Kjære folk!
Kvar av oss har to hender. Dette er armens ytste og mest rørlege del. På kvar hand sit vanlegvis fem fingrar, og ei hand har 27 knoklar.
Då menneska byrja å gå på to, utvikla hendene seg til reiskap som kunne gripe og føle. Tenkjer du av og til på desse hendene dine?

Linjemønsteret på innsida av fingrane vert danna allereie ved fosterstadiet og held seg uendra heile livet. Dei dannar mønster som er forskjellige hos alle menneske, og den same kombinasjonane av detaljar finnes heller ikkje på to fingrar hos same individ. Er det ikkje fantastisk?
Med fingertuppane kan me plukke opp smårusk, skrelle appelsinar og brodere korssting, og fingertuppane har så tett med reseptorar at det er mogeleg for blinde å lese med dei.
Hendene er alltid der. Tenkjer me nokon gong over korleis me hadde hatt det utan? Set me nok pris på desse reiskapane som me med tålmod og sterk vilje kan øve opp til å
- danse over dei 88 tangentane på eit flygel og skape vedunderleg musikk
- strikke genserar med innvikla og fleirfarga mønster og
- skrive på PC-en vår i rasande fart utan å bomme på ein einaste tast.
Me kan ikkje sjå, høyre eller lukte med hendene, likevel er dei viktige når me skal ta imot sanseinntrykk frå omverda. Me kan famle oss fram i mørket og finne det me leitar etter. Hendene kan fortelje oss at badevatnet er passeleg varmt og at pleddet er vevd av ull. Me treng heller ikkje å slå på lyset for å finne den kjolen med det mjuke stoffet som heng inst inne i skåpet.
Desse uvurderlege hendene.
Helsing frå K-M