Kjære folk!
Dette er det tolvte innlegget eg skriv om sansar og å sanse. Eg har lært myke, tenkt mykje og kjent etter kva dette temaet har å seie for meg i mitt eige liv. Eg trur eg kan seie det slik at resultatet av desse dagane, er at eg har bestemt meg for å vere meir medviten når eg ser, høyrer, luktar, smakar og kjenner på noko. Eg vil prøve å ta imot det som kjem med opne sansar og bruke både tankar og kjensler til å gjere meir av det som er bra.

Eg skal halde rundt den raude, fine kaffikoppen min med begge hendene, kjenne varmen inne i handflatene, snuse inn aromaen og glede meg til den gode smaken.
Når dei nære og kjære kjem inn, skal eg sjå dei, høyre stemmene, få den gode klemmen og kjenne lukta av at no er dei her.
Eg skal tenkje på å ha minst tre fargar på middagstallerkenen og fortsetje å leite etter umamismaken når eg lagar saus.
Eg skal høyre høg musikk, klappe hundar, leike med ungar og nyte lukta av reine klede.
Eg skal glede meg over kvart einaste skritt ute i naturen og leite etter det som er vakkert både i det store og det vesle.
Det kan godt vere at kvardagen bringer meg attende dit der eg tek det meste som heilt naturleg. Sannsynlegvis vil eg slutte å tenkje over at eg ser, høyrer, kjenner, smakar og kan lukte alt eg har rundt meg. Eg er redd for det, ja. Men eg skal prøve. Eg skal minne meg sjølv på alt det eg har å vere så glad for. Eg trur ikkje dette vil gjere meg til eit dårlegare menneske å vere i lag med.
I dag vert det enkelt. Eg har vårblomar eg skal plante i våt jord, eg skal klemme ei svært god venninne, me skal ete middag på restaurant og me har billettar til konsert med 12 tenorar i Oslo Konserthus.
Måndag skal eg skifte tema. Det gler eg meg til óg.
Helsing frå K-M