Kjære folk
Kor godt er det å kome heim?
Då eg var lita, då var det å kome heim det same som å kome dit eg budde saman med mor og far min. Det var der dei gode klemmane, dei trygge fanga og den vante lukta var.
«Home is where your heart is», seier eit ordspråk. Onsdag, då me låste opp ytterdøra og bar koffertane våre inn i gangen, kjende eg at eg var heime. Her har eg den raudvinsraude sofaen, bøkene, bileta og skrivepulten. Her kan eg tutle med mitt heile dagen og sovne under mi eiga dyne. Her har eg gode vener, grovt brød, Hallingdølen i postkassa og radio med norske nyhende. Det beste av alt er at han, som steller så fint med hjartet mitt, kom heim saman med meg og kjende det same; det var godt å kome heim.

Lønna helsa oss «velkomen heim» med sine vakre haustfargar.
Me har vore på tur i fleire veker langt av garde, vandra på framande stader saman med folk som høyrer heime der. Me har fått lære om ting me ikkje visste at me skulle møte og sett og høyrt om saker me ikkje visste fantes. Me trengte nokre dagar på å kome oss gjennom det fysiske rusket som det å reise så mange timar utanfor eiga tidssone fører med seg. Erfaring viser at slikt slett blir ikkje blir enklare ettersom åra går og alderen set sine små preg på kroppen.
Me har lært mykje, som for eksempel at Vancouver har to større sjøflyhavner der det tek av og landar sjøfly fleire gonger kvar time heile dagen. Det underlege er at uansett kor framande ting er, så ven ein seg til det. Etter kvart la me nesten ikkje merke til korkje lyden eller synet.

Eit sjøfly kjem inn for landing i Vancouver
Me har fått bekrefta at alle medaljer har ei bakside og at ein aldri skal la seg lure av glansbilete. Vancouver er ein by med lite synleg politi, med parkar og store, grøne lunger der ujålete folk ruslar rundt sjølv midt i finansstrøket. Men i reine gater, mellom bygningar med slåande vakker arkitektur, er det folk som slit med store utgifter og svært høge matprisar. I bakgater og trappeoppgangar er det dei som søv ute med alt det dei eig i ein plastsekk ved sida av seg. Uansett kor fint alt synes å blinke og skine på framsida, så er det folk som slit der skuggen fell som mørkast.

Vancouver er ein vakker by.
Regnskogen i Canada og Alaska er enorm. Den årlege nedbørsmengda kjem enkelte stader opp mot 4000 mm i året. Skjegget på skogen blir kalla «old mans beard». Den vitnar om luft som er utan forureining.
Trea i regnskogen kan bli over tusen år gamle. Når eit tre veltar og døyr, slår nye tre rot i det gamle treet som då får gje næring til nytt liv.

Vakkert «old mans beard» i regnskogen i Ketchikan, Alaska
I Alaska fekk me møte ei gruppe som representerte urfolket på staden. Dei fortalde stolt om kulturen sin. Me fekk danse og synge saman med dei og lære om kunsten og familielivet. Eg hadde trudd at totempålane hadde noko med religion å gjere. Det var ikkje sant. Det handla derimot om ære, skam, forteljing, mysterium og av og til var pålen rett og slett som eit namneskilt for dei som budde der.

Eg hadde også trudd at urfolket budde i reservat. Det var ikkje sant. I Alaska budde dei i husa sine slik som oss.
Av det eg fekk høyre, likte eg aller best det eg lærte om korleis borna fekk etternamnet sitt. Folk gifta seg aldri med nokon som hadde same slektsnamnet som seg sjølv og borna bar mors slektsnamn vidare. Men kva dersom ein kar forelska seg i ei som ikkje var av urinnvånar-slekt? Då vart ho adoptert av ei av dei andre slektene slik at borna kunne bere det slektnamnet vidare.

Me var ikke så mange til stades for å sjå og høyre, men dei gav «alt» her på sedertre-golvet.
Etter som dagane gjekk, vart me svært svoltne på stoff om både norsk og internasjonal politikk og me gjorde det me kunne for å få med oss det meste. Det er nemleg ikkje berre enkelt å få med seg norske nyhende når ein ferdast i område som er så langt unna og ligg så djupt mellom så høge fjell. Likevel fekk me sjølvsagt med oss at medan me var utanfor Europa i tre vekers tid, gjekk det verkeleg føre seg her heime.

Dette biletet er visst frå valdagen, – før det heile rulla i gang og Erna framleis var stjerna.
På flyet attende frå Vancouver kjende me at flyselskapet me nytta hadde tatt mange musesteg mot eit jamstelt samfunn. Frå Vancouver til Amsterdam: kvinneleg flykaptein og mannleg flyvert. Frå Amsterdam til Oslo: kvinneleg flykaptein og mannleg flyvert.
Me har altså vore turistar. Kva synes dei som bur i Alaska om alle desse turistane, turistbåtane, ekskursjonane og souvernirbutikkane? Svaret på det er at dei aller fleste klarar seg ikkje utan. Gullgravertida er for lengst over, det er ikkje så mange som kan leve av laks og nasjonalparkane treng ikkje fleire arbeidarar enn det dei har. Utan turistane ville mange små samfunn vore fråflytta. Frå november og ut mars er det lite å ta seg til. Folk ventar på april og på at turistane og sesongarbeidarane skal kome attende.

For oss var Alaska ei fyrste- og sistegongsoppleving som me vil bere med oss vidare.
Det er fint å vere på tur, men det er aller best heime.
Helsing frå
Karen-Margrethe
