HEILT SANT, REIN LYGN ELLER NOKO MIDT IMELLOM?

Kjære folk!

Me har vel alle opplevd å sitja i godt lag og med glede fortelje om hendingar og opplevingar me har hatt. Når me er godt i gang med å kalle fram eit minne, så dukkar det gjerne opp fleire små detaljar rundt hendinga. Eg er ikkje så god til å hugse tal og blir derfor ofte korrigert frå andre som var til stades då hendinga fann stad. «Nei, det var ikkje så dyrt.» eller «Tull, den var mykje større.»

Hjernen vår er eit slags arkiv der me har lagra informasjon av alle slag; lydar, opplevingar, lukter, faktakunnskap, erfaringar og handlingar. Noko blir lagra berre i nokre sekund, medan andre ting blir lagra i årevis.

Sjølv om me har minner lagra i hjernen, er det ikkje alltid like lett å hente dei fram att og mange gonger får me hjelp av hjernen til å gjette oss fram til korleis ting var. 
Sjølvsagt er det også slik at for å gjera forteljinga underhaldande, er det god hjelp i både å legge til og trekke frå, – altså me lyg litt.

Eg er usikker på om eg hugsar at eg hesja eller om eg berre har høyrt fortalt kor fint det var hos bestemor og bestefar på Mjølfjell om sommaren.

Fortsett å lese «HEILT SANT, REIN LYGN ELLER NOKO MIDT IMELLOM?»

Bilete og kommentarar frå nokre PENSJONISTSOMMARDAGAR

Kjære folk!

Kan me seie at me har ferie når me er pensjonistar? I tilfelle ferie, – ferie frå kva då?
Eg har installert ChatBoxAI på mobilen min. Stort sett kjem det opp berre vrøvl uansett kva eg så langt har spurt om, men då eg spurte «Har pensjonistar ferie?», var ikkje svaret så dumt:

Screenshot
Fortsett å lese «Bilete og kommentarar frå nokre PENSJONISTSOMMARDAGAR»