Kjære folk!
Kan me seie at me har ferie når me er pensjonistar? I tilfelle ferie, – ferie frå kva då?
Eg har installert ChatBoxAI på mobilen min. Stort sett kjem det opp berre vrøvl uansett kva eg så langt har spurt om, men då eg spurte «Har pensjonistar ferie?», var ikkje svaret så dumt:

Me pleier stort sett å halde oss heime i Hallingdal om sommaren. Her har me alt det me treng og vel så det; turar å gå, folk å vera saman med, god nok plass til å ta imot besøk og hus og hage som treng sitt.
Men julivêret var ikkje mykje å skryte av i år. Eg siterer Kjell Slåtten i Hallingdølen 1. august: «Visst var det sommar i juli. Men berre glimtvis. (…) Julimånaden var våt, og han var kjøligare enn normalt. Det var også langt mellom penvêrsdagane – viss dei i det heile førekom.»

Nye 20 mm
Det var fint å kunne pakke bilen for å leite etter godvêr, fyrstegongsopplevingar og sommargleder ein annan stad i Noreg.
Kva kunne ei ferieveke bringe med seg?
Me snakka om det då me trilla vekk frå heimen vår i Sundrevegen at det kanskje var lurt å ikkje ha altfor høge forventningar. Då ville me i alle fall ikkje bli skuffa. (Det viste seg at slikt var det slett ikkje naudsynt å bekymre seg for.)
Fyrste stopp Lillehammer. Fordi det alltid viser seg at ein får meir ut av ting jo meir ein veit om dei, så hadde me bestilt omvising på Lillehammer Kunstmuseum og fekk oss ein interessant rundtur gjennom norsk og nordisk kunst frå 1800 til i dag.
Som alltid var det samtidskunstnarane som fekk fram undring og kjensler hos meg.

Her er Marie Buskov sitt verk «Flowing Through» av svartmåla bronse.
Hovudmålet for ferieturen vår var Stiklestadspelet. På vegen dit valde me å ta ein avstikkar til Frosta, som fram til no har vore eit uoppdaga område på noregskartet. Me angra ikkje på omvegen.
At landbruket utgjer den største næringa på Frosta, var svært tydeleg. Dei vakre åkrane som bylgja ned mot fjorden, var god nok grunn til å ta turen gjennom kommunen. Men Frosta hadde mykje meir å by på.

Denne tinghaugen er det synlege minnesmerket for det gamle Frostatinget som vart halde her i mellomalderen.
I åra 600 – 1600 møtte 485 representantar frå 12 fylke på Frosta for å lage lover og dømme etter dei. Magnus Lagabøtes landslov kom i 1274 – ei lov som skulle gjelde heile landet. Det er fint å vite at Noreg dermed fekk ei av dei få riksdekkande lovbøkene i Europa på den tida. Eg kjenner på ei slags glede fordi eg bur i dette landet og fekk dra hit det året me feirar 750 års-jubileum for landslova.
Turen vår gjekk vidare ut til ruinane av den gamle klosterkyrkja på Tautra. Vegen ut var ein spesiell og ganske spanande køyretur på ein smal, 2,5 km lang molo mellom fastlandet og øya.

Tautra gamle kloster
Gammal stein kan vera både interessant og vakkert, men Klosterkyrkja i det nye Tautra Mariakloster stod fram heilt spesielt. Dette bygget har også fått fleire prisar.

Altertavla i kyrkja består av glas rett ut mot Trondheimsfjorden og Leksvikfjella. Vekslande vêr og ljos gjer at «altertavla» skiftar karakter med skiftande årstider.
Etter å ha vitja ein slik stad, kom tanken på korleis det ville vera å leva eit slikt regelmessig nonneliv i fellesskap med andre og alltid leggje hovudvekta på bøn, nøysemd og å underordne seg ein åndeleg leiar.

Som sagt, var sjølve målet for ferieturen, Stiklestadspelet. Der let me oss imponere av musikken, dansarane, songarane, regien, kreativiteten og alle ungane som var aktivt med. Eg let meg rive med og vart rørt til tårer.

Me var heldige med vêret. Det kom ikkje ein einaste regndråpe. Fotografering med mobilen var difor vanskeleg å få til bra, sidan me hadde det naturlege kveldsljoset frå sola midt imot.
Me har sjølvsagt vore i Trondheim tidlegare, både saman og kvar for oss, og vitja alle dei kjende turistattraksjonane. Likevel kjem me gjerne attende for å tusle rundt i denne sjarmerande byen som er så lett å bli glad i.

Trondheim har svært mange og godt bevarte trehus. Det gjer byen både intim og sjarmerande. Her er eg i Thomas Angells gate.
Sist me var i Trondheim vart det bestemt at ljossetjinga i Nidarosdomen skulle fornyast. No er det montert rundt 2000 nye ljospunkt høgt og lågt i katedralen. No kan me sjå alle bogane, søylene og detaljane i nasjonalheilagdomen.

Nidarosdomen var kjent som den mørke katedralen, men no kan me sjå den, bokstaveleg tala, i eit heilt nytt ljos. Hausten 2021 vann Erik Selmer «Norsk lyspris» for ljossetjinga.
Fasaden på Nidarosdomen, Vestfronten, skal få nye dører. 11 ulike forslag til dører var presentert i ei utstilling ved sida av katedralen. Blir dørene blå, grøne, av glas eller metall tru? Me må nok attende til Trondheim om ikkje så altfor lenge for å beundre valet av nye dører.
Me hadde rikeleg med høve til å tenkje på val av stil, form og materiale på nye dører medan me sat på Vestfrontplassen som tilhøyrarar til radioprogrammet «Kompass» som vart overført direkte på NRK P2 medan me var der.

Programleiar Pål Plassen hadde invitert mange interessante gjester til scena framfor Nidarosdomen.
Programmet «Kompass» utforskar livssynet, verdiane og etikken vår. Desse dagane i Trondheim fekk me mange interessante debattar å bryne tankane våre på. Her er to eksempel:
– Simuleringshypotesen er ei hypotese om at heile universet er ei gigantisk simulering. Er det nokon der ute som styrer oss? Kva så med den frie viljen?
– På eit av valmøta sine, skal Trump ha sagt noko slikt som dette: «Om fire år treng de ikkje å stemme, kjære, gode kristne.» I kva slags retning har han tenkt å styre demokratiet?
Kanskje me bør leggje lunsjen vår til «Kompass»-tid framover og gripe ei dagleg mogelegheit til å få kunnskap og bli engasjert?
Sju dagar borte frå heimen er ikkje lenge, men opplevingane har stått i kø. Nokre av dei har me vore to-saman om, andre ha me hatt saman med vener me er svært glade for at me har. Eg har ikkje tatt med bilete av nokon av dei her på bloggen sidan eg ikkje har spurt om lov. Eit av dei nyaste dikta mine kan passe her:
Saman
Eg sluttar ikkje ved huda. Den
er berre skalet
ikkje grensa
Aleine er eg ingen
søker alltid
eit oss
Alt det eg gjer
handlar om
å forstå og bli forstått
elske og bli elska
vise omsorg
og få
blikket som tyder «eg kjenner deg»
smilet som seier «eg ser deg»
Band
me ikkje kan knyte aleine
Deretter kan eg
krype inn att
i skalet mitt
takksam
glad
av og til såra
Den siste store opplevinga vår før me kom heim var ei svært vakker, bitte lita dame.

Her er Tyra. Ho bur ikkje i vårt hus, men er velkomen som medlem av den mangslungne familehekken vår.
Sidan det er dei små augneblinkane me kjem til å hugse, må eg også få nemne
– måren som sprang over vegen
– smaken av fantastiske aprikoser
– hunden som ville vise meg kaninene sine
– då me oppdaga variasjonen i byggeskikk
– å stå i regnskura og få med seg norsk siger i ein tenniskamp

Etter aktive pensjonistdagar med mange fine opplevingar, er det godt å vera heime att.
Borte eller heime, – eg er saman med han eg trivst aller best saman med og det er svært sjeldan at dagen ikkje kjennest som god når eg legg meg for å sova fram til ein ny dag.
No ventar ei fin veke med besøk som vil gjera farmorhjartet mjukt og varmt. Eg gler meg.

Eg ynskjer alle ein fin seinsommar.
Helsing frå
Karen-Margrethe
