Kjære folk!
Mormor var ei klok kvinne. Eg likte meg alltid godt saman med henne. Med henne kunne eg prate om alt mogeleg. Ho var frå Sogn og kalla meg «vetlo si».
Ein dag då me var ute på ein av dei mange rusleturane våre, sa ho: «Du må samla på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for dei vette færre ette som tidi går.»
Eg gjer framleis slik ho råda meg til å gjere.

Denne siste månaden har det ikkje vore vanskeleg å vera ein samlar av slike opplevingar. Dei har beint ut stått i kø. Eg trur faktisk at dei gjer det ganske ofte for oss alle, men me har nok altfor lett for å gløyme å vera merksame nok når det skjer.
No i mars har eg blant anna
– vore middagsgjest saman med fine folk som eg aldri tidlegare har sete til bords saman med
– vore kulturhusvert for forestillinga «Økohelter» som skulle høve best for barn frå fire år og oppover. Eg var heilt med på den leikne utforskinga av skogen og dei små skapningane som lever der.
– prøvd nye oppskrifter, – blant anna torskeragu. Det var mykje betre enn det det høyres ut til å vera
Frå små til store opplevingar:
Leveld Teaterlag sette opp «Stavkyrka – ein folkemusikal» denne månaden. Dei som ikkje fekk med seg tekstane til Eldgrim Springgard, Jo Asgeir Lie sin musikk og alle dei fine sceneprestasjonane, må nytte høvet under Folkemusikkdagane i mai.

9. mars var eg så heldig at eg og Thomas var invitert i 99-årsdag. Eg hadde tatt på meg det mest glitrande skjørtet eg har til ære for bursdag«barnet». Såpass må det vera når ein skal halde tale for slik ein staskar.

Ottar Stølen. Snikkar og staskar. Han har mange flotte bygg på CV-en sin, – blant anna ombygging og utviding av Ål Kyrkje som stod ferdig slik den er i dag i 1959. Kvar gong eg går kulturrunden med turistar på Sundre og kjem fram til Ål Kyrkje, kan eg sole meg litt i glansen frå arbeidet til denne karen.
Apropos kyrkja; 17. mars var eg for fyrste gong i livet på bispevisitas. På biletet under er eg på veg inn i Ål kyrkje for å få med meg både biskopen og den vakraste folkemusikkliturgien. Den er komponert av Jo Asgeir Lie.

Framfor Ål kyrke. (Det var litt kaldt, ja.)
14. mars var det boklansering. Var eg nervøs? Ja, sjølvsagt var eg det. Sjølv om Solveig Vestenfor, som skulle bokbade meg, var blid, roleg og godt budd og sjølv om Kristin og Viel på biblioteket tok så godt imot oss, så kjende eg sommarfuglane flyge rundt nede i magen.

Eg har ei bitte lita bok som eg skriv ei setning eller to i av og til.
Om morgonen 14. mars skreiv eg dette:
No er eg budd. Det får vera bra nok. Det er jo ingen andre enn eg som veit kva eg eigentleg har tenkt å seie.

Men det gjekk så fint. For meg vart dette ein svært hyggeleg times tid. Eg er så takksam for at det kom så mange og at dei som var der både lo litt og laga god-lyd.

Solveig Vestenfor leia samtalen på ein slik måte at eg innimellom nesten gløymde at det sat fullt av folk og høyrde på.
Den siste opplevinga som eg vil ta med meg frå denne månaden, er boksignering på Norli Ål på Ålingen kjøpesenter. Eg har signert bøker ein gong tidlegare. Det var i Elverum i 2015. Då var det ingen som ville ha bok. 16. mars i år var det faktisk fleire som kom for å få seg ei bok med signering, men å sitje slik er både kjedeleg og ganske flaut. Heldigvis er dei som arbeider på Norli Ål dyktige, varme og veldig trivelege å vera saman med.

Det er litt flaut ja, å sitja slik.
Eg prøvde å legge merke til kva folk sa når dei gjekk forbi meg. Orsakingane var både mange og kreative.
– Eg må ringe banken og høyre om eg har nok
– Eg skal berre handle fyrst
– Det må eg tenkje på til ein annan dag
– Ikkje akkurat no, trur eg
– Nei, eg les ikkje slikt
– Sekken min er for tung som den er i dag
Eg forstår dei godt. Eg likar heller ikkje å bli spurt om eg vil kjøpe noko som eg korkje har lyst på eller bruk for.

Desse vakre tulipanene fekk eg frå Norli Ål. Det var jo eg som burde takke for at dei har stilt opp og jubla saman med meg.
No er det snart påske.
Sidan eg er gift med ein tyskar, kjem påskeharen til oss kvar einaste påske for å gøyme gåver i hagen. Her er det altså meir snakk om tradisjon enn om fyrstegongsoppleving. I tillegg til skattejakt i hagen, gler me oss til god mat, brettspel og uteleik som passar for born i alle aldrar.
Etter påske står fleire fyrstegongsopplevingar klare og ventar på meg.
3. april skal eg vitje Kyrkjestugu på Ål. Det har eg aldri gjort før. Eg spurde diakonen om ein måtte vera spesielt kristen for å koma dit. Ho lo litt då ho svarte at «nei, slett ikke. Her er det opent for alle«. Så dersom einkvan vil ha ei litt utvida lunsjpause, er dei hjarteleg velkomne.

Eg håpar at alle som les bloggen min, får gode påskedagar, noko søtt og godt i påskeegget sitt og ein fin og solrik vår.
Helsing frå
Karen-Margrethe

