BLI MED MEG TIL SARDINIA

Kjære folk

Det kryr av 70-åringar rundt meg, – eller rettare sagt av folk som har eller snart skal fylle 70. Ikkje så rart kanskje, sidan dei aller fleste venene mine er slike som har eller snart skal feire dette runde talet, som undrar seg over kvar det vart av alle desse åra og som har bestemt seg for å gjera det beste ut av dei dagane som kjem.

Med ujamne mellomrom er me så heldige at einkvan ynskjer at me skal vera til stades når dei skal feire alle desse åra sine. Sist ut var svigerinna mi. Nei, dette vart feil; ho hadde nemleg ikkje ynskt seg noko som helst. Det var det borna hennar som hadde. Dei inviterte familie og vener til 70-årsfest på Sardinia utan at veslesystera til mannen min visste noko om det. For ei veke sidan kom me heim frå 14 fine dagar med solrik feiring. Eg fekk lyst til å ta dei som les bloggen min med på turen.

Ikkje noko vondt å seie om omgivnaden for feiringa.

Utan denne invitasjonen, hadde me neppe kome oss til Sardinia. Det er nemleg litt kronglete å koma seg dit frå Noreg. Sidan me no fyrst hadde hamna der, måtte me jo få med oss så mykje som mogeleg av øya og livet der. 

Den fyrste byen me vitja, var Olbia. Den vart truleg grunnlagt av grekarane og var ei viktig hamn allereie i romartida. I dag legg ferjer frå det europeiske fastlandet til her.
Det bur litt over 61.000 menneske i byen. Namnet Olbia tyder den glade byen.

Me hadde lunsj i denne tronge gata.

Ved eit av kunstverka i byen, laga av Tore Varrucciu, fann eg ei koparplate med eit dikt på.
Slik vart det på nynorsk (med god hjelp frå Google translate):
Her kjem du opp
naken med skuffa andlet
Rikt og klårt flyt vatnet
frå armane dine til himmelen
vaskar det flytande håret ditt
frå gøymselen sin gøymestad
omskapar den naturlege venleiken
til Olbia i landet Atlantis

Ein dag køyrde me langs Smaragdkysten. Den er 20 km lang frå Port Ceco i nord til Golfo de Cognana. 

På byrjinga av 60-talet fekk den styrtrike prinsen Karim Aga Khan berømte arkitektar til å teikne nye kystbyar langs kysten her slik at rikfolk hadde fine stader å feriere. 

Ny dag. Ny tur. Palao hadde mykje både spanande og vakkert å by på, – blant anna denne utruleg vakre altertavla.

Så utruleg vakkert.


Me gjekk også den bratte stigen opp mot desse fjellformasjonane som er danna av vêr og vind.

I Santa Teresa var me berre 12 km frå Korsika.

I gamlebyen i Tempio Pausanio er både hus og gater belagt med granitt. I fyrste omgang verkar byen  ganske avvisande, men alle me møtte var svært blide og imøtekomande.

Kaffipause

Vandring på granitthellene

Etter å ha vandra gjennom gatene ei stund sa eg «Dette er av dei mest særeigne byane eg nokon gong har vitja.» Eg vart ikkje motsagt.

Desse dagane med turar rundt på Sardinia var spanande dagar. I den vakre kystbyen Alghero, presterte me å rote oss bort innanfor og oppå gamle festningsmurar og mellom tronge gater.
Etter fyrste verdskrig oppdaga engelskmennene denne flotte, gamle byen og la grunnlaget for internasjonal turisme her.

Dette biletet er frå oppå dei historiske forsvarsmurane som vart bygde på 1100 til 1300-talet.

Gamlebyen har eit sterkt preg av Katalania sidan folk frå Spania budde her frå rundt 1350.

På veg inn i landet att, fann me gamle, interessante kyrkjebygg som pirra nysgjerrigheita vår.

Santissima Trinità di Saccargia er ei av dei mest kjende romerske kyrkjene på Sardinia. Kyrkja er bygd på 11 – 1200-talet i mørk lavastein og lys kalkstein.

Inne i Santa Maria del Regno fann me denne fantastiske altertavla. Ho er sett saman av 31 mindre tavler måla av kunstnarar frå fleire stader i verda.

Men det var altså 70 års-jubileum det eigentleg skulle dreie seg om. Og jubileumsfeiring vart det. Det var stor fest på sjølve dagen og ho var både glad og rørt over at så mange hadde tatt turen heilt til Sardinia for å feire henne. Eg fekk lov til å ta med dette biletet  på bloggen min.

Fine svigerinna mi.

Me var tre generasjonar samla og Kiki var svært glad for at me var der, store og små.

Her er tre av dei yngste gjestane saman med far sin.

Sjølvsagt var det også late dagar i sola ved hotellet og ved bassenget.

Bassenget ei tidleg morgonstund

Eg veit godt at eg slett ikkje er det beste reisefylgjet på slikt ein kallar sydenferie. Etter tre dagar i sola byrjar eg å få nok av solkrem, solskin, solbriller, solsenger og soltilbedarar. Er eg den einaste som finn dette livet i sola som plagsamt kjedeleg? Men det var mykje både fint og interessant å ta bilete av, så eg kunne more meg litt med det innimellom. Desse bileta under her er tatt ved hotellet, ved stranda og ein dag då me hadde vitjing av ein aktiv liten kar som ville undersøke alt.

Kva anna er det å seie om Sardinia?

-Så lenge det er liv i meg, kjem eg til å hugse alle dei vakre fjellformasjonane

-Eg kjem også til å hugse at alle hadde pause frå klokka 13 til 17 (utanom restaurantane og souvenirbutikkane)

-Dette er ferieøya til dei tysktalande. På TV`n fann me berre italienske og tyske kanalar.

-Fartsgrensene var låge og folk køyrde stort sett fint om dei vart bedne om å halde 40 eller 70 km/t. 

-Me opplevde heile Sardinia som overraskande rein og ryddig

-Eg hadde fått fortalt at det var fem millionar geiter på øya. Eg såg to av dei og fann ikkje ein einaste geitost å smake på. Men eselosten var god.

-Kva driv dei med på Sardinia? Me har sett fiskebåtar og køyrt gjennom vakre jordbruksdistrikt prega av dyrehald, dyrking av oliven og vindruer. Sjølvsagt er turisme også ei viktig næringsgrein.

Eitt par – tre ting til som fanga merksemda vår:

Ved Orosai fann me eit digert område med storproduksjon av marmor.

For oss var det litt overraskande å finne trafikkskilt som bad folk vera varsame fordi det kunne bli glatt når det snødde. 

Sidan nobelprisen vart delt ut for fyrste gong i 1901, er prisen delt ut 117 gonger. 17 av pisvinnarane er kvinner. I 1926 fekk Grazia Deledda frå Sardinia prisen, – to år før Sigrid Undseth. Her eit skilt som synte vegen til museet.

Då me låste opp ytterdøra og bar koffertane våre inn i gangen, kjende eg at det var godt å vera heime att. Her har eg bøkene, bileta og skrivepulten. Her kan eg tutle med mitt om dagen og sovne under eiga dyne når kvelden kjem. Her har me gode vener, grovt brød, Hallingdølen i postkassa og radio med norske nyhende. Det beste av alt er at han som steller så godt med hjartet mitt, kom heim saman med meg og kjende det likeeins; borte bra, men heime best.

Heime att hos eigen haust.

I dag er me så heldige at me skal feire to nye 70-åringar. Fine folk som fortener ein fest.

Eg ynskjer alle ein fin haust framover til me kanskje treffast her att i november.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar