Kjære folk
Eg har tenkt på at når eg seier ja til noko, så seier eg samstundes nei til noko anna. (Eg har også lurt på om eg skal skrive dette blogginnlegget, for det er ganske personleg, men har funne ut at det kanskje kan vera godt for andre å lesa dersom dei også har det slik.) Nesten alle bileta i dag er frå i går. Då handla det mest om haust og hage, men til slutt om ei vakker oppleving som eg sa «ja, gjerne, – tusen takk» til.
Stundom seier eg altså ja når eg eigentleg ynskjer å seie nei. Dette hender som oftast i situasjonar der det kjennest enklast å fokusere på det andre treng og det andre har lyst til. Stort sett gjer det godt å bli spurt om å bidra med noko, møte opp ein stad eller koma i selskap, men det hender at det fører til at eg ikkje får tatt vare på mine eigne behov på tilfredsstillande vis. Då kan sjølvsagt resultatet bli at eg kjenner meg meir sliten enn glad når dagen er over.

Førebels har eg sagt ja til meg sjølv når eg har spurt om eg ynskjer å halde fram med denne bloggen. Det er ein del arbeid, men å skrive gjer meg glad. Her sit eg og les over det fyrste utkastet til det du les akkurat no.
Eg merkar at desse ja- eller nei-situasjonane er fleire no enn det dei var for 10, 20, 30 år sidan. Eg orkar rett og slett ikkje like mange avtalar som det eg lett handterte tidlegare. Eg veit at det er mitt eige ansvar å passe på og setja grenser. Eg veit også at andre menneske ikkje er tankelesarar og at det berre er eg som kan uttrykke mine eigne ynskje og behov.
På kvinneguiden.no, eit av dei mest vitja nettstadene i Noreg, fann eg dette:
«Nå er jeg leder i FAU, klassekontakt, styremedlem i håndballaget, ansvarlig for dorullsalget i korpset, toastmaster i bryllup til helga, ansvarlig for et babyshower (…) Ingenting av dette har jeg vært nødt til å si ja til og det er frivillig. Hvorfor klarer jeg ikke å si nei? Av en eller annen tullete grunn synes jeg det høres frekt ut å takke nei, men det er jo ikke det?»
Det er altså ikkje berre me godt vaksne som kjenner på at det kan bli for mykje av og til. Men kva er grunnen til at me seier ja oftare enn det me eigentleg vil? Kan det vera at me er redde for kva andre meiner om oss? Fryktar me for negativ kritikk? Er det slik at me seier ja fordi me ynskjer å høyre til eller er det slik at me ynskjer ei slags godkjenning frå dei som spør?

Då me flytta hit til det gamle huset i Sundrevegen, sa me samstundes ja til ein stor hage. I går tok hagearbeidet nesten heile dagen for oss båe. Her skal nye tulipanlaukar i jorda.
Eg innrømmer at nokre gonger kan tanken på å avvise andre, gjera meg både usikker og uroleg. Det kjennest feil å seie nei dersom det kan gjera at andre blir lei seg. Då er det tryggare å strekkje seg litt til og seie ja. Slik kan eg kjenne det sjølv om eg veit at det er mitt eige ansvar å ta vare på meg sjølv.
Eg vil jo så gjerne vera ei som seier ja når eg meiner ja og nei når eg meiner nei. Slik ynskjer eg å vera utan dermed å såre nokon. Kanskje det er difor det er så om å gjera for meg (og for mange andre eg kjenner) å måtte fortelje i detalj om kvifor eg seier nei? Det er liksom ikkje nok å berre takke høfleg nei til eit forslag.
Her er eit eksempel. Du får ei melding: «Skal me møtast fredag og finne på noko?» Eigentleg vil du helst vera heime aleine i eigen sofa, sjå ferdig ein Netflix-serie og kose deg med noko godt å eta. Er det greitt å svara ærleg eller er det naudsynt å finne på ei brukbar orsaking?

I dag tidleg var det null grader her på Ål og graset hadde fått rim på seg. I går grov eg opp gladiol-laukane og bedet ligg no med svart mold opp i dagen og ventar på neste vår.
Før eg byrja å skrive dette, las eg litt her og der om å våge å seie nei. Magasinet Tara har kome med forslag til tre spørsmål me kan bruke for å finne ut om me bør seie ja eller nei.
Spørsmål 1: Har eg lyst?
Eg er i hovudsak introvert og får difor energi når eg er aleine. Dersom eg skal seie nei når einkvan inviterer til sosialt lag berre fordi eg har mest lyst til å krølle meg saman aleine i eigen sofakrok, – då vil det bli altfor mange nei frå meg. Då kjem eg også til å risikere å bli ei einsam, gammal dame.
Spørsmål 2: Kan det hende det blir moro? Kan det hende eg får ei fin oppleving? På det spørsmålet blir jo svaret veldig ofte ja. Det er jo så mange eg likar å vera saman med, men dersom eg veit på førehand at det blir meir krevjande og tappande enn morosamt og gjevande, – då bør eg vel seie nei takk,- eller?
Spørsmål 3: Kan eit ja bringe meg nærare noko eg ynskjer å skapa, knyte eit sterkare band til nokon eg bryr meg om eller gjera at eg lærer noko nytt?
Dersom svaret på spørsmålet framleis er nei, då bør det vel absolutt bli eit nei frå meg?

Når lyngen får plass i pottene og hagetornen står med eldraude bær, då er det oktober.
Men så kjem neste utfordring; nei med eller utan forklaring. Kan det vera nok å seie «nei, det passar diverre ikkje» eller «nei takk, eg står over denne gongen.»?
Dersom eg blir beden i bursdagsselskap, så må eg vel forklare kvifor noko anna er viktigare for meg enn å møte opp og gratulere med dagen?
Er det mogeleg å seie nei utan å skuffe folk? Det er ikkje sikkert at det er det. Psykolog Peder Kjøs seier det slik: «Det å si nei handler om viljen til å håndtere sosialt ubehag.»

Rydde i bed, flytte staudar, ein siste plenklypp, ordne og stelle. Heldigvis var det vakkert vêr i går.
No har eg nytta mange stunder aleine for meg sjølv til å tenke over dette med å seie ja eller nei på spørsmål om å vera med, koma, bidra eller delta, – og eg har blitt litt klokare. Eg har kanskje også blitt litt meir bestemt. Her er i alle fall konklusjonane mine:
1. Dette var aldri eit problem for meg i profesjonell samanhang. Då var det heilt greitt å svara; nei, – eg har dessverre ikkje tid, det passar ikkje med det eg held på med no, dette har eg ikkje nok kunnskap om, eg må prioritere annleis osv osv. Å seie nei er vanskeleg no fordi det berre handlar om meg personleg og ikkje om ei rolle eg er betalt for/valt til å utøve.
2. Eg vil alltid sjølvsagt gjera det eg kan for å vera til stades for alle dei eg bryr meg om når dei treng meg. Då vil eg så langt det er mogeleg alltid svara ja. Alle andre svar er umogeleg og utenkelige.
3. Eg er nok ikkje spesielt god på å handtere sosialt ubehag, men dersom eg verkeleg ikkje har lyst til noko eller eg har fullt opp frå før, så skal eg seie nei. Eg skal også gjere kva eg kan for å seie nei på ein respektfull, høfleg og helst ein hyggeleg måte.
4. Eg treng å øve meg på å seie nei utan å måtte forklare kvifor.

Tusen takk til Kari-venninna mi som vitja Ål og tok meg med på konsert i går. «Baker Hansen» hadde plateslepp i Ål Kulturhus og me fekk oppleve kor fint hallingmålet høver saman med Chet Bakers tidlause og velkjende musikk.
Når kvelden kjem, er det alltid godt å kunne tusle heim, – oppover eiga innkøyrsle. I går kveld hadde eg vakker musikk i hovudet og glade tankar for at det var haustrydda og fint rundt meg.

Eg ynskjer alt godt til alle som les bloggen min.
Helsing frå
Karen-Margrethe
