SLIKT SOM HADDE VORE FINT Å VITE DÅ

Kjære folk

No når eg set meg for å skrive dette blogginnlegget, veit eg at det kjem til å bli prega av mange år med levd liv. Det hadde vore fint om eg kunne ha skrive det då eg var ti år, då eg var 18 eller då eg var 42, men det kunne eg altså ikkje. Eg måtte bli nesten 72 før eg kunne summere opp kvifor livet mitt på mange måtar er mykje enklare no enn det det var då eg var ti år, då eg var 18 og då eg var 42. 

(Eg pyntar opp med nokre bilete av seinhausten på Ål som framleis er snøfri og ganske mild.)

Då eg var jentunge, ynskte eg ofte at det, det eller det skulle hende, for då kom alt til å bli så bra. Eg la ynske om det eine og det andre inn i kveldsbøna mi og håpa at Gud skulle ordne opp for meg. Dersom eg var ute og gjekk, leika eg tullete tankeleikar som kunne vera omtrent slik: Dersom eg møter fleire enn to menneske på spark før eg har nådd toppen av bakken, då … Av og til handla det om slikt som ein vaksen vil kalle uviktig småtteri, men som oftast var det slett ikkje berre tull og tøys dette dreidde seg om, men om sjølve livet til ei lita skulejente som ville leike, vera glad og bli likt.

Det er ikkje berre småjenter som har det slik. Dei fleste eg kjenner har vore eller er opptekne av å bli godt likt av kollegaer, naboar og av folk ein møter. Eg veit at eg har blitt lei meg når eg har forstått det slik at personar eg har møtt slett ikkje har sett pris på at eg var til stades. No veit eg at dette ikkje er så farleg. No veit eg at eg ikkje treng å nytte korkje tid eller ressursar på å «please» folk som ikkje likar meg. Eg likar jo heller ikkje alle, så kvifor skal alle like meg?

Ein konsekvens av dette er også at eg har slutta å bli skuffa dersom eg ikkje får støtte frå folk eg kjenner når eg fortel om ein plan, om noko eg har bestemt meg for eller om eit eller anna som er under arbeid. Eg har derimot opplevd at støtta kan koma frå heilt uventa stader og på uventa tidspunkt. Denne erfaringa gjer at eg bortimot har slutta å fortelje om alt mogeleg til folk, – sjølv om eg i utgangspunktet stolar på dei. Eg måtte bli ei litt gammal dame før eg fann ut at den eg må stole mest på, er meg sjølv.

Eg har alltid vore ei som har bekymra seg for mykje.
På eit leiarkurs for svært mange år sidan fortalde ein forelesar at det som skapar trøbbel på jobben, er anten eit problem eller ei oppgåve. Eit problem er noko som er uløyseleg og som me difor ikkje kan gjera noko med. Slike problem skal me snakke skikkeleg om ein gong og så sluttar me å snakke om dei. Ei oppgåve derimot, – den må me jobbe for å få løyst eller utført. Då nyttar det ikkje berre med prat, – etter praten må det innsats til. 

Fyrst no, mange år etterpå, har eg forstått at slik er det ikkje berre på jobb, – slik er det også i sjølve livet. Eg prøver no å la problema ligge og tek heller fatt i oppgåvene. No, når eg ikkje har den same arbeidskapasiteten, har eg byrja å leva etter forelesaren si oppskrift, for det er jo idiotisk å bekymre seg for slikt som er utanfor eigen kontroll. Eg har lært meg å spørje meg sjølv: Er dette noko eg kan gjera noko med? Dersom svaret er «nei», så prøver eg verkeleg å legge det vekk. Eg prøver la vera å klage over problema og konsentrerer meg heller om oppgåvene. Dette gjer meg gladare og eg får betre tid til å stå i det til oppgåva er løyst.

Eg skulle ynskje at eg tidlegare verkeleg hadde trudd på og tatt innover meg at alt er i endring. Heile tida. Det hadde jo også vore kjekt å vite at eg ville koma til å tåle alt det livet hadde å by på, – både dei fantastiske toppane og dei bekmørke botnane, – og at eg, som litt gammal dame, ville koma til å kjenne på den styrken livet har gitt meg, – men er kanskje det å eldast og erfare livets gang sjølve poenget?

Må me bli litt gamle for å vite at det er viktig å prøve å ha det fint akkurat slik det er her og no? … at me faktisk kan velje å vera glade heilt utan grunn? Eg måtte bli nesten 72 for å tru såpass på det at eg kunne skrive at no veit eg faktisk at det er slik det er.

Her kjem lista mi:
Ikkje bruk tid og energi på folk som ikkje likar deg
Det er idiotisk å bekymre seg for ting som er utanfor eigen kontroll
Den du må stole mest på, er deg sjølv
Stå i det til det er gjort
Vel å vera glad heilt utan grunn


Eg har alltid hatt «Ver snill» som eit punkt på lista mi, – men det punktet vil eg problematisere litt i neste blogg.


Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar