på unike stader
der nokon kom på
medan andre gjekk av med si forteljing, med sitt
som eg ikkje trong
å bry meg om. Eg
tok plass og var
klar
for å sitje
for berre å vere ein siluett mot det kalde
vindauget, for å fare
gjennom den langstrakte fjellkommunen, fare
forbi alt og
late alt liggje.

Det var ungar langs vegane
solflekkar på berga
løvetann i liene
flaum i elva og våronn på jordene
Det stod folk på plattforma og tok imot. Eg
vart sitjande med sorg
over dalen
som ikkje lenger var min

Denne gongen gjekk eg av toget. På plattforma stod ei og tok imot meg. Me fann tonen, lo av alt og snakka i munnen på kvarandre om ingenting. Nett slik som for femti år sidan.

Eg var heime på Ål.

Helsing frå K-M

PS:
Dette innlegget er omtrent det same som eg hadde inne i Hallingdølen i vår ein gong.
DS

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “HEIME PÅ ÅL”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: