SPRÅKVASK PÅ LANZAROTE

Kjære folk!

Me har pakka koffertane våre og reist til sol, saltvatn og late dagar.
Ein av våre aller næraste er så uheldig at hen må slite med psoriasis. Naturleg sol og bading i saltvatn har ein gunstig effekt for dei fleste med denne kroniske hudsjukdomen. 
Me er altså på helsereise.

Eg har med meg Mac-en min og får gjort litt av kvart anna medan sola lindrar dei som treng lindring.

Dette biletet har eg tatt på ein av mine rusleturar med havet og vinden tett på.

Me er her saman med pensjonistar som oss, med god tid, litt for mykje magefeitt og eit ledd eller to som ikkje fungerer heilt som det skal.
Men dei alle fleste er faktisk familiar med svært små ungar. Eg reknar med at far har pappapermisjon medan mor nyt dei siste vekene av sine permisjonsdagar.
Storesyster er også med. Ho har fin kjole, solbriller og ny solhatt når ho trippar ved sida av barnevogna på veg til tidleg middag.
Eg kjenner at eg smiler når eg tittar på desse små, vidunderlege, perfekte skapningar som ikkje anar kva livet vil bringe med seg av omsorgsoppgåver og pensjonistaktivitetar.

Eg kjenner at det er fint å vere 70.

Dette biletet er tatt frå ein restaurant med utsikt over eit område der dei langt attende i tid har produsert salt.

Eg var klar over at eg kom til å få tilsendt den fyrste språkvasken av dikta mine medan eg var på Lanzarote. Og slik vart det. Midt oppi novembersumarvarmen, dagsturar og stadige tap i kortspel, plinga det inn.

Det var spanande å opne e-posten og finne den vedlagte funksjonen som forlaget nyttar under arbeid med manus.

Eg er svært glad for at eg har fått ein redaktør som synes å ville meg og dikta mine vel. Det gjer det enkelt å takle ærlege attendemeldingar. Ho er så flink! Her er nokre små eksempel:

«Perfektumforma på setninga her forvirrar litt.»
«Er dette eigentlig naudsynt for essensen i diktet?»
«Dette diktet kjennest meir skildrande enn poetisk og kunne vore bytta ut med eit anna, dersom du har det?»

Her eg sit på Lanzarote, har eg sjølvsagt ikkje med meg alle dei halvferdige, kanskje gode nok og dei eg lurar på om eg har mot nok til å vise fram.
Så då skreiv eg eit nytt dikt om den gode heimkjensla.

Gleda over å høyre til
her
rullar mot meg frå liene,
råkar meg
som trillande fløytetonar,
dansar rundt meg
i vinden
som lange, raude sløyfeband

Sagt på ein annan måte;
her er det lett å halde ut
både havregraut
og regnvêr

No vert det spanande å sjå om dette får plass mellom permane og om det i tilfelle blir sjåande ut akkurat slik som det ser ut no. 
Eg gler meg stort over å vere i denne prosessen.

Kveldsutsikt frå terrassen her me heldt til desse vekene.

Eg er sjølvsagt takksam for alle som har bestilt, – og for alle som vil førehandsbestille boka mi.
Dersom du er ein av dei, send meg namn, adresse, e-post og telefonnummer på sms (99250965) eller på Messenger.

God og varm helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar