Kjære folk!
Denne laurdagsmorgonen startar eg med eit stort og vanskeleg spørsmål:
Er du som eit ekko eller tenkjer du sjølv?
Eg trong tid for å finne eit svar som eg kan stå for.
Det er jo ingen som tenkjer heilt fritt. Sjølvsagt overtek me andre sine tankar før me kan utvikle våre eigne. Som born overtok me tankane til mor, far, lærarar og andre vaksne som me stolte på og hadde tiltru til, – før me kanskje i ein periode valde å opponere mot det meste.

Trond Viggo Torgersen skreiv denne teksten til unge som var på veg ut i vaksenlivet:
«Tenke sjæl og mene, måtte stå for det du sa
Ikke vri deg unna, ikke være likeglad
Ikke late som du ikke mente det du sa
Ikke si som andre
Du må tenke sjæl»

Då eg no skulle tenkje etter om eg var eit ekko, måtte eg finne meg noko litt meir konkret å fundere over. Eg valde å stille meg sjølv dette spørsmålet: Er eg ei av dei som utan vidare aksepterer ting eg høyrer eller stiller eg spørsmål til det meste for å finne ut kva som er mine eigne tankar? Me har jo alle eit sjølvstendig ansvar for å tenkje sjølv, ikkje sant?
Sjølvsagt er me etteraparar. Me let oss leie av forskarar og andre autoritetar med mykje kunnskap, – slike som me har tillit til. Sjølvsagt gjer me det. Og av og til vel me å nikke og prate i veg i staden for å seie «dette veit eg ikkje» eller «dette har eg ikkje greie på». Når eg tenkjer etter, så får eg tillit til dei som av og til seier «eg har ikkje peiling», – og då trur eg på dei når dei verkeleg meiner noko.

Men må me meine noko om alt då?
Verda er jo så kompleks at ingen har nok kunnskap til å meine sterkt om alle fagfelt. Heilt ærleg så finnes det vel knapt nok noko som eg med tyngde kan seie at «dette er eg bomsikker på at eg har tenkt ut heilt sjølv». Slik er det sjølv om eg har lese lange tekstar om eit tema, sjølv om eg lener meg på kjelder som har vore gjennom kvalitetskontroll og sjølv om eigen erfaring tilseier at det eg tenkjer er rett. Bomsikker kan eg sjeldan vera. Poenget er vel heller at eg har tenkt! Eg har gjort ein innsats for å danne meg mi eiga oppfatning.
Når eg les om og tenkjer vidare på dette om å tenkje sjølv, så dannar det seg fleire ropeteikn i pannebrasken min.

1.Lange tekstar
Eg har forstått det slik at evna til å lese lange tekstar er på vikande front. Professorar har sett at det er minkande evne og vilje blant studentar til å lese artiklar og bøker. Dette finn eg ganske urovekkande og er i alle fall ikkje bra med tanke på å tenkje sjølv.

Eg trur at tenkinga vår har godt av at me les aviser som ikkje har den same vinklinga på reportasjane sine.
2.Ekkokammer
Eit ekkokammer er ein situasjon der idear og oppfatningar blir forsterka ved at informasjon blir repetert i kommunikasjonen i ei avgrensa gruppe. Slike ekkokammer finn me blant anna på sosiale media. Der kan det gå så gale at dei som kjenner seg heime i gruppa får få eller ingen motstridande synspunkt eller fakta som bryt med det medlemene står for. Det seier seg sjølv at dette er skummelt.

3.Mot
Det krev mot å ta ansvar for det me tenkjer og det me sjølv held for sant og godt.
Vågar me å vera ærlege eller snur me skjorta etter vinden?
Vel me å unngå meiningsutveksling for å halde på den gode stemninga når vener meiner noko anna enn det me sjølv har tenkt oss fram til at me skal stå for?
Eg treng å bli konfrontert med andre sine tankar og oppfatningar for å få prøvd ut mine eigne meiningar, – og eg ynskjer verkeleg å vera open for å kunne ombestemme meg. Det er vel også ein viktig del av å tenkje sjølv, – men enkelt er det slett ikkje alltid.

Diktet over er henta frå boka mi «Aller helst vil eg danse». Er det slik at når me blir eldre, blir me mindre og mindre opptekne av å meine så mykje fordi det blir meir og meir viktig å ha gode dagar utan for mange problem og konfliktar?

Endeleg kom våren. Måtte den bli bra for oss alle.
Helsing frå
Karen-Margrethe
