KOR GAMMAL ER DU?

Kjære folk!

Når nokon spør deg om kor gammal du er, så bør svaret ditt vera «det spørs kva du spør om». Den kronologiske alderen er grei å halde orden på sidan svaret på det spørsmålet rett og slett fortel kor mange år me har levd. Men er det eit interessant svar? Neppe. Marie Dressler sa det slik: «Det viktigaste er ikkje kor gammal du er, men korleis du er gammal.» Då byrjar dette med alder å bli spanande. Og når det i tillegg finst noko som heiter både biologisk og mental alder, kan det bli både lange og innfløkte svar på dette med kor gamle me eigentleg er. 

På Hadeland Glassverk er det denne sommaren ei fantastisk utstilling av legokunst. Ved kvart kunstverk har kunstnaren Nathan Sawaya lagt att eit utsagn me kan tenkje vidare på. Ved dette kunstverket står det «Kjærlighet lever evig. Den overlever ungdommen, en flat mage og et hode fullt av hår. Og dét er det som gjør den vakker.»

Kva meiner me eigentleg når me pratar om å bli gammal? 
Statistisk Sentralbyrå (SSB) definerer eldre ut frå kronologisk alder; den dagen du er 67 år og ikkje lenger er yrkesaktiv, då er du eldre.  Norske myndigheiter kallar oss eldre den dagen me fyller 65. Etter at me har passert 75 blir me rekna som gamle og etter 85 blir ein person rekna for å vera «meget gammel». 
Det finst mange kriterier å vurdere alder ut frå. Her er ei lita liste som me kan tenkje etter om stemmer på oss (eg har funne det på heilt sjølv): 

Me byrjar å bli gamle 

  • når den fyrste snøen fell og me korkje har lyst til å kaste snøball eller laga englar i snøen
  • når me får høyre at me heldt oss godt
  • når me har stor tru på at folk elskar å sjå på bilete av og høyre om barnebarna våre
  • når nokon spør om kva som er ditt høgaste ynske og du svarar «at alle mine skal ha det bra»
  • når du vel å gå på fest i gode sko framfor i dei aller finaste
  • når du sjekkar TV-programmet i avisa og ser på dei programma du likar best i oppsett sendetid

Fann du noko som stemte?

Så var det dette med biologisk alder. Kva er no det?
Den biologiske alderen vår handlar om kor sunn kroppen vår er og kva slags aldringstilstand me er i. Eller sagt på ein annan måte; kor mange teikn på aldring kroppen vår har. 
Me er ulike. Det er me også når det gjeld det tempoet som kroppen vår eldast i. Dette har med gen å gjera, men det handlar også om livsstil og miljø. 


På nrk.no fann eg ein enkel test som svarar på om du er yngre eller eldre enn det fødselsattesten din fortel. Det er ein enkel balansetest som visstnok blir nytta av forskarar for å finne den biologiske alderen på folk. 
Eg har prøvd og det kan jo du også gjera dersom du har lyst:
1. Lat att augo

2. Stå på ein fot. Du kan gjerne bruke armane for å halde balansen, men du får ikkje flytte fotsålen på den foten du står på.

3. Ta tida. Gjennomsnittet av tre forsøk er resultatet ditt.

Og her er resultat-skjemaet:

Dersom me gjer det dårleg på balansetesten, får me trøyste oss med at Heine Strand ved Folkehelseinstituttet også seier at: «Vi bruker ofte flere liknende tester som vi setter sammen til en totalscore». Så kanskje me gjer det betre på ein av dei andre testene.

Dette med biologisk alder kan vera såre greier og slett ikkje berre morosamt. Eg skreiv dette diktet etter at eg var innom doktoren for ikkje så altfor lenge sidan:

Kjære doktor
Kva ser du
når du ser på meg?
Den tynne huda?
Pigmentflekkane?
Tapet av muskelmasse?

Kva tenkjer du
når du ser på meg?
Ei aning elde?
Eit snev av ubrukeleg?
Eit varsel om
at denne kvinna
kjem til å koste oss mykje?

Så spør du
korleis eg eigentleg hadde sett for meg
at det skulle bli
å passere sytti

Kva ser du, kjære doktor?
Ser du
mennesket meg? Eller ser du
berre ein brøkdel 
av eldrebylgja?

Når eg tenkjer etter, så er vel dette, at me med jamne mellomrom må innom lækjaren, også eit teikn på at den biologiske alderen aukar.

Me vil gjerne nå ein høg kronologisk alder, ikkje sant, men me vil helst ikkje bli plaga med teikn på alderdom. Desse teikna kjem nok om me vil eller ikkje (berre ta ein titt inn i kampen om å bli president i USA), men eg vil aller helst fokusere på fordelane med å vera litt opp i åra. Lista under her har eg funne litt her og litt der. Til saman blir det ganske så flott å bli litt gammal:

  • Kroppen vår produserer diverse antistoff mot virus slik at me ikkje blir så lett sjuke.
  • Kroppen vår reagerer  mindre på allergen enn då me var yngre
  • Me treng ikkje å sova like mykje som før
  • 70-åringar har det beste ordforrådet
  • Eldre er meir nøgde med utsjånaden sin enn dei unge
  • Og til slutt: Ein amerikansk studie konkluderer med at 82-åringane er dei som har det best psykisk

Hendene dine vil fortelje omverda om kor gammal du er, seiest det. Då er det nok til lita hjelp med glorete neglelakk. 

På aldring.no kan me lesa fylgjande: «De aller fleste over 60 føler seg yngre enn det den faktiske alderen skulle tilsi.»

Dette vart eg svært klar over då det her på Ål vart lyst ut stillingar både som skulefagleg ansvarleg og som rektor på ungdomsskulen. Det gjekk opp for meg at eg var så gammal at  det ikkje eingong var aktuelt å tenkje på å søke. Min plass var ikkje på ei søkarliste, men i ein paragraf i Alderslova der det er ei almen aldersgrense på 70 år.

Heldigvis, synest no eg, så eldast ikkje kroppen og sinnet med det same tempoet.

På startsiden.no fann eg ein test på mental alder – og her er mitt resultat:

Det var då eit litt underleg resultat, tenkte eg, og fann ein test til på
psycho-test.org.

Resultatet vart slik: Du er et barn i hjertet


Ok, – eg er altså ein eldre person (jamfør SSB) med mental helse som ein 12-åring, med gamle hender og som på tross av god balanse rett som det er må innom onkel doktor for å ta mål av den biologiske alderen. 

Eg har hatt det morosamt med å skrive denne bloggen og håpar me alle kan ta både aldersteikn og forenkla alderstestar med minst ei klype salt og ein god porsjon sjølvironi.

Så er det berre å glede seg til kva det no enn er som resten av sommaren kjem til å by på. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar