NESTEN HEILT KJEMPEGLAD

Kjære folk

(Skal eg merke dette med reklame tru?
Du har kanskje lest eit dikt eller to på bloggen min?
No ynskjer Lyrikkforlaget å gje ut dikta mine. 

Me er kjempeheldige som har ein svært dyktig fotograf her i bygda vår. Eg var hos Ole Johannes Brye berre for nokre dagar sidan. Han er så profesjonell og hyggeleg at fotostunda ikkje vart så klein som det eg frykta. Bileta skal nyttast av forlaget i samband med bokutgjevinga.

Eg er sjølvsagt kjempeglad, – det vil seie nesten berre glad, for etter mange godord om språk, emne og ordval, skriv dei slik i det fyrste brevet eg fekk frå forlaget:
«Problemet er at du (…) må regnes for å være et ukjent navn på forfatterhimmelen. Dette gjør boken vanskelig å selge. Bokbransjen har hardnet betraktelig til de siste årene, med tendenser til favorisering av bestselgerlitteratur på bekostning av bredden. Vi som forlag jobber aktivt ut mot bokhandlere med alle våre utgivelser, både gjennom våre kataloger og ved personlig salg, men vi erfarer at både bokhandlere og presse ofte er lunkne til nye og ukjente forfattere.»

Og så kjem grunnen til at eg berre er nesten heilt kjempeglad. Sidan eg ikkje er kjendis, ber dei meg om å førehandselje eit antal eksemplar før boka går i trykken. Eg har full forståing for utfordringa det er å selje ei bok av ein litt gammal ikkje-kjendis som har skrive dikt som ikkje rimar eingong.
Eg skjønar bodskapen, men eg likar ikkje oppgåva. Dette er flaut, men likevel spør eg: Kan du som les dette ha lyst til å kjøpe diktboka mi som har arbeidstittelen ALLER HELST VIL EG DANSE?

Det har sjølvsagt vore ein del arbeid fram til no og Lyrikkforlaget lovar meg at jobben slett ikkje er unnagjort. 

Eg kjem til å sende ei liste over dei som melder seg. Desse vil då få tilsendt boka heim til seg med det same den er klar frå trykkeriet saman med faktura (kr 329,- + kr 50,- i porto). Det er ikkje eg som har fastsett prisen altså.
Dei som ynskjer å kome med på denne lista, må sende meg namnpostadressee-postadresse og telefonnummer på Messenger eller på sms (tlf 992 50 965). Eg blir veldig glad dersom det viser seg at det finnes folk som ynskjer å lese dikta mine. 

Eg veit ikkje eksakt kor lang tid prosessen fram til ferdig bok vil ta, men forlaget skriv i eit av breva sine at «Noen eksakt dato kan vi ikke sette, men vi anslår utgivelse i januar/februar.»
For fyrste gong i livet får eg redaktør som skal sørge for språkvask, korrektur, design, layout osv. Eg har sendt frå meg eit fyrsteutkast med rundt 80 dikt. Det skal bli spanande å sjå korleis samlinga ser ut når samarbeidet er sluttført. 

I attendemeldinga til meg frå Lyrikkforlaget heiter det: 
«Du leverer en samling tekster som tar for seg flere emner, men som likevel kretser om det viktigste og kjæreste vi har, nemlig livet. Her byr du raust på refleksjoner, observasjoner og gode råd.» 

Dei siste dagane har eg også møtt mykje velvilje og glede frå dei som har arbeidet sitt på Ål Bibliotek. Dei har tatt imot meg og bokutgjevinga med vidopne armar.

Når berre desse rundane med førehandssal er over, så skal eg vere berre kjempeglad for at eg får lov til å oppleve å samle ein del av dikta mine mellom stive permar. Eg må jo innrømme at dette har vore ein draum.

No er eg veldig spent på kva slags reaksjon eg får frå dykk som les dette.
Eg ynskjer dykk alle ein framifrå seinhaust i fortsettinga.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “NESTEN HEILT KJEMPEGLAD”

  1. Ja, der ser du kvisleis det går når man skriver godt! Bokmanuset ditt er vel praktisk talt ferdig? Jeg gleder meg til boka!
    Ofseleg mykje helsing frå’n Helge

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar