SJÅ PÅ HENDENE

Kjære folk!

«Eg ser på hendene dine», sa mor mi. «Dei held på så mjukt og samstundes så raskt. Dei er gode å sjå på.» Dette er noko av det eg hugsar best av alt det ho sa til meg. Det gjorde noko med meg. Når eg er lei meg, så ser eg på hendene mine. Ho hadde rett. Dei er mjuke og raske. Det er heilt sikkert dine og.

IMG_1024

Eg tenkjer på alt det desse hendene har gjort og kva dei har vore med på gjennom livet. Eg tenkjer på dei som har lagt handa si i mi og dei eg har kunne late handa mi kvile hos. Eg tenkjer på barnehender, små, mjuke og varme, som har funne tryggleik berre fordi dei hadde mi hand å halde i. Eg tenkjer på kjærastar som hadde hender som ville altfor mykje og på andre som ikkje våga noko.

Hendene mine har prøvd og dei har feila. Hendene har prøvd igjen og fått det til. Hendene har varma seg over glør og vore iskalde inne i våte vottar. På kvinners vis har dei vaska, vaska og vaska endå meir. Dei har prøvd å rekke over alt, klappa i høglydt begeistring og ramla slapt ned langs sidene mine når ingenting gjekk som det skulle. Dei har alltid vore der og gjort det eg har bedt dei om å gjere. Ingenting har nokon gong vore hendene si skuld.

Eg
ser på hendene
når dei kviler
ligg i ro
som i kista

 ser på hendene
når dei kjælar
over reine klede
blanke flater

 ser på hendene
når dei skundar seg
i blomebedet
i vaskevatnet

 ser ikkje hendene
når dei turkar
eigne tårer
når dei stryk
eige kinn

då let eg att augo
og takkar

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “SJÅ PÅ HENDENE”

    1. Tusen takk, Liv! Det kjem fleire innlegg om hender utover denne veka. Kanskje du kjenner deg att i fleire av dei? Det er i alle fall triveleg å ha deg som lesar. Ha ein finfin tysdag! Helsing K-M

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: