SANSEN FOR KVARANDRE

<a href=»https://www.bloglovin.com/blog/19868091/?claim=st4qexmda3k»>Follow my blog with Bloglovin</a>

Kjære folk!

Eg har sansen for mykje og for mangt. Heldigvis er det nokre som har sansen for meg og. Det kjennes godt!

Eg brukte å seie det slik at det var tre slags skapningar eg hadde draget på: Bikkjer, småungar og gamle gubbar. Då var det vel heller ikkje så merkeleg at dei hadde draget på meg.

Eg var livredd hundar, men dei var stort sett svært interesserte i å ha kontakt med meg. Situasjonen kjendes ugrei. Resten av familien ynskte seg hund, og eg tenkte at det kunne vere ein fin måte å bli kvitt denne redsla på. No er det meir enn 20 år sidan eg møtte Jazz, Han var bitte liten den gongen, men vaks fort og vart ein meir enn 67 kg tung Berner Sennen-mann. Ståande på bakbeina med framlabbane på skuldrene mine, var han hovudet høgare enn meg. Redsla vart sjølvsagt kurert, og no har hundane og eg stort sett sansen for kvarandre.

IMG_2159
Jazz og eg hadde sansen for kvarandre.

Eg har aldri hatt store vanskar med å få kontakt med små ungar. Det er kanskje slik at dei likar meg fordi eg likar dei. Eller er det mogeleg at dei merkar at eg likar å leike? Er det slik at ungar er utstyrde med ein sans som fortel dei kva slags vaksne som av og til finn det meir morosamt å synge, tulle og lese høgt enn å sitje fast i den knusktørre vaksenrolla si?

Heilt frå eg var ganske lita, har eg syntes at det var lett å finne på noko å snakke om saman med gamle folk. Dei var alltid så blide, tålmodige og interesserte, og eg var glad for å ha kontakt med dei. No, når eg skriv dette, kjem eg til å tenkje på at når eg tullar og snakkar med ungar, så tenkjer kanskje dei at det er fint å ha kontakt med slike gamle folk …

Eg trur at å ha sansen for kvarandre handlar om kommunikasjon og at alle likar folk som er venlege og interesserte. Det er ingen grunn til å spele «hard to get», og heller ingen grunn til å vere nervøs. Desse kvardagsmøta handlar jo berre om å ha det fint der og då. Dersom resultatet vert eit hyggeleg samvære for begge, kan det føre til eit lite lyft og auka sjølvkjensle  – for begge.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: